Hopp til innhold

Bedriftene i Vestland kastar terning over krisepakkane: Desse tiltaka hjelper mest

Fleire vestlandsbedrifter er hardt råka av «tre tsunamiar på same tid». I ei fersk undersøking svarar ni av ti bedrifter at koronasituasjonen kan verta kritisk for dei.

Koronasmitte

MØRKE UTSIKTER: Krisepakkane hjelper på, men fleire Vestland-bedrifter seier koronapandemien gir kritiske konsekvensar om det varar i to eller tre månadar til. Her frå eit tomt Bergen sentrum om morgonen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det har gått like over 40 dagar sidan det første tilfellet av koronasmitte vart oppdaga i Noreg.

For næringslivet sin del står 12. mars att som ein viktig dato. Det var dagen strenge og inngripande tiltak vart innført av regjeringa.

Næringsalliansen i Hordaland, saman med Sogn og Fjordane Næringsråd, har sidan 12. mars gjennomført tre undersøkingar hjå sine medlemmar..

Den siste undersøkinga er no klar. 759 bedrifter i Vestland fylke har frå 3. til 7. april gitt tilbakemeldingar som malar eit breitt og dystert bilete:

  • Meir enn halvparten av bedriftene har permittert tilsette.
  • Over halvparten svarar at koronaviruset kan verta kritisk for dei (permitteringar, oppseiingar, konkursfare).
  • Kvar tredje bedrift svarar at det vert kritisk om situasjonen varar over lenger tid.

– Mange opplever heilt akutte problem. Fleire vil gå inn i ein kritisk situasjon om dette varar ved. Kvar fjerde bedrift fryktar konkurs. Det er alarmerande, seier administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Marit Warncke til NRK.

Marit Warncke

KRITISK SITUASJON: Situasjonen er alarmerande, seier administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Marit Warncke.

Fleire har permittert

Allereie 19. mars lyste varsellampene raudt hjå bedriftene i området. Då var det 33,7 prosent som svara at dei allereie hadde permittert tilsette. No har den andelen auka til 52 prosent.

For mange vestlandsbedrifter kjem koronasituasjonen i tillegg til to andre hendingar.

Vestlandet har mange bedrifter i leverandørindustrien til olje- og gassnæringa. Dei blir spesielt hardt råka av fallet i oljeprisen og svak kronekurs, i tillegg til korona.

– Nokre omtalar det som å bli treft av tre tsunamiar på same tid. Vi er også det største eksportfylket i Noreg, så alt som skjer rundt i verda verkar sterkt inn på Vestlandet, seier Warncke.

På spørsmål om kor lang tid det vil ta før koronasituasjonen får kritiske konsekvensar, svarar over halvparten av bedriftene to eller tre månadar.

– Det er ein del som klarar å halde folka sine i sving enno. Men vi ser at det er ei stor uro for kva som skjer om ein, to eller tre månadar, seier Warncke.

Ho syner spesielt til kulturaktørane. Både Nattjazz og Bergenfest er avlyst, etter at forbodet mot kultur- og idrettsarrangement vart forlenga til 15. juni tysdag.

Fleire krisepakkar er vedteke av Stortinget den siste månaden.

Folketom Torgallmenningen

TOMT: Med strenge tiltakt forsvann også mange kundar. Ofte kan det vera folketomt i sentrum av byane, som her på Torgallmenningen i Bergen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Desse tiltaka hjelper mest

Fleire krisepakkar er vedteke av Stortinget den siste månaden.

Bedriftene i Vestland har også kasta terning over kva tiltak som har vore viktigast for å få redusert dei negative konsekvensane av pandemien.

I undersøkinga er dei bedt om å gi ulike tiltak karakter frå 1 (lite) til 6 (avgjerande).

Dei viktigaste tiltaka har vore:

  • Redusert arbeidsgivar si lønnsplikt frå 15 til to dagar ved permittering: 4,50
  • Arbeidsgivarperioden ved sjukemelding redusert til tre dagar: 4,35
  • Arbeidsgivaravgifta sett ned med fire prosentpoeng: 4,27

I den andre enden finn vi tiltaka om framskunding av prosjekt innan karbonfangst og lagring (2,27) og utsett betaling av formuesskatt (2,79).

– Kontantstøtta ei lette for bedriftene

Seinast tysdag vedtok Stortinget kontantstøtte på opp mot 50 milliardar kroner for å hjelpe norsk næringsliv gjennom koronapandemien.

Støtta er meint å dekke mesteparten av dei sokalla faste og uunngåelege utgiftene til bedrifter med stort inntektsfall. Dei bedriftene som har blitt pålagt å stenge drifta, skal få mest.

Bergen Næringsråd legg ikkje skjul på at akkurat denne støtta har vore svært viktig for fleire aktørar.

– For veldig mange vil det å få lån vere det same som å utsette elende. Så det var veldig mange som venta på denne pakken, og den er ein lette. Det betyr at til dømes hotellnæringa vil få 80 prosent av sine faste kostnadar dekka, seier Warncke.

Les også: Brukte 15 millionar på å skape turistperle – meiner krisepakka ikkje fungerer