Rapport: Her vil kvart skip koste samfunnet 26.000 kroner

Ny rapport konkluderer med at verdas første skipstunnel blir dyrare å byggje og mindre nyttig enn tidlegare førespegla. Forkjemparane nektar for at Stad skipstunnel står i fare for å bli skrinlagt.

Stad skipstunnel

STÅR DENNE I FARE: I fleire tiår har det blitt jobba med utgreiingar om ein skipstunnel forbi det vêrharde Stadhavet. Ein ny rapport kan bety at det fleire rundar.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Stein Robert Osdal
Foto: Anna Gytri / NRK
Lars-Svein Drabløs i Frp

KLAR TIL Å SLÅST: Lars-Svein Drabløs i Framstegspartiet er klar for det som kan bli nok ein kamp for Stad skipstunnel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har skumma rapporten og det er fleire ting vi set spørsmålsteikn ved, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

– Det er nokre negative element i rapporten, men eg føler meg rimeleg sikker på at vi skal få Stad skipstunnel i hamn, er kommentaren frå leiar Lars-Svein Drabløs i Sogn og Fjordane Frp.

Dei ivrige forkjemparane er budde på at dei nok ein gong må forsvare verdien av å byggje verdas første skipstunnel. Den 1700 meter lange tunnelen mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Selje vil sikre eit av dei farlegaste og mest vêrutsette havstykka langs norskekysten, Stadhavet.

Men den nye rapporten sår tvil om nytteverdien av milliardprosjektet.

I KS2-rapporten, den eksterne kvalitetssikringa av Kystverket sitt forprosjekt, blir det konkludert med at nytta er redusert med over ein milliard kroner, medan investeringskostnadane går opp.

Ifølgje rapporten vil kvart av dei 10–12 fartøya som passerer gjennom tunnelen koste samfunnet 26.000 kroner – kvar dag i 40 år.

Minister varslar gjennomgang

For litt over eit år sidan var det stormande jubel då stortingspolitikar frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel (H), presenterer nyhenda om at regjeringa vil fullfinansiere Stad skipstunnel og hadde sett av pengar i Nasjonal transportplan (NTP).

Rapporten, som Atkins og Oslo Economics har laga, er gjort på oppdrag frå Samferdsledepartementet og Finansdepartementet.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen seier dei vil gå nøye gjennom rapporten, før dei tek stilling til vidare handtering av prosjektet.

Drabløs ser ingen grunn til å frykte at partikollega Solvik-Olsen skal endre kurs.

– Nei. Eg trur det er så stor vilje til å gjennomføre Stad skipstunnel, at eg føler meg rimeleg sikker på at vi skal klare å realisere den.

– Men når rapporten viser at nytta er redusert med over ein milliard kroner og kostnaden blir større, så må det vel ha noko å seie for framdrifta?

– No må vi sjå kva som ligg i botnen for vurderingane og ta det derifrå.

Stad skipstunnel

VERDAS FØRSTE: Skipstunnelen som er planlagd mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Selje vil bli den første av sitt slag i heile verda.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Klar for å overtyde dei som bestemmer – på nytt

Prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket vil ikkje spekulere i kva konsekvensar rapporten får for realiseringa av skipstunnelen. Han understrekar at berekningar av samfunnsnytte for prosjekt til sjøs alltid vil komme dårlegare ut enn andre prosjekt.

Terje Andreassen framføre staden der Stad skipstunnel er planlagt

ULIKE VURDERINGAR: Prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket konstaterer at konsulentane som har laga KS2-rapporten har gjort ulike vurderingar enn det Kystverket har gjort.

Foto: Pål Are Lilleheim / Kystverket

– Berekningar av samfunnsnytte vil aldri kunne bli rettferdiggjort for sjøfart. Vi har ikkje nok empiriske data eller statistikk, og det er heller ikkje samanliknbare prosjekt som vi kan dra erfaringar frå, for å berekne nytta.

I Selje peikar ordførar Osdal på at rapporten ikkje tek opp i seg nytta i høve blant anna fiskerinæring, turisme og overføringar av gods frå veg til sjø.

– No må vi gå gjennom rapporten og ha tett dialog med det politiske miljøet i Oslo. Regjeringspartia, og for så vidt også Ap og Sp, har selt inn Stad skipstunnel som eit soleklart prosjekt. Det vil overraske meg stort om dei vender tommelen ned no.