Hopp til innhold

Vil kutte kostnadane før Stad skipstunnel kan byggast

Arbeidet med Stad skipstunnel skal vere i gang innan 2022. – Men først må kostnadene til tunnelen ned, seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL:

Foto: Kystverket/Snøhetta

Ny statsråd i Samferdselsdepartementet.

OPPSTART: Samferdsleminister Jon Georg Dale seier at bygginga av ein redusert utgåve av skipstunnelen skal starte seinast 2022.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det vart ikkje løyvd ei krone til skipstunnelen i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Likevel er samferdsleministeren klar på at prosjektet skal realiserast.

Men, det er eit stort men:

– Den eksterne kvalitetssikringa viser at kostnadene blir langt høgare enn det Stortinget har sett av i Nasjonal Transportplan til å realisere Stad skipstunnel. Difor må vi jobbe ned kostnadene og få kostnadskontroll, seier Jon Georg Dale (Frp).

Til val på tunnelen

Arbeidet er allereie i gang, og storleiken er noko av det som no skal vurderast. Tunnelen er planlagt å vere kring 1.700 meter lang, 36 meter brei og 50 meter høg. Planane har fått stor merksemd også internasjonalt.

– Dei store båtane går lengre ut, men mindre fartøy ville hatt eit betre og tryggare tilbod med ein skipstunnel, seier Dale.

Per Sævik sitt familieselskap Havila Holding AS fikk i 2017 sitt beste resultat noensinne.

SKUFFA: Skipsreiar Per Sævik seier til nett.no at han er skuffa over at samferdsleministeren ikkje set handling bak tidlegare positive uttalar og vedtak om tunnelen.

Foto: Havila Holding AS

Skipsreiar Per Sævik er mellom dei som er skuffa over at Dale kuttar kostnadene og vil ha ein mindre skipstunnel.

– Det er nesten slik at dersom denne tunnelen blir veldig liten, så har det lite føre seg å byggje han. Tunnelen må byggjast så stor at han kan brukast, seier han til nett.no.

Dale, som gjekk til val på å realisere tunnelen, har ikkje gitt opp draumen om den.

– Det handlar korleis du skal binde regionane meir kystnært saman og korleis ein skal utvikle trafikken langs norskekysten forbi Stad, som er meir krevjande og farleg, seier han.

Krev startløyving

Torsdag vedtok eit samla fylkesutval ein uttale der Sogn og Fjordane fylkeskommune krev at Stortinget legg inn 30 millionar kroner til startløyving for Stad skipstunnel i budsjettet for 2019.

Sigurd Reksnes

KREV: Gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes, var mellom dei som venta startløyving til Stad skipstunnel i budsjettframlegget for 2019.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det er ikkje berre fylkeskommunen som reagerer, vi ser at mange kommunar, politiske parti og styringsgruppa for skipstunnelen reagerer på dette, seier gruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes.

Start innan 2022

At det ikkje kom midlar i budsjettet for 2019, kommenterer Dale slik:

– Vi ville ikkje begynne på eit prosjekt der kostnadene er langt høgare enn ramma. Difor må vi få ned kostnadene før løyvingane kan kome. Det tilseier at ein også lokalt kan begynne å jobbe med det. Til raskare ein gjer det, til raskare kan ein realisere prosjektet.

Statsråden seier arbeidet med Stad skipstunnel skal ha oppstart seinast innan 2022. Byggjetida er estimert til tre-fire år.

– Det er lagt opp til at ein skal få løyving denne perioden, dersom ein greier å få kostnadskontroll på prosjektet, seier Dale.