Hopp til innhold

Delshad unngjekk så vidt steinen som rasa ut i vegen: – Eg tenkte «no døyr eg»

Onsdag kveld raste ein stor stein på eitt tonn ut i vegen på E16 ved Bolstadøyri. Berre to dagar tidlegare raste det ved Dalseidtunnelen på same strekninga.

Delshad Deshti ble nesten truffet av raset.

PÅ JOBB: Delshad Deshti er trygt tilbake på jobb på butikken etter den sjokkerande opplevinga på vegstrekninga mellom Voss og Bergen onsdag kveld.

Turen på veg heim til Voss frå Bergen vart med eitt dramatisk for Delshad Deshti då ein stor stein rasa ut i vegen rett framfor nasen på han.

I mørket såg han noko som rørte seg, som han tenkte var eit dyr. Først då han kom nærare såg han den store steinen som låg i vegen.

– Eg tenkte «no kjem eg til å krasje og døy», seier han til NRK.

Deshti la seg hardt på bremsa og svinga til venstre i vegbana, før han sette på naudblinken.

– Eg hadde flaks. Eitt sekund seinare ville eg ha krasja.

Den tredje bilen som kom på staden køyrde rett inn i steinen.

– Vi hadde ikkje moglegheit til å gi han beskjed tidsnok, så etter det parkerte eg bilen bak steinen med naudblinken på, seier Deshti.

STEINRAS: På E16 ved Bolstadøyri rasa det onsdag kveld stein og tre ut i vegen.

EITT TONN: Vegen var stengt helt til torsdag ettermiddag etter at ein stein rasa ut på E16 ved Bolstadøyri onsdag kveld.

Foto: Vest politidistrikt

Rasutsett strekning

NRK kåra den frykta strekninga mellom Voss og Bergen til Noregs farlegaste veg i 2018.

Berre den siste månaden har det vore tre ras på denne E16-strekninga.

Deshti fortel at han stadig høyrer om ras og ulykker på vegen.

– Eg seier til familien min «eg køyrer no, men eg veit ikkje når eg kjem tilbake».

Steinras på E16 10.11.2021

EITT TONN: Ein stor stein på eitt tonn raste ut i vegen ved Bolstadøyri onsdag kveld.

Foto: Emil Solbakken / Statens vegvesen

Seinast tysdag denne veka var det eit steinsprang ved Dalseidtunnelen i Vaksdal.

Den 8. oktober køyrde ein bil inn i ein stein som hadde rast ut i vegen mellom Bolstad og Vassendatunnelen. Alle i bilen kom uskadd frå det.

Også steinnedfall frå tunnelar er relativt vanleg på E16. 26. oktober fall til dømes ein stein ned frå taket i Arnanipatunnelen.

Ifølge geolog Emil Solbakken er det ikkje overraskande at det skjer ras her.

– Dette er eit registrert skredpunkt med jamlege hendingar med stein som kjem i vegen, så overraskande er det ikkje, seier Solbakken.

Ras Vaksdal

TO SKRED PÅ 14 DAGAR: På desse hundre meterane av E16 gjennom Vaksdal gjekk det to store skred i mai 2015. Eit lokaltog med 40 passasjerar måtte bråstogge då jordmassane kom ned frå den bratte fjellsida.

Foto: Rikke Emilie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

Ein ser ofte at det kjem fleire steinsprang i periodar med mykje nedbør, ifølgje Solbakken. Men han understrekar at det kan skje når som helst.

Ordførar: – Uhaldbart

Ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøb, er forferda etter dei to rasa som har gått siste veka.

– Situasjonen på E16 i vår region er heilt uhaldbar. Det går ras på ras, annankvar dag her no, så det er heilt håplaust. seier han.

Hans-Erik Ringkjøb

FORFERDA: Ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøb, meiner E16 er utrygg.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK Hordaland

Ifølge Ringkjøb er den einaste løysinga å bygge nytt. Dette er ein prosess han meiner tek for lang tid.

– Vi veit at første fase til Stanghelle er vedtatt, så det må finansierast. Men vi må få fortgang på andre fase frå Stanghelle til Voss, for det er der dei siste rasa har gått, seier han.

– Ein må forstå at dette er hovudvegen mellom aust og vest, så at det skal gå mellom 20 og 30 år for å få ein sikker veg mellom Bergen og Voss, det er heilt uhaldbart, tordnar han.

– Lite sannsynleg at det rasar meir

Rasområdet er undersøkt med drone. Det viser at det framleis ligg lause massar att i skredløpet.

Ras E16, 10.11.21

LAUSE MASSER: Det var lause masser att i skredløpet dagen etter raset.

Foto: Emil Solbakken / Statens vegvesen

– Vi vurderer det som mogleg, men lite sannsynleg at det kjem meir. Det som eventuelt kjem, ligg i låg høgde over vegen og vil då kome med låg hastigheit og stanse i grøfta, seier Emil Solbakken, geolog i Statens vegvesen.

Torsdag ettermiddag opna vegen att.

E16 ras bilførar

RASUTSETT: Strekninga mellom Voss og Bergen er eit registrert skredpunkt, ifølge geolog i Statens vegvesen, Emil Solbakken.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Det er sett opp betongelement langs strekninga for å hindre nye blokker å rase ut i vegen.

Statens vegvesen skal no vurdere tiltak for å sikre bergveggen, mellom anna bolting og reinsking av lause blokker.

Når dette vil bli gjort, er avhengig av vêret. Det må vere trygt for dei som skal sikre bergveggen.