Hopp til innhold

Barneministeren er open for å fjerne alderskilje på asylbarn- og ungdom

Fleire stortingsparti vil ha betre omsorg for dei eldste asylbarna etter NRKs avsløringar. No er barneminister Kjersti Toppe open for å greie ut å la barnevernet overta.

Barneminister Kjersti Toppe

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) vart spurd ut i spørjetimen på Stortinget onsdag.

Foto: William Jobling / NRK

– Dette er sårbare unge. Det er ungdomar som treng betre omsorg når dei er i asylsystemet.

Det seier Birgit Oline Kjerstad, asylpolitisk talsperson for SV.

Birgit Oline Kjerstad, asylpolitisk talsperson SV

SVs asylpolitiske talsperson, Birgit Oline Kjerstad.

Foto: Silje Rognsvåg / nrk

Ho snakkar om asylbarn mellom 15 og 18 år som barnevernet ikkje har ansvaret for. Det er det Utlendingsdirektoratet (UDI) som har.

Seinast i sommar forsvann ei ung jente frå eit av mottaka til UDI. Tilbake låg ein rosa sekk og få eigedelar. Politiet oppretta etterforsking etter at NRK skreiv om jenta, og eit vitne meldte seg.

– Det er kjempeviktig at det blir meir barnefagleg kompetanse rundt desse og tettare oppfølging, så dei ikkje blir utsett for utnytting og menneskehandel, seier Kjerstad.

SV vil endre lova

Same dag leverte SV eit lovforslag til Stortinget. Der ber dei regjeringa overføre omsorgsansvaret for asylbarn mellom 15 og 18 år frå Utlendingsdirektoratet (UDI) til barnevernet.

– Dei må sikre at kommunane får ressursar til å faktisk yte hjelpa som blir forventa i eit forsterka barnevern rundt asylbarna. Det er altså både snakk om retningslinjer og instruks, og også budsjett og personale, seier Kjerstad.

No vonar ho på fleirtal på Stortinget for forslaget.

– Ap og Sp var med på å få dei under 15 år innunder barnevernet. Det håper vi å få til no også, med dei som er frå 15 til 18 år, seier Kjerstad.

– Dei må få hjelp til å få eit godt liv i Noreg, ikkje bli skubba ut av samfunnet slik NRK avdekker, seier SV-talspersonen.

Birgit Oline Kjerstad, asylpolitisk talsperson SV

SVs asylpolitiske talsperson, Birgit Oline Kjerstad.

Foto: Silje Rognsvåg / nrk

Barneministeren: – Open for det

I stortingssalen onsdag sa barneminister Kjersti Toppe (Sp) at ho er open for forslaget.

Det er klart at det er ei mogleghet, og eg synes det er en viktig debatt, sa Toppe i ei utveksling med Raudt.

Ho peika på at det ikkje er politisk fleirtal for det no, og at det eventuelt må greiast ut.

Det er veldig viktig her og no, når vi har dette systemet med at dei over 15 år er i mottak, at vi gjer enno meir for å sikre at det er ei god oppfølging av barna der dei er, sa Toppe.

På spørsmål om ho vil gå inn for ei ordentleg utgreiing om overføring av ansvaret til barnevernet, svara ho:

– Eg er open for det, sa Toppe og understreka at dei må ta kritikken som kjem frå FN og tilsynstenester i Noreg på alvor.

Samstundes seier barneministeren at dei over 15 år kanskje har andre behov for oppfølging enn dei yngre barna.

– Så eg seier ikkje at det er automatisk diskriminering eller feil, men det er klart at det skal vere trygt og det skal vere forsvarlig, uavhengig av om dei er under barnevernets omsorg eller dei er i eit asylmottak. Dette er barn som vi skal ta vare på uansett, sa barneministeren.

FN kritiserer Noregs praksis

FN har fleire gongar kritisert Noreg for å ha dårlegare omsorgstilbod for dei eldste asylbarna, ifølgje Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).

– Dei meiner det manglar barnefagleg kompetanse og bemanning. Kritikken gjeld også lokala barna bur i, og rettar, høve til å klage over ting og tilsyn, seier Kristen Kolstad Kvalø, seniorrådgjevar i NIM.

Ho meiner det er ei god løysing å la barnevernet overta omsorga, og peikar på at systemet deira er rigga for det.

– Det må følgast av budsjettvedtak, for det kostar ein del fordi barnevernet har høgare standardar, seier Kvalø.

Kirsten Kolstad Kvalø, seniorrådgiver i Norges Institusjon for Menneskerettigheter (NIM).

Kirsten Kolstad Kvalø i NIM.

Foto: Charlotte Førde Skomsøy / Charlotte Førde Skomsøy

MDG set av 670 millionar kroner

På Stortinget er det så langt SV, Venstre, KrF, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne som vil stille seg bak overføringa til barnevernet.

Lan Marie Berg, nestleiar i MDG, har utfordra barneministeren på om ho sjølv vil få fjerna aldersskiljet.

Lan Marie Berg

Lan Marie Berg er nestleiar i MDG.

Foto: William Jobling / NRK

«Det finst ingen objektive vurderingar for skiljet», skriv ho i eit skriftleg spørsmål til statsråd Kjersti Toppe. Svaret har ikkje komme enno.

– Det er ein uforholdsmessig diskriminering av barn som kjem aleine og søker om asyl i forhold til andre barn når dei ikkje får omsorga dei treng, seier Berg til NRK.

Det vil koste 670 millionar kroner frå 1. juli 2024 å overføre omsorga for alle asylbarn til barnevernet, ifølgje Finansdepartementet.

MDG har sett av heile summen i sitt alternative statsbudsjett.

– Eg håper forhandlingane til regjeringa og SV finn plass til det. Enn så lenge har regjeringa vist motstand mot å få desse barna inn under barnevernet, seier Berg til NRK.

Også SV og Raudt opplyser til NRK at dei også set av mindre summar i sine alternative statsbudsjett til barnevern-overføringa.

SV peiker på at det vil ta tid å få til ei lovendring, og har derfor sett av 111 millionar kroner for desember 2024. Raudt har sett av 457 millionar kroner frå 1. juli 2024.

– Vi startar innfasinga av å få asylbarna over til barnevernet, seier Tobias Drevland Lund (R).

Grilla statsrådar på Stortinget

Onsdag var både justisminister Emilie Mehl og barneminister Kjersti Toppe kalla inn «på teppet» i den ordinære spørjetimen for å svare for seg om asylbarn som forsvinn:

  • Raudt og SV utfordra høvesvis barneministeren og justisministeren på kva dei har gjort for å hindre at asylbarn forsvinn.
  • Venstre ville vite korleis det går med å endre på rutinane til politiet.

Justisminister Emilie Mehl (Sp) sa seg nøgd med eigen innsats det siste året, og viste til at politiet heldt på å revidere retningslinjer for alle typar saknasaker.

– Men det er veldig viktig at vi følger opp tett ogsså vidare, og at politiet held fram med å ha dette høgt prioritert, sa Mehl.

Grafikk for Asylbarna
Illustrasjon: Tom Bob Aronsen/KI / NRK