Den hemmelege flyplassen på isbreen

1800 meter over havet ville Hitler bygge sin første isbreflyplass. Unike bilete frå det private kameraet til ein 20-åring, viser det hemmelege prosjektet.

I midten av mars 1940 fekk studenten Robert Pötzl i Bamberg i Sør Tyskland eit brev i postkassa si.

Beskjeden var klar: Han skulle melde seg til militærteneste i løpet av tre dagar.

Fire veker seinare, i midten av april, sat han på eit transporttog fullasta med tyske soldatar. Målet var Skagen i Danmark. Der venta eit skip som skulle ta Robert og soldatkameratane over Skagerak mot Oslo.

Han visste det ikkje då, men Pötzl skulle snart bli med på eit svært spesielt prosjekt på ein norsk isbre.

I dagane etter 9. april 1940 vart stadig fleire okkupasjonssoldatar sette i land i Oslo. Ein av dei var 20 - årige soldaten frå Bamberg.

Robert fekk ikkje vite nokon ting om kva han skulle vere med på i Noreg. I notata sine skriv han at soldatane vart innkvarterte på ein skule i Oslo der dei måtte sove på halm som var strødd utover klasseromsgolvet.

Ein morgon vart dei soldatane som var rekna som gode fjellklatrarar, peika ut til eit hemmeleg oppdrag. Robert var ein av dei – sidan han kom frå det fjellrike området Bayern i Sør-Tyskland.

Med seg hadde han sitt private fotoapparat. Bileta han tok dei neste månadene skulle seinare gi eit unikt innblikk i det topphemmeleg tyske prosjektet på ein norsk isbre.

Robert var ein ivrig hobbyfotograf

– og han prøvde å dokumentere opplevingane sine i Noreg. Av bilda laga han seinare eit album som fortel ei sjeldan historie!

Den 20 år gamle tyske soldaten Robert Pötzl frå Bayern var fjellvan- og var ein av dei som var plukka ut til oppdraget.

Robert si handplukka avdeling var væpna med spader. Ein morgon fekk dei ordre om at dei skulle reise.

Dei fekk ikkje vite kvar dei skulle eller kva oppdraget gjekk ut på. Men avdelinga skulle ta toget mot Bergen. På Finse stasjon fekk dei ordre om å gå av.

Det skulle vise seg å være eit heilt uvanleg oppdrag.

Flyplass på breen - 1800 meter over havet. Det var desse ville planane dei tyske soldatane skulle setje ut i livet.

Alt skulle vere strengt hemmeleg og jobben skulle bli eit voldsomt fysisk slit i kamp med motbakker og naturkrefter.

Oppe på platået var hakke og spade det viktigast dei hadde å hjelpe seg med. Bresprekkene måtte fyllast slik at breen kunne bli landingsbane.

Robert er tilbake. I mai 2017 inviterer NRK den gamle krigar Robert Pötzl tilbake til Finse. Han er blitt 97 år gamal.

Breen ved Finse

Hardangerjøkulen er eit breplatå inst og øvst i Hordaland – på grensa til Buskerud. Høgste punktet ligg på 1860 meter, og breen har eit areal på om lag 70 kvadratkilometer.

Breen ligg i vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet.

Hardangerjøkulen er ikkje vidare lett å nå. Den enklaste måten er om du tek tog til Finse anten frå Oslo eller Bergen til Finse stasjon. Derfrå må ta beina fatt i to og ein halv time.

Og her laga altså tyskarane planar om å bygge ein flyplass med kring 1000 meter flystripe.

Hardangerjøkulen ligg 2,5 timers gange frå stasjonen på Finse. Høgdeforskjellen er 600 meter.

Flyplassbyggjarane fekk etter kvart tilgang til denne farkosten. For å å dra materiala til flyplassbygginga den første etappen over isen på Finsevatnet.

Vidare måtte alt som trongst til flyplassbygginga slepast og slitast av soldatane opp til breplatået.

Omlag 20 velvillege nordmenn var med på å bere.

Bresprekkene skulle fyllast med snø og is og oppå skulle det leggast eit lag tjærepapp. Til slutt eit lag sagflis. Slik skulle ein hindre at "plomberinga" smelta. Dette er Robert si eiga teikning.

600 store sekker med sagflis og hundrevis av meter med tjærepapp vart transportert opp til breplatået.

Men kvifor ville tyskerane ha flyplass på Hardangerjøkulen?

Kvifor flyplass på breen?

Ei av dei største utfordringane tyskarane møtte då dei invaderte Noreg i 1940 var enorme avstandar og få flyplassar.

Det mykje brukte transportflyet Ju 52 og bombeflyet He 111 hadde rekkevidd på frå 1200 til 1400 kilometer. Dette gjorde det umogleg å nå tur/retur til kampane i Nord-Noreg om ein hadde Oslo som utgangspunkt.

Flyplassen på Værnes ved Trondheim vart etter invasjonen bygd ut i ekspressfart, og tyskarane snikra i all hast i hop ei landingsbane av treplank i Hattfjelldal. Men denne vart brukt av mindre fly.

Dei tyske troppane var svært avhengige av å få forsyningar med fly. Dette vart ikkje minst tydeleg for tyskarane under slaget ved Narvik, som varte heilt til juni 1940.

Helst ville tyskarane ha ein infrastruktur som gjorde at dei kunne få støtte frå bombefly og frå fallskjermsoldatar i heile Noreg. I tillegg kunne det bli aktuelt å angripe England via luftvegen frå Noreg.

Med dette som bakteppe var det planane om ein flyplass på platået 1800 meter over havet på Hardangervidda dukka opp.

Ein flyplass i stor høgd for tanking undervegs ville spare mykje brennstoff. Ein ville også sleppe å bruke flybensin på å nå flyhøgde på fleire tusen meter etter å ha fylt tankane.

Og ein isbre ser flat og fin ut – veleigna som landingsplass – sett frå stor høgd.

Då Robert kom til Finse i april 1940 rasa kampane mellom dei allierte og tyskerane ved Narvik

General Eduard Dietl leia dei tyske styrkane under kampane.

Store avstander gjorde at Dietl fekk lite forsyninger og lite flystøtte.

Men generalen fekk ein ide! Han ville gjere det mogleg for fly å etterfylle drivstoff i stor høgde.

Ein flyplass 1800 meter over havet ville spare krigsmakta for store mengder flybensin. Og den kunne kome til nytte om tyske bombefly skulle angripe England.

Å temje breen

Tilbake på Finse i mai 1940 jobba Pötzl si tropp på spreng med å setje flyplassprosjektet ut i livet.

20-åringen sitt fotoalbum fortel detaljar om kva som skjedde på breen denne sommaren.

Med på laget hadde dei breekspertar frå Austerrike og cirka 20 norske hjelparar som arbeidde på spreng for å setje planane ut i livet.

Generaloberst Hans-Jurgen Stumpf, sjef for dei tyske luftstyrkane i Noreg, kom med ein stor stab til Finse for å ta prosjektet i nærare augesyn.

Han likte det han såg.

Men kvardagen for flyplassbyggjarane var beinhard. Krevjande klima og utfordrande terreng å jobbe i. Det skulle snart også vise seg at is var eit upåliteleg materiale å byggje flyplass av.

På breen ved Finse gjorde vind og kulde flyplassbygginga vanskeleg.

Det var krevjande dager for Robert og soldatkameratane.

Ein ung nordmann greidde å buksere eit beltegåande køyretøy opp på breen. Ei bragd, tykte dei tyske soldatane. Dette køyretøyet kunne dra ei maskin som skar is. Den kunne og skubbe is ned i sprekkene.

Det vart etterkvart bygd ei trehytte, verna med ein isvegg som gjorde det mogleg for soldatane å søke ly for uvær.

Nordmenn tok jobben med å bere opp varm mat til soldatane på breen.

Sensurerte brev og hemmeleghald

Ingen hindra Robert i å ta bilde av arbeidet på breen, men prosjektet var stempla strengt hemmeleg.

Når den unge soldaten ville skrive heim til foreldra sine om den eksotiske plassen han var hamna på, vart breva rivne opp og sensurerte.

Vanskane med flyplassbygginga vart ikkje mindre utover hausten 1940. Haust og vintervêr gjorde arbeidet på breen meir og meir utfordrande.

Likevel arbeidde alle mot den store dagen då det første tyske flyet skulle gå inn for landing på Hardangerjøkulen.

Det nærma seg dagen då flystripa skulle testast. Det var gjort klar ei hole under breen der ein kunne lagre flybensin.

Så var tida inne for den første landinga på breen!

Prosjektet vart stogga etter 8 månader. Forholda på breen var tøffare enn dei tyske ingeniørane hadde førestilt seg. Robert Pötzl forlet Finse i desember 1940. Han er framleis stolt av det han var med på i Norge. Han fortsette i soldatteneste på austfronten.

Dette er siste sida i albumet til den tyske okkupasjonssoldaten Robert Pötzl

Noregsvenn eller fiende?

Natt til 18. desember 1940 bomba britane stasjonsområdet på Finse. Det var gjort omfattande skader på bygningane. Kort tid etter vart heile prosjektet skrinlagt.

Det er uvisst om det var det tyske flyplassprosjektet som var målet for bombinga, eller om denne hendinga var avgjerande for at utbygginga på breen vart stogga. Men vinteren 1940/41 var uansett flyplassdraumen over.

Den offisielle historia seier lite om kva som skjedde på Finse i 1940. Berre dei som var der kan gje eit innblikk i dei luftige planane til Hitler og den tyske hæren.

Men tyskarane gav ikkje opp området ved Finse. I 1941 var det bygd ein teststasjon som skulle teste flymotorar under ekstreme vêrforhold.

Robert Pötzl forlèt Finse i desember 1940, og fortsette krigen på austfronten. Etter krigen tenestegjorde Robert som offiser i den vesttyske hæren.

Deretter fekk han jobb i det tyske gasselskapet Ruhrgas, med ansvar for å arrangere representasjonsturar. Mange av turane gjekk til Noreg.

Snart 80 år seinare er Robert 99 år gamal, men minna frå Noreg sit framleis sterkt i.

Robet Pötzl forteller

Han opplevde månadane i Noreg i 1940 som ei fredeleg tid – og at okkupasjonsmakta var velkomen – også til Finse. Den gamle okkupasjonssoldaten ser framleis på seg sjølv som ein stor noregsven.

– Eg tenkte aldri på at eg var her som fiende. Eg opplevde månadane i Noreg i 1940 som ei fredeleg tid. Slik eg såg det var vi velkomne - også til Finse.

Og fotoalbumet til Robert? Det har han donert til hotellet på Finse, der det ligg den dag i dag.

Sjå meir om denne historia i serien «Det umulige landet» i NRK TV:

Vi er et av verdens mest reisende folk - i et av verdens minst framkommelige land. Flere norske ferdselsveier har røtter i krigens råskap.

Vi er et av verdens mest reisende folk - i et av verdens minst framkommelige land. Flere norske ferdselsveier har røtter i krigens råskap.

Kjelder:
Luftfoto Stian Rugsveen.
Arkivbilete frå gettyimages.no, Deutsches Bundesarchiv (German Federal Archive), arkivinordland.no, Gudbrandsdal krigsminnesamling og Robert Pötzl