Hopp til innhold

Ølsal i «saftbygda» vekkjer debatt: – Idretten sviktar 90.000 born

Sogndal Fotball er den siste av fleire fotballklubbar som har opna for alkoholservering på stadion. Tidlegare politimeister meiner idretten sviktar born som lever i ein alkoholisert heim.

Fosshaugane Campus

FOSSHAUGANE: 1. divisjonslaget Sogndal er langt frå den første norske toppklubben med ølsal, men opninga av eigen pub vekkjer til live ein fleire år gamal diskusjon.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Idretten tar ikkje samfunnsansvaret som dei har gjort tidlegare og det er veldig synd, seier Arne Johannessen.

Han er tidlegare politimeister i Sogn og Fjordane og leiar i Politiets Fellesforbund, i tillegg til å ha vore styreleiar i rusfeltets samarbeidsorganisasjon (Actis).

Avhaldsmannen skriv i eit meiningsinnlegg i Sogn Avis at han er kritisk til at Sogndal Fotball sluttar seg til fotballklubbane som har ønska alkohol velkommen til idretten.

– Vi bør tenke på dei ungane som lev med foreldre med alkoholproblem. For dei skal idretten vere ei trygg sone, seier han.

di6oduUDHKs

Fleire reagerer på alkohol er lett tilgjengeleg på norske fotballarenaer.

Foto: NTB

90.000 barn lever i ein alkoholisert heim

Nesten 1 av 10 barn veks opp med ei mor eller ein far som har hatt eit alkoholproblem i løpet av det siste året, viser anslag frå Folkehelseinstituttet.

Det er mange usikkerheitsmoment på kor mange born som lever i ein heim med alkoholproblem, og talet er truleg mellom 50.000-230.000 born.

– For mange av desse borna er fotballen deira einaste tilfluktsstad. Då treng ein ikkje legge opp til at denne forsvinn, seier Marte Mandelid, prosjektleiar i Idrett Uten Alkohol.

Sogndal Fotball starta nyleg puben Skraol, og føyer seg inn i rekka av fleire andre klubbar som tillèt alkoholservering på stadion.

– Idrett og alkohol høyrer ikkje saman på same arena, meiner idrettsutøvar Marit Årdalsbakke frå Jølster, som er ambassadør for Idrett utan alkohol.

Ho reagerer på nyheita om opninga av Skraol.

– Det at dei tilbyr alkohol og på ein måte slår det saman med fotball, det synest eg er ein uting.

Marit Årdalsbakke

Marit Årdalsbakke er 17. gongar Noregsmeister i vektløfting. Ho synest det er ein uting å blande alkohol og idrett.

Foto: Hookgrip

Supporterane vil ha alkohol

Sidan 2020 opna regjeringa for alkoholservering på fotballarena.

Supporteralliansen fortel at dei ikkje har opplevd problem sidan regelverket blei mjuka opp for fire år sidan.

– Vi ser at dette er fleire supporterklubbar som ønsker seg det her, seier styreleiar i Supporteralliansen, Anders Kjellevold.

No ønskjer Høgre at folk også kan drikke alkohol undervegs i kampen på tribunen.

– Eg har lyst til at vi skal kunne gjere som i det store utland: Å kunne servere alkohol på stadion, seier stortingspolitikar Turid Kristensen til TV 2.

Les også Vil åpne for å drikke øl på fotballstadion: – Kos å ta seg en øl underveis i kampen

Stortingspolitikerne Turid Kristensen og Bård Ludvig Thorheim i Høyre.

– Ein god idé

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo, ønskjer ein debatt om alkohol og idrett velkomen, men meiner alkoholservering på Fosshaugane Campus ikkje gjer skade.

– Det er ein god idé. Det er ingen kjøpeplikt og vi vil ha strengt vakthald, seier Mo.

Utsegna får Johannesen til å riste på hovudet.

– Det blir for lett å seie at det ikkje er «kjøpeplikt». Det er ein liten trøyst for ungane som har foreldre med eit alkoholproblem. For borna vil det alltid vere utryggleik når alkohol er i bilete, seier han.

Rasmus Mo

Dagleg leiar i Sogndal Fotball meiner alkoholservering vil gå føre seg i trygge rammer på Fosshaugane Campus.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Skeptisk til Molde-stunt

At alkoholen er blitt ein større del av idretten er lett å konstatere.

Nyleg inngjekk OL eit globalt sponsorsamarbeid med ein ølprodusent for først gong.

Også her heime har alkohol i fotballen fått ei større rolle.

I førre Eliteserierunde delte marknadssjef Per Eikrem i Molde FK og spelar Martin Eriksen ut øl til supportarar som tok turen for å sjå bortekampen mot HamKam.

Supporterane hylla stuntet, medan andre er meir skeptiske.

Det å dele ut øl til supporterar før ein fotballkamp ser vi på som uheldig. Vi meiner dette sender feil signal og kan normalisere alkoholbruk i idrettssamanheng, seier Marte Mandelid i Idrett Uten Alkohol.