Hopp til innhold

Gigantprosjektet på E16 blir flytta: Får likevel ikkje vegen rett gjennom bygda

I årevis har dei frykta at gigantutbygginga av «Noregs verste veg» skulle øydeleggja bygda. No har Statens vegvesen gitt seg.

Ny E16/jernbane. Alternativ B1 i Vaksdal

TRAFIKKMASKIN: Lokalsamfunnet Vaksdal frykta at bygda slik skulle bli delt i to av både ny dobbelspora jernbane og ny Europaveg 16 i tillegg til dagens E16. No blir motorvegen flytta lenger opp i dalen.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Red Ant

Tettstaden Vaksdal ligg om lag midt mellom Bergen og Voss.

Og det ligg midt i traseen for å pusse opp E16, som NRK kåra til Noregs verste veg.

Dette kan bli ein slags forstad til byen dersom det kjem ny jernbane og ny, firefelts motorveg aust for Bergen i retning Voss.

Planen er at den sterkt ras- og ulukkesbelasta strekninga langs bratte fjordsider skal erstattast av så godt som samanhengande tunnellar mellom Arna bydel i Bergen og tettstaden Stanghelle i Vaksdal kommune.

Denne kombinerte og svært kostbare samferdslesatsinga står øvst på den politiske ønskelista i Vestland, og har lenge vore eit folkekrav langs denne delen av Bergensbanen og E16.

Frykta «utsletting»

Men samstundes har det vore sterk lokal motstand mot den løysinga Statens vegvesen føreslo der den nye E16 skal passera tettstaden Vaksdal.

Ordføraren frykta at lokalsamfunnet skulle bli utsletta.

Ny E16/jernbane. Alternativ B1 i Vaksdal

Med alternativ B1 ville Vaksdal fått ein trafikkmaskin der jernbane, motorveg og den gamle E16 delte dalen og bygda i to.

Ny E16/jernbane. Alternativ B1 i Vaksdal

Trafikkmaskinen ville blitt ein massiv barriere mellom øvre og nedre del av bygda.

Ny E16/jernbane. Alternativ B2 i Vaksdal

No tilrår Statens vegvesen heller å flytta motorvegen opp i dalen, ovanfor bustadområda, og heller ofra gardsbruket Tolåsen.

Ny E16/jernbane. Alternativ B2 i Vaksdal

Dermed blir det berre den nye jernbanen og den gamle E16 som kryssar gjennom Vaksdal-bygda.

For både vegen og jernbanen skulle etter planen kryssa dalen og dela den i to. Dette ville danna ein massiv barriere mellom dei ulike bu- og næringsområda i Vaksdal-bygda.

Men no tilrår vegvesenet heller å legga den nye vegen utanfor Vaksdal sentrum.

I staden vil dei bygga den via gardsbruket Tolåsen. Det ligg under ein kilometer lenger oppe i dalen.

Enklare og raskare byggjing

Dette kjem fram i deira endelege forslag til reguleringsplan for ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle. I forslaget dei i dag har sendt til Samferdselsdepartementet har dei dermed tatt omsyn til dei lokale protestane.

– Dette er også det som dei aller fleste innbyggjarane på Vaksdal ønskjer, og alternativet er tilrådd av kommunane Voss, Vaksdal og Bergen samt Vestland fylkeskommune.

Det seier Gunnar Søderholm. Han er prosjektleiar for planfasen i fellesprosjektet. Men også vegvesenet sjølv meiner at denne løysinga er betre.

– Me har vurdert på nytt korleis utbygginga kan gjennomførast. Det viser seg at dette alternativet er enklare å byggja og får kortare byggjetid.

Ny E16/jernbane. Alternativ B1 i Vaksdal

VEGVESENET SNUR: Jernbanen blir lagt nede til venstre, E16 blir lagt oppe til høgre.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Red Ant

Dersom departementet godkjenner reguleringsplanen om ein månad, seier han at det kan bli byggjestart i 2024.

– Me håpar reguleringsplanen er godkjend i månadsskiftet januar/februar.

Glad ordførar

For ordførar Hege Eide Vik (Sp) er dette godt nytt.

– Me er glade for at Statens vegvesen no snur. Å leggja både jernbanetraséen og motorvegen tett i tett, ville delt bygda i to.

Ho viser til at når ny E16 blir plassert ovanfor bebyggelsen, får ein meir areal til å vidareutvikla Vaksdal sentrum.