Hopp til innhold

– Sikkerheita må bli endå betre i framtida enn den er i dag

JØLSTER (NRK): Etter orkanen Dagmar i 2011 lova teleselskapa at beredskapen skulle bli betre. Når ekstremvêr igjen råka Sogn og Fjordane blei hundrevis av menneske utan straum, telefon og nett. No vil regjeringa skjerpe krava.

Nikolai Astrup og ras på Vassenden

SET KRAV: Digitaliseringsmininster Nikolai Astrup har følgd nøye med på situasjonen i Sunnfjord dei siste dagane.

Foto: NRK

Enorme nedbørsmengder skylla ned over fleire bygder i Sunnfjord tysdag. Bustadfelt blei kløyvd i to av ras og ein mann mista truleg livet då bilen han sat i blei tatt av jordmassane.

1500 menneske har vore utan straum og 500 utan breiband. Fem basestasjonar blei slått ut og fiberkablar rauk.

– Det er opplagt at svært mange er råka, sidan desse basestasjonane er på eit relativt avgrensa område, seier informasjonssjef i Telenor Roald Orheim.

Då orkanen «Dagmar» herja Vestlandet i 2011 kom det sterke krav om at beredskapen og kapasiteten på teleselskapa sitt utstyr måtte bli langt sikrare. Men sjølv med statlege krav om auka batterikapasitet, så var basestasjonane sjanselause mot uvêret som råka Sunnfjord denne veka.

Telenor har sjølv nyleg slått fast at telenettet er og vil vere sårbart. Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, peika i 2018 på at telenettet ikkje er noko naudnett.

– Det blir verken bygd eller drifta som det. Vi har batterireservar til eit par timar, og ikkje i dagevis, sa Amundsen til NRK.

Set opp basestasjonar

Ved ulike større arrangement set Telenor opp mobilbasestasjonar som til dømes på Norway Cup. Kvifor kunne ein ikkje gjort dette på Vassenden?

– Vi skjønar at det er eit enormt behov for mobiltelefoni i ein slik krisesituasjon, seier Orheim i Telenor til NRK onsdag.

– Mobilbasestasjon er noko vi heile tida vurderer i slike tilfelle. Det er praktiske problem. For det første er det langt å frakte desse frå Lillehammer til Jølster. Ein mobilbasestasjon har heilt begrensa effekt.

– Kvifor er ikkje batterikapasiteten betre?

– Det er ein ganske stor diskusjon. Vi i Telenor held oss til standarden som er sett av nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om at basestasjonane skal ha ein viss batterikapasitet som backup.

No jobbar teleselskapa iherdig med å få på plass naudsynt infrastruktur slik at alle innbyggjarane i dei råka bygdene får tilbake nett og mobil.

– Sårbare for feil

Tysdag kveld og natt til onsdag var mange både redde og frustrerte over at dei ikkje fekk kontakt med familiemedlemer og vener. På det meste var om lag 30 personar ikkje gjort greie for.

– Det er vanskeleg å seie kor tid dette vil vere klart. Entreprenøren på staden seier at dei skal jobbe kontinuerleg utover kvelden og så lenge det er praktisk mogleg i forhold til vêr og mørke, slår Orheim fast.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) seier til NRK at regjeringa har blitt halde orientert heile vegen og at han først og fremst vil uttrykkje sympati med dei som er råka. Han slår fast dei set klare krav til teleselskapa.

– Det er klart vi blir sårbare for feil, og derfor er det veldig viktig at vi nettopp gjer det vi kan for å førebygge denne typen feil og sørger for at netta er så stabile som dei kan vere, men det er vanskeleg å sikre seg 100 prosent i alle situasjonar, seier Astrup.

– Må bli betre

Han legg ikkje skjul på at det er utfordrande at slikt skjer når samfunnet blir meir og meir avhengig av digital teknologi.

– Vi som samfunn blir mykje meir avhengige av denne teknologien framover. Stadig fleire tenester blir tilbydde digitalt. Det betyr at vi ved store hendingar blir meir sårbare og konsekvensane blir større. Sikkerheita og robustheita ved dei løysingane vi vel må bli endå betre i framtida enn dei er i dag, slår Astrup fast.

Torsdag kjem statsminister Erna Solberg til Sogn og Fjordane. Ho skal etter planen ikkje ut for å sjå på naturskadane etter ekstremvêret, men ho skal få ei orientering i Førde torsdag ettermiddag.

Her kan du sjå dei store øydeleggingane i Jølster etter fleire jordras.

HERJA MED NATUREN: Her kan du sjå dei store øydeleggingane i Jølster etter fleire jordras.