Hopp til innhold

Dei krev at regjeringa svarar for kva dei har gjort for asylbarna

«Rettsskandale» og «moralsk skamplett», seier politiforskar om manglande etterforsking når asylbarn forsvinn. No ber fem parti regjeringa gjere greie for ryddejobben.

Utfordrar regjeringa

UTFORDRAR REGJERINGA: Denne gjengen ber to statsrådar komme til Stortinget. F.v. Dag Inge Ulstein (KrF), Birgit Oline Kjerstad (SV), Tobias Drevland Lund (R) og Ingvild Wetrhus Thorsvik (V). MDGs Lan Marie Berg var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Foto: Silje Rognsvåg / nrk

– Eg blir fortvila, sint og lei meg. Sånt skal ikkje skje, seier Dag Inge Ulstein (KrF).

Han reagerer sterkt på historia NRK fortalde i helga om 9-åringen som forsvann då han skulle ut og handle.

Heile Stortinget vart skaka då NRK i fjor avslørte at over 400 einslege barn og ungdommar som søkte asyl i Noreg frå 2015, sjeldan blei leita etter då dei forsvann frå mottak eller omsorgssenter.

9-åringen er eit av desse barna.

I etterkant av avsløringa slakta politiet sin eigen mangel på etterforsking, og regjeringa kravde at politiet og andre aktørar må gjere ein betre jobb.

Likevel er det framleis barn som forsvinn og ikkje blir leita etter.

Forskar refsar politiarbeidet

– Dette er ein moralsk skamplett på Noregs status som ein humanitær rettsstat. Politikarane må no slutte med retoriske øvingar og samle seg om faktiske tiltak.

Det er Egil Hove Olsvik, førsteamanuensis ved Politihøgskolen, som torar.

Han har forska på korleis politiet har handtert meldingar om sakna asylbarn- og ungdomar, og er ikkje nådig i sin analyse.

– Det er ofte ei oppfatning om at barnet eller ungdommen har forsvunne frivillig. Det får konsekvensar for vidare undersøkingar. Metodikken er godt kjent, men den blir ikkje sett i verk.

Hove Olsvik anslår at rundt 10 prosent av dei 400 som er sakna, ikkje har reist frivillig.

– Det kan sjå ut som om omtrent 15 alvorlege hendingar ikkje har blitt undersøkt i det heile. Her er det varsla om asylsøkarar som kan vere utsett for menneskehandel, er suicidale, involvert i narkotikahandel eller har alvorleg PTSD.

Han kallar det ein «rettsskandale, som bryt med både norsk lov og barnekonvensjonen».

– Det er graverande at sakene ikkje blir prioritert med same grad av verdigheit som andre barn, seier forskaren.

Egil Hove Olsvik ved Politihøgskolen

Egil Hove Olsvik er førsteamanuensis ved Politihøgskolen.

Foto: Philip Hofgaard

Fem parti krev ei utgreiing frå regjeringa

No går fem opposisjonsparti saman om å krevje at regjeringa kjem og greier ut for Stortinget om saka.

– Vi vil vite kva som skjer i regjeringa med å følge opp dette, seier Birgit Oline Kjerstad, asylpolitisk talsperson for SV.

Saman med KrF, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne, utfordrar ho både justisminister Emilie Mehl (Sp) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til å rydde opp.

Toppe har ansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år som bur på omsorgssenter i regi av barnevernet, mens Mehl har ansvar for dei som bur på mottak.

– Dei må komme til Stortinget og fortelje kva som er gjort, kva tenker dei å gjere vidare, og kva er det dei har unnlate å gjere. Vi må få svar på dette no, seier Dag Inge Ulstein i KrF.

– Dette er sårbare barn som er under vern av den norske staten. Då har vi eit soleklart ansvar frå både Stortinget og regjeringa si side for å sørge for å rette opp det som ikkje fungerer, seier Kjerstad.

Utfordrar regjeringa

UTFORDRAR REGJERINGA: Denne gjengen ber to statsrådar komme til Stortinget. F.v. Dag Inge Ulstein (KrF), Birgit Oline Kjerstad (SV), Tobias Drevland Lund (R) og Ingvild Wetrhus Thorsvik (V). MDGs Lan Marie Berg var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Foto: Silje Rognsvåg / nrk

– Ei tung bevisbyrde

Dei fem partia foreslo i vinter å granske kva som har skjedd med dei mange asylbarna og -ungdomane. Det blei nedstemt av Høgre, Frp og regjeringspartia i vår, som meinte at ei gransking ville forseinke eventuelle tiltak som var på gang.

Lan Marie Berg

Lan Marie Berg er nestleiar i MDG.

Foto: William Jobling / NRK

– Det ligg ei tung bevisbyrde på regjeringa og dei store partia for at tiltaka som er gjennomført faktisk fungerer, seier Lan Marie Berg, nestleiar i MDG.

Raudts Tobias Drevland Lund minner om at Stortinget i 2015 vedtok at alle asylbarn skal handsamast likt som norske barn.

– Vi har grunn til å tru at det ikkje skjer i praksis. Ei utgreiing er ei nødvendig oppfølging av dei hundrevis av barna som er forsvunne dei siste åra. Det er våre barn og vårt ansvar, seier Lund.

Ulstein peikar at norske barn blir leita etter med helikopter, varmesøkjande kamera, og manngard.

– Her er det små barn som ingen har leita etter. Sannsynet for at dei er utsett for grov kriminalitet er stor, seier KrF-politikaren.

Kritiserer endra retningslinjer

Ei arbeidsgruppe foreslo i vår fleire endringar. No skal politiet bli varsla innan 24 timar både i eit nytt digitalt skjema og per telefon (sjå faktaboks).

Politidirektoratet opplyser til NRK at dei no held på med å utvikle digitale løysingar for å samarbeide på tvers av etatane.

Men opposisjonspartia er ikkje nøgd med det som har skjedd så langt.

Venstres Ingvild Wetrhus Thorsvik peikar på formuleringa i dei nye retningslinjene om at politiet skal «vurdere vidare oppfølging av meldinga» når det kjem varsel om sakna asylbarn og -unge frå mottak og omsorgssenter.

Det meiner ho er alt for ullent.

Eg meiner at desse retningslinjene burde vore langt tydelegare enn dei er no, seier Thorsvik.

Berre ved at dette har fått skje igjen, som NRK har synleggjort, viser at det må gjerast meir. Vi kan ikkje gi oss før dette aldri skjer igjen, seier Venstre-talspersonen.

Frp krev konkret handling

Også Frp meiner regjeringa må svare for seg.

– Det eg reagerer på, er at det verkar som at systemet openbert ikkje verkar. Det som trengst er konkret handling. Her må det endringar til, og eg ventar at regjeringa faktisk tar tak i det, både på kort og lang sikt, seier Erlend Wiborg, Frps asyltalsperson.

Regjeringa har fått kritikken lagt føre seg, men har så langt ikkje ønska å kommentere.

Politidirektoratet ved leiar for straffesaksseksjonen, John-Magnus Løkenflae, uttalar måndag ettermiddag følgande i ein e-post:

«Mottatte opplysningar om ein sakna mindreårig asylsøker frå asylmottak skal handsamast på same måte som ei kvar anna melding om sakna mindreårig person.»

For konkrete saker viser han til det enkelte politidistrikt. Elles viser Løkenflae til at dei gjeldende retningslinjene for politiet frå 2014 er under revisjon.

«Einslege mindreårige asylsøkarar er særleg sårbare og politidistrikta skal ha tett og løpande dialog med asylmottak i sitt distrikt.»

Når det gjeld arbeidsgruppas endringar i retningslinjene, er arbeidet med desse i sluttfasen og skal sendast frå fagutviklingsapparatet for etterforskningsfeltet til Politidirektoratet i desse dagar.

«Politidirektoratet vil deretter følge opp foreslåtte tiltak.»