Fleire norske festivalar og idrettsarrangement blir avlyst

Tiltaka mot koronaviruset gjer at alle festivalar og idrettsarrangement med publikum som skulle blitt arrangert før 15. juni, er avlyst. Det varslar kulturminister Abid Raja.

Abid Raja

AVLYSER: Omsynet til smittevernet gjer at fleire norske festivalar blir avlyst i år, seier kulturminister Abid Raja.

Foto: Heiko Junge

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Forbodet mot større folkemengder for å avgrense spreiinga av koronaviruset, har gjort at sommarens festivalar har levd i uvisse. No varslar kulturminister Abid Raja at alle festivalar og idrettsarrangement som skulle gått av stabelen før 15. juni, blir avlyst for å avgrense spreiing.

– Og så gjer vi ei ny vurdering for resten av sommaren seinast første veka i mai.

Mange må difor framleis leve i uvisse nokre veker til, men Raja seier det er viktig at alle arrangørane får ei avklaring så snart som råd.

Bislett Games

Bislett Games skulle vore arrangert 11. juni, og er blant idrettsarrangementa som no blir avlyst.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Bislett Games skulle ha vore arrangert 11. juni, men som blir avlyst som følge av vedtaket til regjeringa. Men stemneleiar Steinar Hoen seier til NRK at dei vurderer å flytte stemnet.

– Vi jobbar med alternative kalendrar. Det blir også jobba med alternative format.

Bergensfest er også ein av festivalane som blir ramma. Dei skriv i ei pressemelding at dei er i dialog med fleire av artistane om å opptre neste år i staden.

Grunnlaget for å vidareføre forbodet mot idretts- og kulturarrangement er dei generelle helseråda om å halde minst to meter avstand og ikkje vere meir enn fem personar i ei gruppe, seier Raja.

– Det er smittevernet som er det avgjerande. Det er viktig at vi tek vare på liv og helse til folk, og at vi ikkje bidreg til å spreie smitte.

Det betyr alt frå små konsertar til store musikkfestivalar og idrettsarrangement som skulle ha vore arrangert på forsommaren, no må avlyse.

Vil vente

Tysdag vidareførte den danske regjeringa forbodet mot store folkemengder i Danmark til over sommaren. Raja seier den norske regjeringa ønsker å bruke litt meir tid før dei tek ei endeleg avgjerd for heile sommaren.

– Vi treng eit breiare grunnlag for å ta avgjerdene. Vi har hatt eit langt møte i regjeringa i dag, og også fått råd frå helsestyresmaktene, og med bakgrunn på det, har vi sagt at vi skal ha ein breiare gjennomgang av korleis sommaren kan bli, og etter det ta ei meir informert avgjerd.

Roskilde 2016

Roskilde-festivalen skulle feire sin 50. festival i år, men må avlyse etter at den danske regjeringa har vidareført forbod mot samlingar av større folkemengder til å gjelde over sommaren.

Foto: Mathias Loevgreen Bojesen / AFP

Raja legg samtidig til at det er vanskeleg å sjå føre seg at forbodet kan bli oppheva i mai slik situasjonen er no.

– Eg ser at dette treffer kulturlivet hardt. Over 80 prosent av kultursektoren er sjølvstendig næringsdrivande eller frilansarar som lever på å gå frå eitt arrangement til eit anna. Når alt dette no står i fare for å bli avlyst, smertar både meg og regjeringa, seier Raja.

Heidrar kreative tiltak

Det danske vedtaket gjorde at den tradisjonsrike Roskilde-festivalen valde å avlyse i jubileumssesongen. Tidlegare har også den britiske festivalen Glastonbury vald å avlyse på grunn av smittevern og artistar som har avlyst turneen sin.

Fleire av artistane på desse festivalane skulle spelt på andre europeiske festivalar i sommar, også i Noreg. Dette kan difor få konsekvensar for norske festivalar, sjølv om regjeringa skulle opne opp i mai.

Raja håper likevel at kulturlivet skal kunne kome seg gjennom koronakrisa.

– Eg håper kompensasjonsordningar kan vere eit lite bidrag, at ein skal klare å overleve som sektor og kome seg over på andre sida av koronasituasjonen.

Raja varslar også at det kan kome fleire tiltak for sektoren når revidert nasjonalbudsjett kjem i mai.

Sondre Lerche spiller live-konsert på Facebook.

Sondre Lerche hamna i karantene etter at han kom heim til Noreg frå USA. Mange følgde med då han spelte livekonsert frå stova si.

Forbodet mot større folkemengder har ført til mange avlysingar. Samtidig har det dukka opp mange nye tilbod med konsertar på nettet, digitale museumsutstillingar og drive-in kino.

– Eg vil takke alle som bidreg til å gi folk eit lite pusterom i situasjonen vi er i no. Alle dei kreative tiltaka som har kome frå kulturlivet, helsar eg velkommen. No kan ein digital konsert aldri erstatte det å vere til stades, men det er betre enn ingenting.

Fleire aktørar kritiske

Men ikkje alle er tilfredse med det Raja presenterte i dag. Norsk musikkråd meiner man ikkje har tid og råd til å vente på fleire avklaringar, dersom man har arrangement etter 15. juni.

Arrangørane og festivalane våre, som sysselset tusenvis av musikarar og titusenvis av frivillige, treng meir føreseielegheit. Dei må få vite no kva dei skal gjere ut sommaren. Musikkfrivilligheiten taper ein milliard ut august, seier styreleiar i Norsk Musikkråd, Bjørgulv Vinje Borgundvaag.

Også Anne Marit Nevassvik, direktør for Stiklestad nasjonale kultursenter, er kritisk. Ho er ansvarleg for Spelet Om Heilag Olav, som kvart år tiltrekkjer tusenvis av tilskodarar i slutten av juli.

Vi treng føreseielegheit nå. Å skulle få beskjed ein gong i mai om kva som skjer opplever vi som seint. Det er veldig mange involverte i ein så stor produksjon, det er også mange skal få sitt honorar, og det er krevjande å handtere situasjonen sånn han er no.

Status Norge

Sist oppdatert: 05.06.2020
8504
Smittet
23
Innlagt
238
Døde

Kulturstrøm

  • Facebook fjernet hat-innlegg

    Facebook har grepet inn mot nær 200 kontoer knyttet til hvite nasjonalister som skal ha planlagt å møte opp på demonstrasjoner, i noen tilfeller med våpen. Kontoene var knyttet til Proud Boys og American Guard, to hatgrupper som alt er stengt ute.

  • Hollywood gjenåpner 12. juni

    Film- og TV-produksjon kan gjenopptas i Hollywood og California fra 12. juni dersom lokale helsemyndigheter godtar det. Det sier Californias guvernør Gavin Newsom ifølge Reuters.