Hopp til innhold

Brukte 15 millionar på å skape turistperle – meiner krisepakka ikkje fungerer

2020 var året då familien endeleg skulle hauste av slitet dei har lagt ned på det vesle aktivitetshotellet i Aurland.

Tone Rønning Vike

UROA: Eigar av gardshotellet 292 Aurland, Tone Rønning Vike.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

No må Tone Rønning Vike og ektemannen heller kjempe for at livsverket skal overleve. For avbestillingane renn inn, det gjer også pengane frå konto, folk skal ha betalt tilbake når dei avbestiller.

– Det er veldig tunge dagar, eg tar mot avbestilling for avbestilling, pengane ryk ut. Eg er bekymra for arbeidsplassane, bedrifta vår som har kosta blodslit, og framtida vår, seier eigar Tone Rønning Vike.

Ho meiner den nasjonale smittedugnaden mot koronaviruset er skeivt fordelt. Medan nokre yrkesgrupper held fram å tene pengar som før, risikerer andre å stå att på berr bakke.

Vike har nyleg skrive debattinnlegg både i Dagbladet og Bergens Tidende, der ho tek til orde for andre måtar å møta smitteutfordringa på.

Aurland kommune er fjerde størst i tal tilreisande turistar i Noreg, arbeidsløysa er no på 20 prosent.

– Folk som har tatt opp gjeld, og investert helse, familieliv og draumar i verksemdene sine står i fare for å miste livsgrunnlaget, seier Vike.

Gardshotellet 292 Aurland

GARDS og AKTIVITETSHOTELL: I fem år har familien bygd opp eit reiselivstilbod på garden. I år var det venta rekordomsetnad.

Foto: 292 Aurland

Meiner tiltakspakken ikkje treff sesongbedrifter

Førre veke la regjeringa fram sin tiltakspakke. Den kan koste staten 20 milliardar i månaden. Pakken skal gjere at bedrifter som taper inntekter får støtte ut frå omsetning for same månad i fjor. Ordninga skal gjelde for mars, april og mai, men kan bli forlenga.

Rønning Vike meiner støtta ikkje treffer godt nok for sesongbedriftene. Hennar verksemd er i vekst, i fjor omsette dei for 20 000 kroner i april månad, i år ville dei omsette for 200 000.

– Inntektstapet frå i år til i fjor kan ikkje samanliknast. Vi har hatt ein vekst som ikkje kjem inn under pakken. Det er berre småpengar vi får kompensert, seier Vike.

For store delar av reiselivet utanom byane er det juni til august som er inntektsmånadane. No er utgiftene enorme for sesongbedriftene, medan inntektene er heilt vekke.

Vike meiner ein må rekne heile inntektsåret når ein skal kompensere, og betale ut over 12 månader.

– Vi treng å dele inntektene frå tre månader på heile året, seier Vike.

NHO: – Det er fullstendig katastrofe

Næringspolitisk fagsjef Ole Michael Bjørndal i NHO Reiseliv seier tapet for sesongbedriftene er alvorleg.

– Krisa er enorm, for tida er norsk reiseliv nærmast ikkje eksisterande. Det er fullstendig katastrofe. Vi fryktar ei mengde konkursar, og derfor er det så viktig å få ei god og treffsikker kompensasjonsordning.

Håpet er at tiltakspakken etter kvart skal bli meir treffsikker.

– Det er lettare å løyse utfordringane for bedriftene som har jamn inntekt heile året. Dei som har ope frå mai til oktober vil ikkje kunne vise til tilsvarande omsetningsfall, dette blir det jobba med.

Regjeringa: – Vi gjer det vi kan

Statssekretær Jan Christian Kolstø i Nærings- og fiskeridepartementet seier dei er klare over utfordringane.

– Det viktigaste no har vore å få på plass ei mellombels ordning. som kan bidra til at levedyktige bedrifter ikkje blir nedlagde. I tillegg har vi føreslått at pakkereisearrangørane sin frist for tilbakebetaling til dei reisande vert utvida frå 14 dagar til 3 månader.

Kolstø seier regjeringa vil følge situasjonen løpande.

– Vi gjer kva vi kan for å sikre norsk økonomi, og for å assistere næringslivet.

– Løpet er køyrt i sommar

Denne veka er Tone Rønning Vike i møte med banken for å sikre seg pengar til rekningane. Bedrifta som var i god vekst, står no nesten utan inntekt.

– Løpet er køyrt i sommar, 98 prosent av gjestane våre er utanlandske, seier Vike.

Håpet er at fleire nordmenn vel å reise i eige land for å oppdage dei små perlene.

– Vi har ynskt oss fleire nordmenn i alle år, men nordmenn åleine kan ikkje dekke dei tapa vi står overfor no, seier Vike.

Tone Rønning Vike

NEKTAR Å GI SEG: Eg skal ikkje bli blant dei seks av ti reiselivsverksemdene om er truga av konkurs, seier Vike.

Foto: Sondre Dalaker / NRK