Hopp til innhold

Staten har teke eigedomane deira for å bygga skipstunnel: – Vi blir forskjellsbehandla

Husa deira må vike for den første skipstunnelen i verda, men fleire grunneigarar meiner Kystverket forskjellsbehandlar dei som blir råka. No blir det rettssak.

Frå venstre: Kristian Teigen, Ola Slettebø Teigen, Haldis Perly Teigen og Andreas Teigen

RETTSSAK: Kystverket skal byggje Stad skipstunnel i den vesle bygda Kjøde, og fleire eigedomar må vike. Familien Teigen er blant grunneigarane som meiner tilbodet dei har fått, ikkje er godt nok.

Foto: pRIVAT

Verdas første skipstunnel vil om nokre år kome i den vesle bygda Kjøde i Stad kommune i Vestland.

Den 50 meter høge tunnelen skal få skip trygt gjennom det mest vêrharde havpartiet i Noreg, nemleg Stadhavet.

Men for fleire grunneigarar og Kystverket – som skal få prosjektet i hamn – er det ein heilt annan storm som går føre seg her og no.

Dei fleste grunneigarane som mister husa sine, har blitt samde med Kystverket og skrive under kontrakt.

Men nokre har sagt nei.

Det gjeld mellom anna Vidar Berge sin familie.

vidar berge og familien til rettsak mot kystverket

Vidar Berge er talsperson for storfamilien som i ei årrekke har hatt huset i Kjøde som samlingsplassen sin.

Foto: privat

– Kystverket har vore utruleg arrogant og uryddig. Det er rart og skuffande, seier han.

Familien har sagt nei fordi dei ikkje har fått kompensasjon til å bygge eit nytt og tilsvarande bygg. Dette har derimot andre fått, seier Berge.

I fjor tok Kystverket dette og andre bygg med makt, altså eksproprierte dei.

Men sidan fleire av grunneigarane seier nei til kompensasjonen Kystverket vil gi, tek Kystverket dei til no til retten.

samlingspunktet til familien til vidar berge

I fjor sommar tok Kystverket over fritidsbustaden til familien. Men så langt har dei ikkje fått utbetalt noko som helst for huset.

Foto: privat

Her blir temaet kompensasjon etter eksproprieringa av eigedomane. Nokre av grunneigarane er også usamde i sjølve eksproprieringa.

Saka startar i Sogn og Fjordane tingrett måndag, og det er sett av fire

Til NRK seier Kystverket at det har prøvd å behandle alle rettferdig, men dessverre ikkje greidd å bli samd med alle.

Sjå utfyllande svar lenger nede i teksten.

Meiner Kystverket forskjellsbehandlar

Men lenge såg det ut til å gå i orden for familien til Berge.

– Kystverket reiste rundt på allmøte og lovde «gull og grøne skogar». Dei som måtte gå frå hus og heim, skulle få eit oppgjer tilsvarande det som det ville koste å sette opp eit nytt hus ein annan stad, seier Berge.

Dei såg andre grunneigarar få slike kompensasjonar etter kvart som dei signerte.

Bilde fra gammelt julebord er klarert med alle på bildet, og der alle de tre eierne er med. Fra venstre:
Steinar Teigen, Atle Jon Teigen, Haldis Teigen, Jenny Steinsgard, Anne-Britt Skårn Teigen, Haldis Berge og Ola Slettebø Teigen

Søsken, søskenborn, tanter og onklar. Heile storfamilien er glad i vere saman i huset som Halldis Berge, Steinar Teigen og Jenny Steinsgard står som eigarar av. Her frå eit tidlegare julebord. Til venstre: Steinar Teigen, Atle Jon Teigen, Haldis Teigen, Jenny Steinsgard, Anne-Britt Skårn Teigen, Haldis Berge og Ola Slettebø Teigen

Foto: privat

Dei begynte difor å hente inn prisar på kva ein ny fritidsbustad ville koste: kring 6–7 millionar kroner.

Men så kom kalddusjen.

– Då det var vår tur til å få oppgjer, fekk vi omtrent ingenting, seier Berge.

Dei tre eigarane av huset fekk tilbod om 1,6 millionar kroner – dersom dei bestemte seg kjapt. Om ikkje, ville Kystverket ta saka til retten, fortel han.

Men denne summen godtok familien ikkje, og seier den knapt er ein fjerdedel av det dei blei lova.

I fjor sommar måtte dei mot sin vilje gi frå seg huset, men dei har ikkje fått éi einaste krone for det.

Familien meiner Kystverket forskjellsbehandlar grunneigarane, og peiker på at endringa skjedde då Terje Skjeppestad tok over som prosjektleiar for skipstunnelen.

– Livet står på vent

Også ein annan familie i den vesle bygda må møte i retten.

For familien Teigen handlar konflikten om naustet deira og at tilkomstvegen til huset deira blir over dobbelt så lang.

Haldis Perly Teigen fekk tilbod om 80.000 kr for naustet, som familien eig halvparten av.

Men i staden for pengar, vil familien heller ha ny nausttomt.

Det raude naustet ryk når kystverket skal bygge stad skipstunnel. naustet eig familien teigen

Naustet til familien Teigen, som er det raude bygget nede ved sjøen, har gitt dei mykje glede. Men i fjor sommar tok staten naustet. Familien seier dei heller ikkje får att tomt til å bygge nytt naust.

Foto: privat

– Men vi har fått beskjed om at det ikkje er fleire ledige tomter att, seier Andreas Teigen, som er sonen til Haldis Perly.

Samstundes ser dei at fleire andre i bygda som tidlegare ikkje har hatt nausttomt, no har fått tilbod om dette frå Kystverket.

– Det synest vi er urimeleg, og ei stor forskjellsbehandling, seier han.

Familien reagerer også på summen dei blir tilbydde for naustet.

Dersom den nye reguleringsplanen blir vedteken, blir også bustadhuset til Haldis Perly råka av tunnelbygginga.

Men sidan det framleis er uavklart kva som skjer vidare, er huset ikkje ein del av rettssaka.

– Vi veit ikkje om ho må flytte, eller kva ho må. For mange her i bygda er alt veldig uavklart. Livet står på vent, seier Andreas Teigen.

Må kjempe for hus og levebrød

Den tredje parten som må møte i tingretten, er Rune og Unni Elin Hovden.

Dei kan få tunnelopninga 80 meter frå heimen sin.

Dei har tidlegare sagt til NRK at dei kan leve med å bu tett på skipstunnelen, men Kystverket vil rive huset deira.

Rune Hovden

Rune Hovden og kona Unni Elin sitt hus må vike for skipstunnelen. Også framtida for fiskebåten i bakgrunnen er uviss, fordi moloen kan kome i konflikt med skipstunnelen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er hus og heim og livsverket vårt vi snakkar om, seier Rune Hovden.

Les også Nektar å rive huset for gigant-tunnel

Rune og Unni Elin Hovden

For også framtida til fiskebåten deira «Hovden Viking» er uviss. Årsaka er at ein molo nær skipstunnelen kan kome i konflikt med båten.

Difor er bedrifta Hovden Senior AS, som er leigetakar på eigedomen til Rune Hovden, ein del av rettssaka.

Kystverket: – Prøver å behandle alle likt

Stad skipstunnel skal ut på anbod etter sommaren.

Biletillustrasjon av korleis innløpet til Stad skipstunnel blir i Kjøde.

Tunnelen blir 2,2 km lang og skal gå gjennom Stadlandet. Tunnelen blir 50 meter høg og blir 36 meter brei. Dersom alt går som planlagt med anbodsrunden, kan bygginga starte på slutten av 2025. Tunnelen kan stå ferdig rundt 2030, ifølge Kystverket.

Illustrasjon: Kystverket/ Multikonsult/Link Arkitektur

– Vi treng tilgang til eigedomar som står i vegen for skipstunnelen. Samtidig er det viktig at dei som er råka får ei avklaring og kjem seg vidare, seier prosjektleiar Terje Skjeppestad.

Han vil ikkje førehandsprosedere sakene i media i forkant av rettssaka.

Difor vil han ikkje gå inn på saksdetaljar, men uttaler seg på generelt grunnlag.

Skjeppestad avviser skuldingane om at dei forskjellsbehandlar grunneigarar.

– Kvar eigedom er unik og vi prøver å behandle alle rettferdig, seier Skjeppestad.

Kystverket har kjøpt hus, naust, hytter, og ei rekkje andre bygg på begge sider av tunnelen. Totalt kring 20 bygg.

Kva som er betalt ut for desse, får ikkje NRK svar på, men summane varierer, seier Skjeppestad.

Terje Skjeppestad, prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket.

Grunneigarar meiner erstatningssummane endra seg drastisk etter at Terje Skjeppestad tok over som prosjektleiar for skipstunnelen. – Eg er opptatt av å følge regelverket, seier han, og at han ikkje kan uttale seg om det som skjedde før han tok over hausten 2021.

Foto: Kystverket

– Kystverket blir skulda for å vere arrogant, og grunneigarar reagerer på framgangsmåten, særleg med tanke på erstatninga?

Vi kjenner oss ikkje igjen i dette. Ja, det kan til tider vere tøffe forhandlingar, men vi har eit regelverk for grunnerverv å forhalde oss til, og vi prøver å behandle alle partar rettferdig, seier Skjeppestad.