Hopp til innhold

Var innesperra mellom to ras: – Berre sekund om å gjere

VASSENDEN (NRK): – Eg tenkte at vi kanskje ikkje kom til å overleve, seier Anita Polyakova. Ho og sonen vart innesperra mellom to ras i Jølster i går.

Anita Polyakova og Casper Rognsvåg

INNESPERRA: Anita Polyakova og Casper Roksvåg var innesperra mellom to ras i Jølster tysdag.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Anita Polyakova og sonen Casper Roksvåg var på veg frå Førde til Stryn då det byrja å rase frå fjellsida i Jølster. Først vart vegen mellom Vassenden og Svidalsneset uframkomeleg. Då dei snudde tilbake mot Vassenden var dei 10-20 meter frå eit nytt ras.

– Då fekk eg panikk. Vi var innesperra mellom to ras, og visste ikkje om det kunne kome eit tredje. Eg tenkte at vi kanskje ikkje kom til å overleve, seier Polyakova.

Dei to stod innesperra mellom rasa i mellom 1,5 og 2 timar før dei vart henta ut med båt.

– Det var ikkje gøy. Eg var ganske redd, seier Casper.

Redningshelikopteret har sett øydeleggingane frå lufta ovanfor Jølster.

Redningshelikopteret har sett øydeleggingane frå lufta ovanfor Jølster.

– Berre sekund om å gjere

Polyakova fortel at sonen prøvde å filme det andre raset, men at han fekk panikk og ikkje klarte å trykkje på telefonen.

– Det kom tre og alt mogleg over vegen, og mykje svart vatn, fortel dei om det dei såg.

Etter å ha kome seg i hus på Gjesthalla har dei tenkt mykje på hendinga.

– Det var berre sekund om å gjere. Det er det sjukaste å tenke på. Vi kunne blitt tekne av raset, seier Polyakova.

Klipp og bilete frå rasa og flaumen langs E39

Klipp og bilete frå rasa og flaumen langs E39

150 personar på skulen

I gangen på Vassenden skule sit Toril Setgnan saman med andre som har vore frivillige i evakueringa.

Vassenden skule

VASSENDEN SKULE: Skulen på Vassenden er ein av fleire stadar dei evakuerte i Jølster har vorte husa.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– På det meste har vi hatt rundt 150 personar innanfor dørene her. Nokre har sove i bilane sine ute på plassen, nokre i ein buss, og dei siste har vi klart å huse i klasseromma her.

– Har folk fått sove etter det dei har opplevd?

– Eg trur dei fleste har vore så slitne at dei har fått sove. Søvnen har nok vore litt variert, men dei aller fleste har i alle fall vore godt fornøgde med å vere i sikkerheit.

– Surrealistisk

Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet for Venstre, er fødd og oppvaksen på Vassenden og bur langs sørsida av Jølstravatnet. Han fortel at han aldri har sett eit liknande vêrfenomen her.

– Det var heilt surrealistisk. Frå den finaste sommardag til det verste inferno med styrtregn og ras fleire stadar. Etter kvart var det berre å kome seg ut i båt for å evakuere folk frå nordsida.

– Kunne noko vore gjort for å unngå situasjonen som har oppstått med folk som er isolerte og stengde vegar?

– Slike vêrfenomen trur eg ikkje ein kan føresjå heilt og fullt. Dette var ekstrem energi som hadde samla seg opp, seier Hamar.

Atle Hamar ras Jølster

SURREALISTISK: Atle Hamar har aldri sett liknande vêrfenomen i Jølster.

Foto: Linda Olin Reite / NRK