Hopp til innhold

Åtvarar mot rasteplass ved spektakulær bru

Vegvesenet vil byggja rasteplass like ved den planlagde Hordfast-brua. Unødvendig og uheldig for miljøet, meiner Fylkesmannen i Vestland.

Illustrasjon av Hordfast

SPEKTAKULÆRT SYN: Fylkesmannen likar ikkje planen om stor rasteplass i sårbar kystnatur ved Hordfast-brua over Bjørnafjorden.

Illustrasjon: AMC

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Som ein del av det største vegprosjektet i noregshistoria, ferjefri E39, planlegg Vegvesenet å byggja Hordfast. Målet er å knyta Vestlandet tettare saman, med ned mot to timars reisetid Bergen-Stavanger.

Planane om firefelts motorveg og rekordlang bru sør for Bergen er blitt kritisert av mellom andre fylkesmannen i 2017. Blant anna er vegen gjennom kuperte, urørte og verdifulle skog- og kulturlandskap på øyane Tysnes og Reksteren.

Når Statens vegvesen no skal starta arbeidet med statleg detaljreguleringsplan, får prosjektet meir kritikk.

«Vi kan ikkje sjå at det er tatt effektive grep for å minimalisere negative konsekvensar på natur. Naturinngrepa må reduserast vesentleg», skriv kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal hjå Fylkesmannen i eit ferskt fråsegnsbrev til Vegvesenet.

Frå Reksteren på Tysnes

KUPERT OG UNIKT: Smale bygdevegar snirklar seg mellom vatn, gardar og åsar med sjeldan regnskog på Reksteren, der det er planlagd ein firefelts motorveg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fylkesmannen mot rasteplass

I tillegg til trasévalet og brua over vikinggravområdet Bårdsundet, er han kritisk til rasteplass, parkeringsplass og stort vegkryss nord på Reksteren, like ved brua som skal erstatta ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Vegvesenet har argumentert for at rasteplassen vil gi trafikantane god utsikt over den spektakulære brua.

«Ei eineståande bru treng ein spesiell rasteplass. Denne rasteplassen skal bli ein attraksjon,» skreiv Vegvesenet i fjor.

Dei såg mellom anna føre seg eit utsiktspunkt for publikum i toppen av brutårnet, 200 meter over havet.

Fylkesmannen er skeptisk til heile rasteplassen.

– Me ser ikkje behov for ein kvile- eller rasteplass så nær Bergen. Det er heller ikkje rette staden for ein slik fasilitet.

Han peikar på at Reksteren er eit lite påverka område i dag.

– Eit slikt arealinngrep på denne staden vil vere særleg uheldig med omsyn til natur-, landskaps- og strandsoneverdiar, seier Yndesdal.

Fylkesmannen er også kritisk til at Hordfast er planlagt med fem svært arealkrevjande motorvegkryss for av- og påkøyring. Med det vesle trafikkgrunnlaget på Tysnes meiner han eitt heller enn tre kryss der er nok.

Gul pærelav

UNIKT: Gul pærelav er ein av mange internasjonalt trua artar som finst i dei små lommene av ein globalt sjeldan regnskogtype på Reksteren.

Foto: Kirstin Maria Flynn

Vegvesenet: – Brua blir attraksjon

Planleggingsleiar Ellen Slinde i Vegvesenet har ikkje nokon prislapp på rasteplassen enno. Ho seier det er mange argument for rasteplassen.

– Det er overordna retningslinjer for kor ofte det bør vera rasteplassar langs vegnettet. Ulike trafikantgrupper har behov for å få ein stopp. Og det er klart at brua blir ein attraksjon.

Ho meiner mange vil setja pris på rasteplassen.

– Det kan vera ønskeleg å komma nær brua. Rasteplassen gjer det mogleg utan å måtta sykla ganske langt, til dømes frå Os.

Slinde takkar for innspela til Vegvesenet.

– Det er no framover i reguleringsplanarbeidet at ein kan ta grep for ytterlegare å avgrensa inngrepa i viktige naturmiljø.

Ellen Njøs Slinde

ATTRAKSJON: – Utan rasteplassen blir det ikkje mogleg å komma nær brua utan å sykla ganske langt, seier planleggingsleiar Ellen Slinde i Statens vegvesen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Unike verdiar

På Tysnes og Reksteren er det mange stader ein internasjonalt sjeldan, trua regnskogtype med unike typar lav og mose. Det er også mange døme på kystmyr, som både er ein truga naturtype og viktige naturlege klimagass-lager.

– Dersom det ikkje vert gjort effektive tiltak i det vidare planarbeidet, vil det føra til alvorlege og uopprettelege konsekvensar for viktige nasjonale naturområde og naturførekomstar som vi har eit internasjonalt ansvar for, meiner Yndesdal.