Dette tenkte Tor-Evert aldri ville skje
No spirer kjærleiken på ein høgdegard i Valdres.
Mai 2019: To år hadde gått sidan Tor-Evert G. Johansen flytta inn på den ubebuelege høgdegarden på Øvre Brekkebakkane i Valdres – utan pengar, innlagt straum, kloakk og vatn.
Håpet hadde vore at det kunne bli ein heim, ein heim for to, og kanskje fleire. Men etter kvart hadde han likevel byrja å tenkja at han kom til å bli ein del av statistikken over einslege menn i Bygde-Noreg.
For i løpet av det siste året hadde 38-åringen kome til eit punkt, der han innsåg at han kom til å bli verande på Øvre Brekkebakkane, åleine.
Utan ei å dela den tunge gjenreisinga med. Ei som kunne ha drege han ned og jorda han, kvar gong draumane dreiv han vidt av garde og fekk han til setja i gang fleire og større prosjekt på garden enn det han hadde krefter på eiga hand.
Ei som kunne vera der med han når mørket og kulda trengde seg inn i rommet på låven når han helst hadde lyst til å rømma frå alt som var vanskeleg, slik han hadde gjort mange gonger før.
Eit «ulovleg» kyss
Klok av kulde og mørke reiste Tor-Evert i januar frå garden, for å arbeida som frivillig på eit meditasjonssenter i Östergötland, midt mellom Stockholm og Göteborg. Men denne gongen var det inga flukt frå det vanskelege, slik det hadde vore vinteren i førevegen.
HUSTRIG FRUKOST: Tor-Evert budde hausten 2018 i eit Glava-isolert telt medan han bygde seg ein varm heim til den kalde vinteren. Det tærde på motivasjonen å laga havregraut i minus åtte grader dag etter dag.
Foto: Ole André Rekkedal / NRKMen i år var det annleis. Sjølv om han også denne vinteren hadde reist frå garden, skulle han ha klart å leva der, òg i den mørke tida. Men for å vera sikker på at han ikkje gjekk på den same smellen som vinteren i fjor, hadde han meldt seg som frivillig på meditasjonssenteret like ved Sveriges nest største innsjø Vättern.
Til dette meditasjonssenteret var det fleire som var komne for å arbeida frivillig. Ei av dei var 29 år gamle Line Raunkjær frå Sønderborg sør i Danmark.
PÅ MEDITASJONSSENTERET: Line Raunkjær reiste til Sverige for å meditera og finna ut av ting, ikkje for å finna seg ein mann.
Foto: PrivatI 2018 var ho ferdig utdanna prosessingeniør, kunne ha byrja i ein flott jobb med ei god inntekt, og var i ein alder der mange jamaldringar kjøpte seg hus og bil og kanskje stifta familie. Men Line var ikkje der.
I staden bestemte ho seg for å reisa til Asia og å arbeida som frivillig og driva med yoga og meditasjon. Ho var vekke i eit og eit halvt år, fekk malaysisk kjærast, budde med han ei stund, før ho kom heim i fjor sommar.
I november kom kjærasten etter til Danmark, i desember slo Line opp, og i tida etter gjekk ho gjennom mykje inni seg: Kva skulle ho gjera med livet sitt? Det var ei kjensleforvirra kvinne som kom til meditasjonssenteret ved Vättern.
Staden var som eit kloster. Det var strengt. Kvinner og menn levde skilde frå kvarandre.
Men kanskje hamnar du i den same bilen som ein av det andre kjønnet. For eksempel når du skal bli køyrd til ein busstopp. Og så merkar du at det er eitt eller anna der.
– Bilturen til den busstoppen var den fyrste gongen eg verkeleg la merke til han, minnest Line.
Turen tok berre ti minuttar, men det var ein verkeleg god samtale.
– Måten me snakka saman på, var så naturleg. Han fortalde om Øvre Brekkebakkane, og eg blei fascinert av gjenreisinga. Men det var berre ti minuttar. Og det var jo ikkje difor eg var komen til Sverige, for å finna ein mann. Eg var komen for å meditera og utvikla meg på den måten, finna ut av ting.
FASCINERT: Det enkle livet til Tor-Evert på Øvre Brekkebakkane tykte Line høyrdest «heilt fantastisk ut».
Foto: Torje Bjellaas / NRKLike fullt skjedde det, i det stille. Dei to byrja å halda auge med kvarandre. Men enkelt var det ikkje, for begge visste at slikt ikkje skulle skje på senteret. Det passa seg ikkje. Det var ikkje lov.
Senteret hadde ei leilegheit i den næraste byen som dei frivillige kunne bruka for å koma seg ut av meditasjonsbobla. Der hadde Line og Tor-Evert møttest nokre gonger, når ho skulle ta over leilegheita etter han, eller han etter henne.
Og ein torsdag midt i mars, då Line kom tilbake frå ein tur hjå vener i København, var Tor-Evert i leilegheita.
Dei to gjekk ein tur gjennom skogen, dei enda ved vatnet, dei bada, og etterpå skjedde det som kan skje når ei ung kvinne frå Danmark og ein ung mann frå Noreg set seg på ein stubbe i ein skog i Sverige, og han seier søte ting til henne medan han kjem nærare og nærare og nærare henne.
SKOGSKYSSET: Etter eit bad i innsjøen enda Line og Tor-Evert på ein stubbe i denne svenske skogen.
Foto: PrivatDet var «dejligt»
I denne tida hadde eit virus spreidd seg frå Kina og til resten av verda. Og no hadde det også kome til Sverige, heilt inn til skogen der Tor-Evert og Line sat på stubben tett inntil kvarandre og kyssa for fyrste gong.
– Laurdagen etter ringde Tor-Evert. Han hadde fått symptom på det som truleg var korona. Helsestyresmaktene trudde han var smitta og sende han to veker i karantene. Sidan me hadde kyssa den dagen, måtte eg gå i karantenen saman med han, i ei 20 kvadratmeter stor leilegheit i ein liten by i Sverige. Det kan vel kallast «extreme corona dating», ler Line.
KORONA-KJÆRASTAR: To dagar etter det fyrste kysset måtte Tor-Evert og Line i karantene, saman.
Foto: PrivatFor mange koronasmitta har vekene i isolasjon vore ubehagelege, for nokre skremmande. For Line, som berre hadde milde symptom, var det «dejligt»:
– Det var heilt vilt. Heilt naturleg. Det var så enkelt å vera saman med han.
Dei hyggja seg, snakka, og dagane berre gjekk.
– Det var fantastisk. Me blei så godt kjende. Kvar dag stilte me kvarandre grunnleggjande spørsmål, som kva du likar i livet, kvar har du lyst til å leva, og kva har du lyst å gjera med livet. Me fann ut at sjølv om me er forskjellige, er det ein djupare kontakt mellom oss, fortel Tor-Evert.
Det var mykje koronakjærleikshumor i løpet av dei 14 dagane i leilegheita. For Tor-Evert blei det også litt alvor. Han kjende det godt i lungene, og ein dag var spesielt krevjande. Då måtte han hiva etter pusten.
– Eg byrja å tenkja på at eg måtte skriva testamentet. Eg skreiv ned nokre telefonnummer viss noko skulle skje. Men heldigvis gjekk det raskt over.
Etter den intense to-vekers-karantenen skulle eigentleg Line til Myanmar for å meditera. Men dit kom ho aldri. Tor-Evert prøvde å lokka henne til Øvre Brekkebakkane. Og Line var ikkje vanskeleg å overtala.
Men å koma seg til Noreg var ikkje beinkløyvd. Den norsk-svenske grensa var blitt stengd, så Line og Tor-Evert sat no fast i Sverige.
Dei diskuterte ulike løysingar for å få henne inn i Noreg: Giftarmål? Nei, dei var kanskje ikkje heilt der enno.
Utedo og isfrosen vasslange
Det er føremiddag, ein dag i mai. Tor-Evert står i bratta over låven, bøygd over ein furustokk med borkespaden i nevane, og i fullt driv med å gjera klar det som skal bli botnsvilla til det nye våningshuset.
GJENREISING I BRATTA: Tor-Evert G. Johansen barkar det som skal bli botnsvilla i det nye våningshuset. Målet er å få opp ytterveggane og taket i løpet av 2020. Går alt bra, kan han flytta ut av låven neste år.
Foto: Torje Bjellaas / NRKDen utrasa muren er snart bygd opp att, og om ikkje mange vekene skal det fyrste omfaret med laftetømmer på våningshuset leggjast. Går arbeidet etter planen, så har Evert eit håp om å få lagt skifertaket på den nye heimen før jul.
Innimellom draga med borkespaden kikar han opp. Ser liksom etter noko. Og der borte får han auge på det han ser etter.
Ei lys flette, ei strikkejakke og to raude bøtter som heng frå ein vass-sele, på veg bort til elva for å fyllast med vatn.
Det hadde blitt mange søk på internett, og mykje fram og tilbake då dei var i koronakarantenen i Sverige. Til slutt fann Tor-Evert ut at landbruksarbeidarar slapp inn, for Noreg trong arbeidskraft i jordbruket. Og Tor-Evert hadde jo gard.
Så då tilsette han Line som grønsakdyrkar på småbruket i Valdres.
MED ANSVAR FOR TOMATANE: På Øvre Brekkebakkane har Line funne eit liv ho har leita lenge etter å leva.
Foto: Torje Bjellaas / NRK– Me tøygde strikken kanskje litt langt. Grønsaker skal me dyrka, så me følgde reglane, men det hadde kanskje vore meir effektivt for å sikra matforsyninga i landet at Line arbeidde hjå ein storbonde som produserte tusenvis av agurkar, seier Tor-Evert.
– Men eg har no alltid hatt lyst å dyrka jorda her, og no startar me eit par år før eg hadde tenkt, for at eg kunne få med meg Line til Øvre Brekkebakkane.
Utstyrt med ein underskriven arbeidskontrakt kunne ingeniøren frå Danmark passera grensa saman med småbrukaren sin, og ein dag tidleg i april kom dei to til Øvre Brekkebakkane saman for fyrste gong.
Seks veker etter var dei altså her, i det nye riket sitt og sådde jorda. Vårkvelden var lys av groe. Kanskje var det dette dei drøymde om kvar på sine kant, å vera saman og gjera klar ei rad der tomatplanter skulle plantast berre nattefrosten slapp taket.
Inne det provisoriske drivhuset av byggjeplast og teltstenger som bindingsverk står småbrukaren og ho med hovudansvar for grønsakene og diskuterer oppal av tomatar.
VÅRKVELD I HAGEN: Det Glava-isolerte teltet, som Tor-Evert budde i den fyrste kalde hausten i 2018, har fått nytt liv som drivhus.
Foto: Torje Bjellaas / NRK– Det er både angstframkallande og megaspennande, seier Line og ler.
– Tor-Evert kan det teoretiske etter at han gjekk på jordbruksskulen, men eg har inga erfaring.
– Me må berre prøva det ut og bli kjent med plassen her. Blir det ein fiasko, har me like fullt lært noko, seier Tor-Evert.
Men Line klagar ikkje.
– Det har vore «dejligt» – heilt unaturleg naturleg. På ein måte føler eg meg heilt heime i livet her oppe. Sjølvsagt har me hatt ting me har måtta snakka om. Me har trass alt vore saman 24 timar i døgnet, sju dagar i veka sidan midten av mars. Og me har nettopp møtt kvarandre og skal læra kvarandre å kjenna. Men i det store og heile har det vore storveges.
KORONAKJÆRLEIK: Line og Evert feirar at muren til våningshuset er komen opp med ein av tørrmurar Emil Beitland sine slåttar på langeleik.
Foto: Torje Bjellaas / NRKMen kvardagen er ikkje berre enkel på eit tungdrive småbruk som Øvre Brekkebakkane. Å læra seg grønsakdyrking er ein ting, å læra seg livet på ein høgdegard med utedo og isfrosen vasslange på tunet er noko anna. Dei daglege gjeremåla tek tid, og dei er gjerne tunge, sjølv for ein sterk og sprek 29-åring.
– Det tek ti minuttar å henta 20 liter vatn i bekken. Så når du står på kjøkenet, tenkjer du over korleis du brukar vatnet ditt. Du brukar det opp att så mange gonger du kan.
Men det at kvardagen er fysisk krevjande, likar ho.
– Det er ingen betre måte å slutta dagen på enn å kjenna at du er sliten i kroppen etter arbeid. Så kan du leggja deg til fuglekvitter, og neste dag står du opp att til fuglekvitter. Og når du går på utedoen, er det berre ein fantastisk utsikt sørover Valdres-dalføret.
Hjarta, det er her
Line reiste jorda rundt, men kanskje har ho funne noko av det ho leita etter under fjerne himmelstrok, her på Øvre Brekkebakkane.
– Denne plassen stemmer overeins med verdiane mine og det eg har vore på leit etter. Utover at det også er ein fantastisk mann her.
For Tor-Evert har Line gitt plassen ein annan farge. Han har fått nokon å dela gjenreisinga av Øvre Brekkebakkane med. I tillegg har han fått ein realist i tunet.
– Eg er drøymaren, du er ho som får ting gjort, seier Tor-Evert.
Han kikar bort på Line.
– Du flyg, du flyg, og eg trekkjer deg ned, svarar ho.
– Eg visste ikkje at eg trengde ein prosessingeniør i livet mitt, ler Tor-Evert.
DER HJARTA VIL VERA: På Øvre Brekkebakkane deler Line og Tor-Evert ønsket om å vera til stades i eige liv og eigne gjeremål.
Foto: Torje Bjellaas / NRKLine skulle eigentleg utdanna seg til friluftsrettleiar i København til hausten. Men det studiet blir det ikkje noko av.
– Eg skal vera her. Akkurat no er det berre det som gir meining. Eg kan ikkje alltid vera så praktisk, strukturert og ingeniør-aktig. No følgjer eg hjarta, og hjarta, det er her.
Tor-Evert hadde tenkt at dette aldri kom til å henda. At han skulle finna seg ei «litt på kanten» som han sjølv, ei som ville leva det enkle livet som han ønskte, og det attpåtil på eit falleferdig småbruk høgt oppe i ei li i Valdres.
For ein mann som har streva så mykje på Øvre Brekkebakkane, åleine, er det nesten ikkje til å tru:
– Line datt inn i livet mitt på den merkelegaste måten. Eg drog til Sverige og møtte ei dansk jente. Det er berre eit vakkert skandinavisk eventyr.
Sjå episoden om korleis Tor-Evert G. Johansen klarte seg på Øvre Brekkebakkane i den fyrste tida:
TV-PROGRAM: Den forfalne høgdegarden i Valdres var rekna som ubebueleg for folk. Her kjempa Tor-Evert G. Johansen for å skapa seg ein varm og musefri heim til jul.