Hopp til innhold

Idrettsstjerner ut mot OL-sponsor: – Vi er på veg i feil retning

For første gong har Dei olympiske leikane inngått eit globalt sponsorsamarbeid med ein ølprodusent. Det får utøvarar til å sjangle.

Michel Doukeris og Thomas Bach

SKÅL: AB Inbev-sjef Michel Doukeris og IOC-president Thomas Bach feira samarbeidet med ein iskald ein.

Foto: AP

– Denne partnarskapen, er frå vårt perspektiv, ein perfekt match, sa presidenten i Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) Thomas Bach da samarbeidet blei kunngjort på ein pub i London.

– Eg veit ikkje om ein skal le eller gråte. Det fell på sin eigen absurditet å seie at idrettsglede og livsglede er synonymt med alkohol, seier generalsekretær i alkoholvettorganisasjonen Av-og-til Ragnhild Kaski til NRK.

Skihoppar Silje Opseth stemmer i:

– Eg skjønner det ikkje. Da kjenner eg vi er på veg i feil retning. Om ein ikkje kan gle seg over idrettsprestasjonar utan alkohol, er eg skuffa over retninga vi tar.

Felix Baldauf

VERDITAP: OL bør ikkje assosierast med alkohol, meiner Felix Baldauf, som er redd økonomi og pengar trumfar kjerneverdiane i idretten.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Brytar Felix Baldauf er òg skeptisk.

– Vi får ikkje noko ut av dette samarbeidet. Det drypp ikkje ned på oss utøvarar. Skal vi assosierast med det? Det blir veldig dumt, meiner Hodet i Klemme-stjerna.

Det er den store ølprodusenten Anheuser-Busch InBev (AB InBev) som har inngått sponsorsamarbeid med IOC for dei tre neste OL-a i Paris 2024, Milano 2026 og Los Angeles 2028, og Paralympics.

ct1eGIbtBns

IDRETTSGLEDE: Silje Opseth meiner alkohol ikkje har noko med idretten å gjere.

Foto: AP

– Sportsvasking

Kaski meiner IOC har tatt ein «elendig avgjerd»:

– Det er eit eksempel på ei form for sportsvasking av alkoholindustrien, som IOC seier ja til i eit openbert ønske om meir økonomisk støtte.

– Det føyer seg inn i rekka av dårlege etiske val vi har sett frå den internasjonale idretten dei siste par åra i jakta på meir pengar. Vi blir overraska over at dette er noko dei vel å gjere for første gong i 2024, samtidig som resten av verda går motsett veg, meiner Kaski.

Generalsekretær i Av-og-til Ragnhild Kaski

KRITISK: Ragnhild Kaski poengterer at «å ha ein alkoholprodusent som hovudsponsor, er noko anna enn debatten rundt alkoholservering på tribunen.»

Foto: Bård Gundersen / Av-og-til

For fleire land strammar inn alkoholpolitikken og Verdshelseorganisasjonen (WHO) åtvarar mot alkoholreklame.

AB InBev inngår i det olympiske partnarskap programmet, der selskap som Coca-Cola, Visa og Deloitte allereie er med.

Det belgisk-brasilianske selskapet produserer kjente merkevarer som Budweiser, Beck's, Bud Light, Stella Artois og Corona.

Det er sistnemnde produkt dei vil reklamere for i OL-et i sommar, men i den alkoholfrie varianten, Corona Cero.

Men i sommar-OL i Los Angeles i 2028 har alkoholaktøren planar å reklamere for nettopp eit alkoholhaldig produkt; Michelob ULTRA.

Corona Cero

CERO: AB Inbev-sjef Michel Doukeris nyt den alkoholfrie Corona Cero på kunngjeringsarrangementet med IOC.

Foto: AP

– Alkoholgiganten veit kva dei driv med

Ifølge selskapet vil dei promotere ansvarleg forbruk til «milliardane av OL-fans rundt om i verda, med bodskap om samband, moderering og feiring.»

Opseth, som òg er ambassadør for Idrett utan alkohol, er ikkje overtydd.

– Alkoholfritt høyrest meir positivt ut. Det skal vere lov å feire gode prestasjonar, og da er det betre at det blir gjort utan alkohol. Likevel sel ikkje berre produsenten alkoholfri øl, seier hopparen, og utdjupar:

– Det er eit klassisk marknadstriks. Dei får nok til akkurat det dei ønsker, som antakeleg er å selje meir av alkoholhaldig drikke. Det er skuffande.

silje opseth

SKEPTISK: Skihoppar Silje Opseth liker ikkje utviklinga.

Foto: NTB

Kaski i Av-og-til meiner det er openbert kva produsenten ønsker at sjåaren skal tenke og kva assosiasjonar han skal få av Corona-flaska.

– Å bruke ein alkoholfri variant for å marknadsføre dei alkoholhaldige produkta sine er ein velkjent marknadsføringsstrategi, og gjer i dette tilfellet at vi tenker på Corona med alkohol. I Noreg har vi eit forbod mot slik reklame, fordi vi kjenner til korleis det både oppfattast og blir utnytta. Alkoholgiganten AB InBev veit kva dei driv med.

IOC skriv til NRK at AB InBev jobbar for ansvarleg alkoholforbruk og moderering over heile verda.

– Dei vil arbeide for å fremme denne innsatsen ved å presentere Corona Cero, det raskt veksande ølmerke utan alkohol, som det leiande merket til det globale olympiske partnarskap programmet, skriv IOC vidare.

Ser du forskjell på ølen med og utan alkohol?

corona extra
Corona Cero

Brytar Baldauf er positiv til eit alkoholfritt alternativ:

– Viss det først skal reklamerast for ein alkoholprodusent, er eg for at det blir reklamert for drikken utan alkohol. Det blir gjort i Tyskland, der eg konkurrerer nå. Det gjer folk obs på at det finst eit alternativ. Viss idrettsutøvarar viser at ein kan drikke alkoholfritt, og det kan føre til mindre drikkepress, er det bra.

Likevel er han klar på at alkohol og idrett ikkje høyrer saman.

– Det er viktig å ivareta dei sunne verdiane av idretten, òg med tanke på barn. Eg trur heller ikkje at utøvarar vil assosierast med alkohol. Eg tenker for eksempel på muslimske medkonkurrentar. Det handlar om gjensidig respekt, meiner Baldauf.

IOC har blitt presentert kritikken og skriv til NRK at lokale OL-einingar har samarbeidd med ølselskap sidan 1928.

– I tillegg er det ein lang tradisjon for store internasjonale idrettsarrangement rundt om i verda å ha sponsoravtaler med bryggarar, skriv dei.

Felix Baldauf vant EM-gull i bryting i Serbia i 2017

EM: Felix Baldauf tok EM-gull i 2017. Nå jobbar han for å kvalifisere seg til OL i Paris.

Foto: Tommy Skauen / NTB scanpix

Generalsekretær i Norges idrettsforbund Nils Einar Aas skriv til NRK at avtalen må forhalde seg til det nasjonale lovverket når det gjeld profilering og marknadsføring i kvart enkelt land:

– I Noreg er det eit forbod mot å reklamere for alkoholfritt øl med same vare- eller firmamerke eller kjenneteikn som alkoholhaldig øl, og dette er sjølvsagt noko både idrettsorganisasjonar og andre er forplikta til å overhalde.

Synes du det er greitt med alkoholsponsor i OL?

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal