Hopp til innhold

Regjeringa blar opp 2,7 milliardar til verdas første skipstunnel

SELJE (NRK): Regjeringa fullfinansierer Stad skipstunnel. – I dag heisar vi flagget på kysten, seier Sveinung Rotevatn (V).

Bjørn Lødemel presenterer planane om Stad skipstunnel

FULLFINANSIERT: Stortingspolitikar Bjørn Lødemel (H) presenterer nyhenda om at regjeringa vil fullfinansiere Stad skipstunnel.

Foto: Trond Vestre / NRK

Går planane gjennom i Stortinget kan arbeidet med tunnelen starte allereie i løpet av dei første seks åra av Nasjonal Transportplan (NTP) som gjeld for perioden 2018–2029.

Tunnelen vil sikre eit av landets farlegaste, og mest vêrutsette havstykke, Stadhavet.

– Det blir stadig tøffare kamp om samferdslemidlane, og Stad skipstunnel har vore skubba på i alt for mange år, seier Rotevatn.

Fullfinansierer

Krefter har i fleire tiår jobba med å få realisert planane om tunnelen som vil gjere det tryggare for skipstrafikken å krysse vêrutsette Stadhavet. Dei siste utrekningane viser at tunnelen vil koste 2,7 milliardar kroner.

Stad skipstunnel

SIKRAR: Tunnelen vil gi skipstrafikken ein tryggare passering av Stadlandet i Selje.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

Regjeringa og støttepartia har sett av 1,5 milliardar kroner i første planperiode (2018-2023) og 1,2 milliardar i andre del (2024-2029). Dette betyr i praksis at tunnelen er fullfinansiert.

Stortingspolitikar Bjørn Lødemel (H) seier dagen i dag er historisk.

– Den gir ei trygg reise forbi Stad, legg til rette for næringsutvikling og regionbygging, og blir eit turistmål i verdsklasse. Den vil også legge til rette for å få meir transport frå veg til sjø, noko som også er ei målsetting for regjeringspartia og samarbeidspartia, seier han.

Nøgd, men har spørsmål

Meldinga frå Høgre, Frp, KrF og Venstre er heilt i tråd med ynsket til leiar for prosjektgruppa for Stad skipstunnel, Randi Paulsen Humborstad.

Ho gler seg over at tunnelen er inne i første periode av transportplanen, men vil likevel vente med å sleppe den veldige jubelen laus.

Randi Paulsen Humborstad

HAR TRUA: Leiar for prosjektgruppa, Randi Paulsen Humborstad, er glad for at tunnelen er fullfinansiert i NTP. – Det vitnar om at regjeringa vil byggje Stad skipstunnel. Sjølv om eg har nokre spørsmål så er vi glade og optimistar. Vi trur det løyser seg, seier ho.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Kvifor kunne ein ikkje fullfinansiere tunnelen i første periode? Prosjektet er gryteklart og kystverket kan starte bygginga tidlegast i 2019. Med ei byggetid på tre-fire år så vil ein vere ferdige i første periode av planen, og då meiner eg ein kunne fullfinansiert tunnelen, seier ho.

– Trur du at det er noko baktanke med å dele finansieringa?

– Eg håpar ikkje det. Eg håpar at det er fordi ein ikkje er heilt ferdige med planleggingsarbeidet. Det står framleis att ei kvalitetssikring og det skal også vere ei investeringsvedtak i Stortinget, som gjer at dei er litt usikre.

Betre regularitet

Glenn Bradley

STOR DAG: Viseadministrerande direktør i brønnbåtreiarlaget Rostein seier det er ein gledas dag i dag. – Når Stad skipstunnel er på plass, så fjerner vi ein stor uvisse i høve til vår regularitet og leveransar til kundane, seier han.

Foto: Terje Reite / NRK

Glenn Bradley, viseadministrerande direktør i brønnbåtreiarlaget Rostein, har dagleg fleire tilsette og skip som passerer Stadlandet.

Tunnelen gir både han og kundane deira langt betre regularitet og leveransar. Det same gjeld også for andre aktørar i sjømatnæringa som har blitt råka av forseinkingar grunna vêrtilhøva.

– Det er ei veldig klok investering i varig infrastruktur. Vi fjernar for evig tid ein barriere som gjer at vi kan vekse vidare i det blå havrommet, seier han.

Førsteprioritet

Inne i Stad skipstunnel

INNSIDA:

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

Hos politikarane er det likevel stor glede over semja rundt skipstunnelen. Både Tore Storehaug (KrF) og fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs, har hatt Stad Skipstunnel som sin førsteprioritet inn mot framlegget til Nasjonal Transportplan.

– Det er svært gledeleg at vi er lytta til og at vi får oppstart så snart alle planar og anbod er på plass, seier han.

– Med prosjektet på plass knyter vi kysten saman og gir området endå ein kvalitet av internasjonal standard. Stad skipstunnel viser framfor alt at vi er villige til å satse på kysten, legg Storehaug til.