NRK Meny
Normal

The Guardian: «Move over Suez, hello Stad»

Verdas første skipstunnel skal byggjast i Norge, og no får den stor internasjonal merksemd.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Slik blir opninga frå nordsida i Kjøde i Selje. Snøhetta har teikna horisontale hyller skal følge murane i terrenget.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Denne veka bekrefta regjeringa at Stad skipstunnel er inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018 til 2029, og i går skreiv The Guardian «Move over Suez, hello Stad».

Stad skipstunnel

FRÅ SØR: Stad skipstunnel sett frå Moldefjorden i sør. Fylkesvegen vil bli lagt over tunnelen i terrenget, med rasoverbygg.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Ei lang rekke internasjonale medium kasta seg på Stad-bølga, og beskriv det som eit ambisiøst prosjekt.

CNBC, ABC News, Le Figaro, France24 og CNN, for å nemne nokon.

CNN sin video på Facebook har i skrivande stund blitt delt av over 11,000 og er blitt sett meir enn ein million gonger.

Men er den verdas første?

Prosjektet blir omtalt som verdas første skipstunnel. Det har gitt kraftige reaksjonar i kommentarfelta.

Fleire peikar på andre tunnelar som er bygd i europeiske kanalar. Mellom anna Tunnel Du Rove i Marseille, som blei bygd i 1927, og Malpas-tunnelen frå 1679.

Men CNN og andre medium har nok fakta på si side. Diskusjonane blir ofte slått i hel ved at nokon grip inn og forklarar forskjellen på eit skip og ein båt.

Laster Twitter-innhold

Vegen har vore lang

Krefter har i fleire tiår jobba med å få realisert planane om tunnelen som vil gjere det tryggare for skipstrafikken å krysse vêrutsette Stadhavet.

Stad skipstunnel

BRU: Det krevst bru og rasoverbygg over tunnelopninga i Moldefjorden i sør.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Dei siste utrekningane viser at tunnelen vil koste 2,7 milliardar kroner.

Regjeringa og støttepartia har sett av 1,5 milliardar kroner i første planperiode (2018–2023) og 1,2 milliardar i andre del (2024–2029). Dette betyr i praksis at tunnelen er fullfinansiert.

Stad skipstunnel

INNSIDA: Stad skipstunnel skal romme båtar med storleiken til den største hurtigruta, og blir 1,7 kilometer lang. 49 meter frå botnen til taket, og 36 meter brei.

Foto: Kystverket/Snøhetta
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.