Porten til Heimdalstrand
Foto: Åsta Urdal / Privat

Nytt liv i bortgøymd kulturskatt

Lekker, lys, moderne og tiltalande. Eventuelt sjarmerande med god beliggenhet. Annonsetekstane renn over av delikate klisjear og lovnader om noko unikt, men ein sjeldan gong er det faktisk det - heilt unikt.

Helga Normann Leknes, ei norskætta ballerina frå Berlin, døydde i 1987. I september 2015 vart den heilt spesielle eigedomen ho let etter seg i kunstbygda Balestrand taksert til skarve 900 000kr.

Heimdalstrand

HEIMDALSTRAND

Foto: Privat

Drakar og ormar vaktar dørene, og slepp du forbi desse går du rett inn i folkeeventyra. Pastorahuset, kalla balestrendingane det, men over verandaen står det skore i store, skarpe, raude bokstavar; Heimdalstrand.

I ein overgrodd hage langs Esestranda kunne du i fjor få eit glimt av den vesle tømmervillaen. Naturen gjorde sitt beste for å skjule skatten som etter eit par arveoppgjer vart ståande tom- til frustrasjon og fascinasjon for bygdefolk og tilreisande.

Men no er Elisabeth Tonheim her med gravemaskiner, kitt og arbeidsfolk.

– Dette er skikkeleg handverk, altså!

TØRRMURING

TØRRMUR: Ove Kyte og Haakon Aase plukkar frå kvarandre den falleferdige muren, formar steinane og set dei på plass. Dei byggjer muren med huset oppå.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Ho står på verandaen med utsikt rett ut mot eirgrøne Esefjorden, og vinkar ned til arbeidskarane under oss. Tida har ete på huset ho og mannen Tor Mjelstad kjøpte i fjor. Den gamle grunnmuren bular etter årvisse omgangar med vatn og is, og må rettast opp -med huset oppå. Tørrmurarane Haakon Aase og Ove Kyte høgg til kvar enkelt stein med hammar og meisel og passar kvar bit inn i puslespelet.

Under arbeidet med å drenere den bratte tomta dukka det opp stengde brønnar både innomhus og i hagen, men no er 250 meter rør lagt i jorda for å føre veta på fjorden.

– Vi fyller på, flirer Tonheim, og fortel om elva dei fann i muren og gravemaskinføraren som sa det var den verste tomta han nokon sinne hadde vore på.

Arlen Bidne

ARLEN BIDNE: Rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Privat

Ho har måling i håret, grønske på knea og stjerner i augo.

Sidan tidleg vår har Tonheim vore her og ordna opp i ein våt vestlandsjungel der klatreplantar stadig sneik seg høgre på dei brunbeisa veggane. No er over 200 bregnebuskar rivne opp og den eigenrådige eføyen har knela. Alt som står att i den blaute molda er to skeive epletre og ein dolme*. Eit litt stakkarsleg syn, men eit prov om endring.

Freding

– Vi fekk ein telefon for ei stund sidan, i januar 2015. Det var Anna Hatlem som ringde. Ho var uroa for huset, redd det skulle gå tapt, fortel Arlen Bidne, rådgjevar i Næring og kultur hos Fylkeskommunen Sogn og Fjordane.

UTSYN
Foto: Åsta Urdal / NRK

Hatlem var ei av få balestrendingar som hadde vore ven med Helga Normann, og ho kjende både huset og historia godt.

Porten til Heimdalstrand

LITE BESØKT: Slik såg ingangen til Heimdalstrand ut for nokre månadar sidan.

Foto: Åsta Urdal / Privat

– Ho hadde mykje å fortelje, og ut ifrå samtalen vår fann eg nokre bilete på nettet. Eg såg den spesielle dekoren og byrja å nyste opp i om dette var godt bevart.

Bidne vart overraska.

– Det vi fann var eit hus av nasjonal verdi. Heimdalstrand er ei kjelde til kunnskap om den tida huset vart bygd, historia til Balestrand som kunstnarkoloni og starten på reiselivet i fjordnoreg. Det har i stor grad fått stå uendra, det er spesielt godt bevart. I denne samanhengen tyder det få, eller ingen endringar. Gamle overflater og originale planløysingar.

Den tekniske tilstanden er eit anna kapittel.

– Vi fekk tilgang til huset og kontakta eigar sin advokat og meklar då han skulle selje. Fylkeskommunen varsla fredingssak, ein prosess som tek lang tid, men her måtte vi komme i gong raskt. Freding er lik eit hefte så det var viktig at dei som kjøpte visste kva dei fekk- at det ikkje vart ei overrasking.

Kunstnarkolonien

Heimdalstrand

WILSE: Den kjende fotografen dokumenterte mykje av livet i si samtid, også i Esefjorden. Her ligg keisarskipet Hohenzollern mitt i syninga til Heimdalstrand.

Foto: Anders Beer Wilse

Kring slutten av 1800 talet var Balestrand ein kunstnarkoloni; dei kom hit for å male dei stupbrattefjella og den grøne fjorden. Nasjonalromantikken var den rådande retninga, og reiselivet i fjordnoreg var så pop at sjølvaste Keisar Wilhelm II var fast sommargjest. Turist og kunstnar levde i ein symbiose som kjøpar og seljar, og etter kvart fekk den vesle bygda ved Sognefjorden så mange flotte kunstnarbustadar at dei i dag har sin eigen Villavegen.

Sommargjestene bygde i alt anna enn den lokale byggeskikken, og stilvala strakk seg frå jugent-, via sveitser- til empirestil. Mest utbreidd var likevel drakestilen. Komplekse bygningskroppar malt i raudt med dragar som strekk hals på møna, levert frå Olav Digres ferdighusfabrikk i Trøndelag.

Eigarane var velståande folk frå inn og utland, keisaren sin hoffotograf frå Berlin, og kjende kunstmålarar som Hans Dahl (1849-1937) og Eilert Adelsteen Normann (1848-1918). Sistnemnde var far til målarinna Emma Pastor Normann, og morfar til Helga Normann Leknes. Det var etter at far og dotter rauk uklare då han gifte seg opp att, at Emma og mannen Willy Pastor bygde sitt eige sommarhus i Balestrand.

ESEFJORD

FREDLEG: Det var mykje liv i balestrand på starten av 1900- talet, berre litt lenger inne i Esefjorden var det stillare. Om du samanliknar med det andre bilete frå Wilse ser du at Heimdalsrand har forkasta torvtaket.

Foto: Anders Beer Wilse

– Heimdalstrand sto ferdig i 1910 og er det sist bygde av husa i drakestil. Det ligg eit lite stykke unna dei andre og skil seg frå dei meir prangande husa. Kroppen er firkanta, brunbeisa og i staden for drakehovud på møna har huset sirleg utskore gavlstykke måla i kraftige fargar. Emma skal sjølv ha teikna både huset og dekoren, fortel Bidne.

Med kniv i handa

BARRE

BARRE: Ei prima ballerina må øve, også i sommarferien. I denne stova øvde Helga Normann medan mora Emma spelte på klaveret. Fylkets første barre?

Foto: Åsta Urdal / nrk

Det er den kjende treskjeraren Ivar Høyvik som har stått for utskjeringane i huset. Han er mest kjend for den staselege Høyvik-salen på Kvikne Hotell, og utan om den må Heimdalstrand sjåast som hans hovudverk. Ikkje berre ute har han brukt kniven, men også inne i dei fire stovene er det gjennomført drakestil.

Både fast og laust har fått ein omgang, og dørkarmar, gelender, hyller og stolbein er smykka med valknutar, skapningar som bit seg i halen og andre symbol som høyrde tida til.

– Etter at Emma skilde seg frå Pastor hadde ho nok ikkje så mykje å rutte med, men ho tente pengar på å måle postkort og lage suvenirar som ho selde frå stabburet i hagen. Truleg har dekoren kome til litt etter litt som ho har hatt råd, seier huseigar Tonheim.

Ho viser veg i små, mørke stover, gjennom sukkande dører, over knakande golv. Ein liten barre på ein vegg fortel om dansarinna Helga som må øve sjølv i sommarferien, og boksamlinga fortel soga om Frithjof den frøkne. Rokken i kroken var truleg ein rekvisitt Emma brukte når ho malte modellar i bunad framom grua, grua som i dag er tetta for trekken og fylt med kubbelys.

– Det er litt rått her inne, men tenner du mange nok av desse hjelper det litt.

Lys i grua

FYR I GRUA: Å fyre opp her er lite tenleg med tanke på mykje røyk og lite varme. Her er eit trivelegare alternativ.

Foto: Åsta Urdal / NRK
Frithiofs Sage

FRITHJOFS SAGE: Inspirasjon til nasjonalromantisk kunst fans i norrøn mytologi og gamle soger. Tegner si historie om Frithjof den frøkne er ein klassikar i bokhylla.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Tonheim er ei kreativ, sprudlande dame med arbeidsnevar og ein pakke snus ho gløymer å gøyme når vi skal fotografere. Ho lagar kunst av det andre ser på som skrot og elskar gamle, skakke hus. Ho og Mjelstad har alt vore gjennom ein prosess med å sette i stand eit gamalt bygg; heimen deira på Lindås var i følgje henne i verre forfatning enn det Heimdalstand er, men dei har jobba seg gjennom det, rom for rom.

Skiftande utsikt

– Eg ser ikkje noko meining i å kjøpe eit gamalt hus om du har tenkt å gjere det heilt moderne. Vi har kjøpt eit gamalt hus for å ha eit gamalt hus, og vi er opptekne av å halde det slik. Eigentleg har det berre vore positivt for oss at huset vert freda. No får vi støtte, rettleiing og middlar.

Det er openbart at paret ikkje er redde for å ta i eit tak, og dei satsar på å gjere så mykje dei kan sjølv. Dei leiger inn fagkunnskapen dei ikkje har, og lærer om rett materiale og gamal byggeskikk under vegs. Nett no er Mjelstad med på murararbeidet medan Tonheim restaurerer vindauga.

– Eg er livredd dei skal gå sund, dei er så tynne, sprø og skakke. Dette må vere dei originale glasa og dei er ikkje av beste kvalitet. Eg er kanskje litt sprø eg og, men eg elskar gamle glas og vindauge! Nesten alle har ei boble eller brytingar, og når du ser gjennom dei forandrar utsikta seg litt.

RESTAURERT UTSIKT

RESTAURERT UTSIKT:

Foto: Åsta Urdal / nrk
Ur

UR: Ser du det?

Foto: Åsta Urdal / NRK

Huset er fullt av små særmerkte detaljar og finurlege løysingar. Tonheim viser fram ein liten somarfuggldørhammar av keramikk på ei stovedør, og ei messingugle som varslar besøk på ei anna. Eit lite system av snorer og bjøller har ringla når potensielle kundar har gått i porten, men kva den digre kubjølla har vore brukt til veit vi ikkje. I den raudmåla gongen som for tida er fylt til randa av Bosch, skruar, kitt og arbeidsklede heng ei lampe med sju små dvergar, måla av Emma sjølv, og på veggen eit veldig lite veggur. Knappe fem centimeter tippar vi.

– Då Emma var ung forelska ho seg i den lovande målaren Gunnar Berg. Han gjekk i lære hos mellom anna far hennar og budde ei tid saman med dei i Düsseldorf. Men så fekk han kreft, og ho vart sittande ved sjukesenga hans. Då han døydde skal uret heime hos Emma ha stogga, og sidan då hadde ho eit spesielt forhold til gaukur.

Tonheim syner fram eit eksemplar, av den vaksne sorten, med kongleforma lodd på to kilo kvar. Det tikkar fint, men den vesle blå gauken har gitt seg.

– Eg får sjå om eg får vekka han til liv, seier Tonheim.

Vaktaren

blå gauk

BLÅFUGL: Med litt omsorg vert det kanskje liv uret.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Herre min hatt, tenk om det hadde kome ein idiot som ikkje hadde greie på hus! Det hadde vore tragisk, for Heimdalstrand er einaste av sorten, utbryt ein teknisk teiknar i andre enden av røret. Ho har drive arkitektkontor med mann og born i Tyskland, og sit i ein raud og kvit sveitservilla i tidlegare nemnde Villavegen.

Jorunn Eitungjerde von der Leyen er fødd og oppvaksen i Balestrand, og har vore omvisar i bygda sidan ho var tenåring. No har ho passert 60, og det ho ikkje veit om kunstnarar, hus og historie på denne staden er ikkje verdt å vite. I tillegg har ho eit personleg forhold til akkurat Heimdalstand.

PÅ DO

KUNSTBYGDA: Elisabeth Tonheim er ikkje så glad i å bli tatt bilde av, men om ho først må set ho seg gjerne på do. Så får ho vist fram det vesle kottet og.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Eg kjende Helga frå eg var lita, og eg har sett etter huset i meir enn 25 år for nevøane hennar Nils og Egil Pastor. Eg kjende dei to godt, dei var glade i tantearven sin, men dei var vanlege arbeidarar. Fattigdom er den beste konservatoren, seier Von der Leyen.

Nils besøkte Heimdalstrand mange gonger aleine, og Von der Leyen sin familie var velkomne til å bruke huset. Han vart etter kvart gamal og gløymsk, og då han døydde for 3-4 år sidan hamna huset i andre hender. Sidan vart det ståande aleine.

– Vi er fleire som har trekt i trådar for å få huset freda. Det som er viktig for meg er at det vert eit kulturminne, at ein ikkje får lov å øydelegge det.

Helst skulle ho sett at huset kom under det nyleg opna Reiselivsmuseet i Balestrand, men Tonheim og Mjelstad er eit godt alternativ.

Heimdalstrand
Foto: Åsta Urdal / NRK

Søkjer foto

PYTT-PYTT: Det har vore ein våt sommar.

PYTT-PYTT: Det har vore ein våt sommar.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Tonheim vil lage ein vegg med bilete og historier om Emma, Helga og Ivar Høyvik. Ho samlar på alt ho høyrer. På ei berbar maskin syner ho oss bileta ho har sanka saman frå Folkemuseet og bygdefolk; svart/kvitt foto frå då huset var nytt og keisarskipet Hohenzollern låg midt i utsikta, fleire av Helga i dramatiske positurar, men Emma? Berre eit uklårt gruppebilete på trappa til faren. Kvit ring rundt dama i prikkete kjole, men det er uråd å skilje trekka i andletet.

Emma Normann var fødd i Düsseldorf i 1871, der far hennar, nordlendingen Eilert Adelsteen Normann, var ein anerkjent kunstmålar. Ho gjekk i lære hos han og vart ei dyktig målarinne. Ho vart gift med Willy Pastor, ein på den tida kjent, tysk etnolog og skribent med utprega interesse for den fellesgermanske kulturarven.

SOMMARFUGL

SOMMARFUGL: Kanskje ikkje det første ein tenkjer å lage ein dørhammar av?

Foto: Åsta Urdal / NRK

Emma målte store oljemåleri med vakre bunadsjenter makeleg hengande over ei hes eller med armane fulle av blomar, motivval ikkje så ulike dei av meir kjende Hans Dahl. Ho fekk gode attestar som illustratør, og synte seg allsidig når ho vov og laga suvenirar. Postkort, løvsagarbeid, målte korger, skrin, skilt og porselen selde ho frå det vesle stabburet om somrane. Men alt dette fagre, nasjonalromantiske må ha stått i kontrast til den dystre framtoningen hennar.

Heimdalstrand, altertavla i den engelske kyrkja i Balestrand

BLOMEHAV: Den vakre altartavla i den angelikanske St. Olafs kyrkja i Balestrand er Emma Normann sitt verk. Liljer og tusenfryd omkransar Jesus. Inspirasjon til tredelinga av maleriet fann ho kan hende i Gunnar Berg sitt verk 'Trollfjordslaget'.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Det vart ikkje noko ordentleg ekteskap mellom Willy Pastor og Emma, seier Von der Leyen.

Ho har ikkje møtt nokon av dei, men fortel det ho veit.

– Emma gifta seg fordi ho måtte. Den avdøde ungdomskjærasten slapp ikkje taket og ho gjekk svartkledd gjennom livet. Willy reiste til Lofoten for snakke med foreldra til Gunnar Berg, og skreiv til slutt boka «Den andre».

Sett med dagens auge er det ikkje overraskande at dei to vart skilde, men før den tid rakk Emma å illustrere fleire av bøkene hans og dei fekk to born; Helga og Eilert.

Smidige byråkratar

Linda Veiby

LINDA L. VEIBY: Seksjonssjef for vern og utvikling av bygningar og grøntanlegg, Riksantikvaren.

Foto: MIKAEL SJÖBERG

Anlegg knytt til reiseliv er eit prioritert område i Riksantikvarens fredningsstrategi, og det er ein av mange grunnar som ligg på vekta når Heimdalstrand vert freda.

– Så langt vi veit finns det ikkje andre slike anlegg, i same stand, som på tilsvarande måte kan representere denne historia, seier Linda L. Veiby hos Riksantikvaren.

Freding skal sikre eit representativt utval kulturminne, med ulike kvalitetar, og dei må sikrast ei forutseieleg framtid.

- I Noreg er det i dag freda kring 3400 privat eigde bygg. Ein finn dei på alt frå herregardar til husmannsplassar, og dei omfattar ulike typar bygg. Av desse nærare 800 bustadhus, og nokre av dei er kunstnarbustadar. Mellom anna er husa til Arne Garborg, Harald Sæverud og Edvard Munch freda. Desse bygga har svært ulik karakter, og Heimdalstrand skil seg frå desse igjen. Med ein utprega nasjonal dekor er Heimdalstrand særleg lesbart som ein heim for kunstnarar frå den perioden vi kallar nasjonalromantikken.

I følgje Linda er eigarar i dag stort sett positive til freding, slik som Tonheim og Mjelstad. – Det har vore fredingsarbeid i Noreg sidan 1923, under skiftande lovverk og forvaltningspraksis. Då har, naturleg nok, haldningane til eigarane endra seg i takt med desse. I dag er det å verte einig med eigarane eit svært viktig omsyn å ta for Riksantikvaren.

HELSING FRÅ NOREG

INGEBORG: Ser over til Vangsnes der hennar kjære Fridtjov den Frøkne står. Signert Emma Normann.

Foto: Eigar: Klaus Einar Thue

Arlen Bidne hos fylkeskommunen er samd og fortel at det derfor er viktig for dei å vere med tidleg i ei fredingssak. Då kan dei vere smidige og finne balansepunktet mellom kulturhistoriske verdiar og at eigar kan bruke huset.

– Husa vert ikkje noko museum berre det er freda, det er eigaren sitt. Vi legg oss ikkje opp i kva folk brukar dei til, det vi tenkjer på er tiltak. Når det er sagt, let planane til Tonheim og Mjelstad seg lett kombinere med freding, og det gler oss at dei vil opne opp og dele dette med andre.

På privaten

– Nehei, vi skal ikkje bu her! Vi har hus på Lindås, vi. Tanken er at huset skal vere ope, at vi kan gå i spann med ulike aktørar i Balestrand slik at dei kan bruke det. Kunstlaget kunne nytte det i ei utstilling, eller om det kom fykande ein yacht så kunne dei få ei spesiell oppleving. Eller det kan bli del av ei kulturløype.

Men skal ho ikkje bruke det til sommarhus ein gong? Ho har for lengst avslørt at det er meir enn huset som knyt ho til staden, at ho sit i diverse styre og stell, at ho kjenner kvar krik og krok, at det var her ho først møtte Mjelstad då dei begge gjekk på Sygna Gymnas.

– Vi kan alltids bu litt i der oppe...

Ja, for det er ei høgd til. Eller ein halv. Ein opning i enden av ei trapp, så bratt at ho mest er ein stige. Drakane klarar ikkje den trappa, og må bli att i stovene.

Bratt trapp

TIL HIMMELS: I enden av dei bratte stega ventar eit heilt anna hus.

Foto: Åsta Urdal / NRK
ELISABETH TONHEIM

ELISABETH TONHEIM

Foto: Åsta Urdal / NRK

Oppe er det mintgrøn pastell. Lyst som ei sommarnatt, men berre eit strøk måling og grove detaljar.

– Sjå her, seier Tonheim og lokkar oss under skråtaket med ein tommestokk i neven.

– Dette er altså ei hylle! Tre centimeter tjukk, cirka 32 centimeter lang. For ei panserhylle, og det bak ei dør og under eit skråtak ... eg får kanskje plass til tannbørsten min der.

Ei gløtt inn på kryploftet langs sida blottar hundrevis av takspikar klare til å angripe den som ikkje er duknakka nok i jakta på koffertar, vatterte kleshengarar og madrassar kledd i 70- talsdrakt.

Stovene er påkosta, men Emma og Helga har spart på privaten. Denne delinga mellom representasjon og privatliv var ikkje uvanleg, men det er uvanleg at det har fått vere slik, at ingen har forandra og forbetra i ettertid. Nok ein grunn til at Heidalstrand bør fredast.

– Det er ikkje vanleg at dei fredar lausøyre, men her har dei skrive opp ei liste over ting som skal med. Det betyr at denne senga, for eksempel, må bli verande her i huset, men eg kan flytte ho.

Tonheim stegar over eit par raude sink bøtter, praktisk plasserte for å fange drypande vatn. Pytt, pytt, seier dei på regnversdagar. Huseigaren pirkar i folien som skal illudere glasmåleri på eine soveromsdøra. Det er ein del som må gjerast, og ho veit ikkje heilt kva det vil koste.

– Då eg sende søknaden til Fylkeskommunen rekna eg med at vi kanskje kunne få eit par hundre tusen i støtte. Då vi fekk til svar 1,5 millionar til huset og 170.000 til stabburet, heldt eg på å svime av.

Ho gjer store auge og ristar på hovudet når ho tenkjer på det. Kanskje strekk det til, monnar gjer det i alle fall.

Skrøpeleg ballerina

Helga Normann Leknes

HELGA NORMANN LEKNES

Foto: Privat

Det loge taket, dei små, boga vindauga mot Esefjorden og dei lyse fargane gjer at det elles sparsommelege rommet ser ut som er eit kammer for små eventyrprinsesser, men her var det vaksne, prinsippfaste kvinner som rådde.

– Helga var streng, seier Von der Leyen.

– Og det måtte ho vel vere for å nå toppen innan dansen. Det nytta ikkje gå der og slenge med beina- det var dressur!

Helga Pastor var fødd i 1902 i Berlin. Også ho målte, men kunsten hennar var dans. Ho vart prima ballerina i operaen i heimbyen, sette opp eigne moderne førestillingar til applaus frå pressa og dreiv danseskule. Under andre verdskrig fall bror hennar tidleg, og då Berlin vart bomba mista ho og mora alt dei eigde. Dei to reiste til Noreg og flytta aldri attende.

– Då dei kom hit hadde balestrendingane steina dekoren på huset. Dei germanske symbola hadde blitt utolelege. Høyvik laga ny og akseptabel dekor, men Emma og Helga vart aldri heilt respekterte i bygda. Dei var berre halvt norske og vart aldri rekna som noko meir enn det., sjølv om dei var her kvar einaste sommar.

Emma og Helga overvintra eit år i Sogn, men dei var nær på å fryse i hel i det uisolerte sommarhuset. Sidan fekk dei leilegheit i Oslo. Helga underviste i kunst, gymnastikk og ballet på ein jenteskule i Oslo, og gifta seg med den norske ingeniøren Leknes, men også det var eit ekteskap utan særleg varme.

– Proforma, seier Von der Leyen, det var aldri noko snakk om han.

Emma døydde i 1954, og vart gravlagd i Vår Frelsers gravlund i Oslo. Helga heldt fram dei årlege turane aleine.

– At ho kom seg over fjellet frå Austlandet i eigen bil var heilt utruleg. Dansen gav ho store skadar i hender, føter og bein, seier Von der Leyen.

Av og til køyrde ho på tur med Helga, ut til Hamrane. Der vart Helga sittande å måle til Von der Leyen plukka ho opp att. Slik er det mange i bygda huskar henne; med pensel og palett på utkikk etter gode motiv langs Sognefjorden. Ho var ikkje like gåverik som mora, men det dugde til suvenirar og kort. Kanskje har du, utan å vite det, både sendt og fått nokre av dei; dansande smånissar rundt ei drammeflaske, eller eit jesusbarn med englar, stjerner og eit ynskje om "glædelig" jul.

Til slutt var Helga så skrøpeleg at ho måtte gje opp for loftstrappa, og fekk laga seg eit værelse i stova med dansebarren. Ein divan ved vindauget og eit heimesnikra skap dekorert med markblomster. Enno heng der kle på hengarane.

– Her heng ein kalender som stogga på august 1987, då Helga døydde. Eg fekk frysningar når eg såg det. Den skal få henge, seier Tonheim.

I lyset frå det store vindauget ser ho mest ut som eit måleri sjølv, med eit tankefullt blikk, rufsete hår og ullgenser i staden for bunad. Snikkarane er her straks og skal ta hand om ròte og husbukk. Tonheim vil bli ferdig før neste sommar og seier det slik at vi skjønar pågangsmot og optimisme vil vere viktige verkty i arbeidet.

VALKNUTE

VALKNUTE: Huset innvendig og utvendig er dekorert av treskjeraren Ivar Høyvik.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Kom inn

– Du må nett sjå stabburet før du fer.

Forbi dei skeive epletrea, gjennom gjørma. Trappa er rast saman, så vi grip tak i dørkarmen og kliv på nokre provisoriske plankar. Innanfor gamle gardiner heng kongen, dronninga og rustne hestesko. Ho har rydda litt, men veit ikkje heilt kva som finst der.

DRAKE

HYLLEDRAKEN: Den høge vergar av diktarkunsten?

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Kva er dette? Seier ho, og held fram noko som må vere ein parasoll spesialtilpassa eit staffeli.

Hovudet ned i ei kiste – Hald desse!– Ein blå målarfrakk og eit par tjukke, gule briller, på Tonheim sin nase. Penslar, biletråmer og gammal papp. Stempel frå Berlin og Bambi-nips i porselen. Støv og notatbøker.

– Då vi kjøpte det gamle huset på Lindås, som heile bygda hadde eit forhold til, venta dei vi kom til å låse døra, men eg inviterer dei inn. For meg er det å gå forbi eit gamalt, falleferdig hus utan å kikke inn, som å sjå ein spennande film der du går glipp av slutten. Kva er det som skjuler seg bak dei støvete vindauga? Kven var det som levde her? Kva er historia?

Tonheim seier med glis og glimt at ho tek utgangspunkt i at alle andre kjenner det på same måten.

– Kjensla av høgtid då dei opna døra til Heimdalstrand og eg fekk snuse inn alt dette som er så autentisk det kan bli; treskurden, minna, spora. Det var enormt tilfredsstillande. Den opplevinga vil eg ikkje ta frå nokon, den vil eg dele.

Heimdalstrand

KOM INN: Grøn dør

Foto: Åsta Urdal