Hopp til innhold

Varslarsakene står i kø i kommune med 1100 innbyggarar

Jondal har brukt over ein million kroner på granskingsrapportar. No står åtte personar bak ny kritikk i Hardanger-kommunen.

Jondal i Hardanger.

BETENT: Fleire betente personkonfliktar har munna ut i varslingssaker, rådmannsavgangar og høge advokatutgifter i vesle Jondal kommune.

Foto: Gro Heidi Åsen / Jondal kommune

Fleire betente arbeidskonfliktar har skapt splid i den vesle kommunen dei siste åra.

I kommunen med knappe 1100 innbyggjarar har fleire tilsette sidan 2015 varsla om mobbing, trakassering og kritikkverdig leiing.

Over éin million kroner er allereie brukt på rapportar og rådgjeving.

Jondal skal i 2020 slå seg i lag med naboane Odda og Ullensvang. Men det er ikkje harmoni som pregar det siste kapittelet i Jondal kommune si 172 år lange historie.

No står så mange som åtte personar bak nye tilfelle av varsel og uromeldingar.

I vinter kom det fjerde varselet på like mange år i ein kommune med drygt 200 kommunalt tilsette.

– Me var nøydde til å seia ifrå. Som kollegaer har me eit ansvar for å gi beskjed når nokon blir trakasserte, seier éin av varslarane til NRK.

NRK har vore i kontakt med fire av dei. Éin ynskjer å stå fram med namn, men NRK har vald å anonymisera alle med omsyn til varslarane og kollegaen dei varslar på vegner av.

Av omsyn til varslarene, har NRK vald å heller ikkje identifisera leiaren.

– Eg er ein tydeleg sjef, men eg kjeftar ikkje, repliserer den aktuelle leiaren.

«Rykte og baksnakk»

NRK har tidlegare omtalt fleire varslingssaker i Jondal. I 2015 varsla to tilsette mot sin eigen sjef – rådmannen. Dei kjende seg mobba, motarbeidde og dårleg behandla. Varselet blei i tillegg signert av fleire i kommunen.

Då Arbeidstilsynet var på tilsyn året etter, resulterte besøket i seks avvik. Eitt av haldepunkta var at kommunen ikkje makta å ta tak i eigne konfliktar.

Rapporten påviste aldri mobbing eller trakassering, men eit halvt år seinare inngjekk rådmannen og ordføraren ein sluttavtale.

Hausten 2016 kom eit nytt varsel, denne gongen med påstandar om korrupsjon og kameraderi i kommuneleiinga.

Men som NRK omtala i juli, frikjende ein ny granskingsrapport dei fem toppleiarane på alle punkt.

«Rykte og baksnakk», konkluderte rapporten, som i staden retta kritikken mot varslaren, den same kvinna som hadde varsla året før.

I juli sa kvinna opp jobben. Likevel får varslaren støtte frå fleire i kommunen.

MF "Ølen" ved Jondal (2009)

JONDAL: Ferjekaien, midt i kommunesenteret, har i årevis stått sentralt i kommunen. Det same har det kvite og blå kommunehuset, der arbeidsmiljøet tidvis har vore ampert.

Foto: Harald Sætre

Nye varsel i kommunen – peikar på ukultur

For den tidlegare rådgjevaren er ikkje den einaste som melder om dårlege arbeidsforhold i Jondal.

I februar blei eit nytt varsel, signert fem personar, lagt på rådmannen sitt bord.

Varselet, retta mot ein leiar i kommunen, gjekk også til Arbeidstilsynet.

– Over tid er vår kollega utsett for trakassering, utskjelling og irettesetting av sin sjef. Det har gått ut over vår kollega, som i lang tid har vore sjukmeld, seier ein av dei fem varslarane.

I tillegg har ytterlegare tre tilsette – ved ei anna eining – vore i fleire møte med kommunen. Triggerordet er «kritikkverdige forhold». Også her handlar det om korleis leiaren går fram og opptrer overfor tilsette.

Ved begge einingane har fleire vore sjukmelde på grunn av arbeidsmiljøet, får NRK opplyst.

I ein kommune med rundt 200 kommunalt tilsette til saman, utgjer dei fem varslarane om lag halve avdelinga.

– Det er eit lite samfunn, der slike saker går hardt ut over dei som er involverte. Det er vondt og vanskeleg, og tøft å stå i, seier ein av varslarane.

Rapport reinvaska leiar

Ein Fafo-rapport om ytringsfridom og varsel (ekstern lenke) i norske kommunar og fylkeskommunar slår fast at varslarar har det verst i offentleg sektor. Destruktiv leiing som er øydeleggande for arbeidsmiljøet, er det mest opplevde kritikkverdige forholdet.

I Jondal oppstod den siste konflikten når den aktuelle avdelinga blei organisert under ein ny sjef. I varselet hevdar dei tilsette at leiaren mellom anna tek frå personar arbeidsoppgåver og ansvar slik leiaren finn det for godt. Dei meiner også at leiaren ikkje følgjer lova.

– Det var kome til eit punkt der me var nøydde til å seia ifrå. Som kollegaer har me eit ansvar og ei plikt etter arbeidsmiljølova, seier ein av dei andre tilsette som har signert.

Kommunen bestilte ein rapport frå selskapet Bedriftshelse1 på Voss, som undersøkte påstandane og døma som dei tilsette lista opp.

Rapporten kosta kommunen 223.000 kroner.

Etter ein lengre intervjurunde, var konklusjonen tydeleg:

Utøvinga av leiing var innanfor det ein som arbeidstakar må rekna med.

– Slik me tolka rapporten, slo han fast at alle me fem laug, seier ein av varslarane.

NRK kjenner til konklusjonen, men har til no ikkje fått innsyn i rapporten.

Kommunehuset Jondal

BLÅHUSET: Kommunehuset i Jondal, populært kalla "Blåhuset", har stått sentralt i fleire av varsla. Men også andre einingar er råka av varslingssaker dei siste åra.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Eg er ein tydeleg sjef, men eg kjeftar ikkje

Leiaren sjølv avviser kritikken i varselet. Vedkomande omtalar situasjonen som svært lei, men tilbakeviser påstandane om utskjelling, latterlegjering og trakassering av tilsette.

– Det stemmer ikkje. Rapporten som blei skriven slår fast at eg har utført styringsretten eg har som arbeidsgjevar. Rapporten viste punkt for punkt at eg ikkje har brote noko lov, seier den aktuelle leiaren.

– Som leiar er eg ganske tydeleg, men eg kjeftar ikkje. Og har eg gjort feil, lar eg meg korrigera.

Leiaren viser til eit støttebrev, som etter varselet blei signert av vedkomande sine mellomleiarar. Dei gav sjefen sin full støtte.

– Eg har støtte internt i vår avdeling, og eg trur leiarane ser det.

Ville ikkje bruka omgrepet «varsel»

Også i andre avdelingar har tilsette meldt om eit dårleg arbeidsmiljø. Igjen er det leiaren i den aktuelle avdelinga kritikken blir retta mot.

– I møta med leiinga, etter at me melde frå, har me blitt møtt med stor forståing. Oppfølginga har vore bra, understrekar ein av dei tilsette NRK har snakka med.

Dei har valt å ikkje omtala kritikken som eit varsel. Frykta er at den betente situasjonen etter fleire varslarsaker i Jondal, vil gjera situasjonen verre.

Rådmannen beklagar tidsbruk

Dei fem varslarane krev å bli organisert på ein annan måte, slik at dei slepper å måtta forholda seg til den aktuelle leiaren.

– Det har gått eit halvt år. Framleis skapar denne saka sjukmeldingar hjå oss. Ingenting har skjedd, seier ein av varslarane.

Rådmann Reidar Isdal beklagar at saka har tatt tid. Han forklarar tidsbruken med arbeid knytt til dei andre varslingssakene, og sjukmelding i administrasjonen.

Rådmannen avviser ikkje at det kan bli gjort endringar i organiseringa, men seier han festar lit til rapporten som reinvaska leiaren frå påstandane.

– Rapporten er tufta på mange intervjurundar og er ei rein faktaundersøking. Han konkluderer tydeleg og viser til at det ikkje er gjort noko som bryt med lova eller går utanfor det ansvaret leiaren har som arbeidsgjevar, seier rådmannen.

Han understrekar at han meiner varslarane er godt tekne vare på i denne saka. At fleire av varslarane kjenner seg stempla som løgnarar, tek han til etterretning. Han avviser at kommunen ser situasjonen slik.

– Eg legg til grunn at det kan vera ulike oppfatningar av ting, og at ein tolkar situasjonar på ulike måtar.

Jondal kommunehus
Foto: Synnøve Horvei / NRK

– Uheldig for ryktet til Jondal

Kommunen har til no brukt over ein million kroner på faktaundersøkingar, granskingsrapportar og juridisk bistand.

– Desse sakene er uheldige for arbeidsmiljøet vårt, dei er uheldige for omdømet vårt, og dei er uheldige for dei involverte. Sakene krev mykje energi, og har teke fokus vekk frå andre viktige saker me skal jobba med.

Isdal stadfestar også at kommunen har vore i møte med dei tre tilsette i den andre avdelinga.

– Men eg tolkar ikkje det som ei varslingssak. Det er uro, slik ein må forventa kan oppstå på ein arbeidsplass.

Men fleire seier at mange er og har vore sjukmelde som følgjer av det dei kallar dårleg arbeidsmiljø. Kva tenker du som rådmann om det?

– Eg kjenner ikkje til at den årsaka du skisserer er grunnen til det, men om det er tilfellet, er det sjølvsagt veldig uheldig.

Birthe Eriksen

GLAD FOR STØTTE: Birthe Eriksen representerer kvinna som i juli sa opp jobben. Ho seier kvinna er glad for å få støtte.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Arbeidstilsynet vurderer nytt tilsyn

Stig Berge Matthiesen har skrive doktorgrad om mobbing på arbeidsplassen og sit i regjeringa sitt varslarutval. Han har overfor NRK tidlegare peika på at konfliktar gjerne blir ekstra vanskelege i små kommunar.

– Når alle kjenner alle og det er nære relasjonar, blir fallhøgda stor når ein først varslar. Ei vanleg oppfatning er at ein tek person i staden for ball, forklarar BI-professor Matthiesen.

Regiondirektør Borghild Lekve stadfestar at Arbeidstilsynet framleis følgjer situasjonen i kommunen tett.

– Det er ingen umiddelbare planar om eit nytt tilsyn, men me utelukkar ikkje at me vil gå inn på nytt tilsyn seinare, seier Lekve.

– Arbeidstilsynet lukka seks pålegg på bakgrunn av tiltak Jondal kommune rapporterte at dei ville setja i gang. Er de tilfredse med tiltaka kommunen sette i verk?

– At Arbeidstilsynet lukkar pålegga, betyr ikkje at alt er strålande vel, men me registrerer at dei har gjort det som er minimumskravet for å lukka pålegga.

Marita Scott var tilsynsleiaren som leia tilsynet i 2016. Ho opplyser at dei har planlagd eit oppfølgingsmøte med Jondal i haust.

– De har fått fleire brev om dårleg arbeidsforhold etter at de lukka tilsynet. Meiner Arbeidstilsynet at Jondal kommune gjer nok for å sikra eit god arbeidsliv for sine tilsette?

– Dette kan ikkje eg svara på. I eit tilsyn kan me seia om det er brot på arbeidsmiljølova – men då skal også alle partar koma til orde. Me er ikkje i ein tilsynsprosess no og ønskjer ikkje å ha synspunkt på dette, seier Scott.

Jondal kommune sin tidlegare økonomisjef og det tidlegare hovudverneombodet uttalte til NRK i juli at dei meiner kvinna som varsla i 2015 og 2016 har blitt dårleg behandla.

Dei to grupperingane som NRK har snakka med, trekk fram eks-rådgjevaren som ein «ressursperson som tora å seia ifrå».

Birthe Eriksen representerer kvinna som i juli sa opp jobben. Ho seier kvinna er glad for å få støtte.

– At det er fleire enn min klient som melder frå, viser at det finst forhold i kommunen som ingen grip fatt i.