Hopp til innhold

Ny storkommune i Hardanger etter splid og omkamp

JONDAL(NRK): Med knappast mogleg margin sa Jondal ja til å gå inn i den nye storkommunen i Hardanger. – Dette betyr ikkje at alle såra er borte, seier ordføraren.

Kommunestyret i Jondal

SJEKKAR: I juni vart samanslåingsplanane velta av ein utmeld Ap-vara. I kveld passa Ap-leiar Olav-Magnus Hammer (til venstre) på at medlemene stemte ja til ny storkommune i Hardanger.

Foto: NRK

Ullensvang kommune er namnet på den nye kommunen i Hardanger. Med ni mot åtte stemmer sa Jondal-politikarane ja til å slå seg saman med Odda kommune og Ullensvang herad frå 2020. Med det har alle dei tre kommunane vedteke samanslåing.

Nye Ullensvang kommune

– Krevjande

Gruppeleiar Olav-Magnus Hammer (Ap) har gått i bresjen for den omdiskuterte omkampen i Jondal.

– Det har vore ein krevjande prosess og ein lang innspurt. No ser me fram til å starta samtaler med Odda og Ullensvang, seier Hammer etter det ekstraordinære kommunestyremøtet onsdag kveld.

Representantane frå Arbeiderpartiet, Høgre og Kristeleg folkeparti stemte for samanslåing. Berre Senterpartiet stemte mot.

– Eg må vedgå at eg er litt skuffa, men utfallet er ikkje uventa. Eg er mest av alt trøytt av saka, seier ordførar Jon Larsgrad (Sp).

Olav-Magnus Hammer

LETTA: Olav-Magnus Hammer (Ap) har vore drivkrafta bak omkampen som i kveld resulterte i at Jondal seier ja til Odda og Ullensvang.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Splittande prosess

Kommunereforma til Jan Tore Sanner har vore ei opprivande affære for dei 1100 innbyggjarane i Jondal. Eit knapt fleirtal sa nei til samanslåing i folkerøystinga i vår.

– Sjølv om saka er avgjort, betyr ikkje det at alle såra som saka har skapa er borte, sa ordførar Jon Larsgard (Sp) like etter røystinga.

Trass det sprikande svaret frå innbyggjarane hadde Ap, H og Krf bestemt seg for å stemma ja då spørsmålet først kom opp i kommunestyret i mai.

Torill Marion Endal Svåsand

MELDE SEG UT: Torill Endal Svåsand ville ikkje følgja partiet og melde seg ut av Ap. – Til sjuande og sist så føler eg at me skal lytta til folket, sa Svåsand i juni.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vararepresentanten melde seg ut

Men då ein av Arbeidarpartiet sine faste representantar var vekkreist på jobb, nytta ein vararepresentant høve til å velta planane.

Partiet forsøkte forgjeves å få flydd den faste representanten tilbake frå Nordsjøen med helikopter, men mislukkast. Dermed sikra Torill Endal Svåsand eit knappast mogleg flerital for at kommunen med knappe 1100 innbyggjarar skulle halda fram åleine.

Utenfor ungdomshuset i Jondal

FOLKEHAV: I juni møtte innbyggjarane opp for å mana politikarane til å stemma ned samanslåing. I kveld vart nei-vedtaket gjort om: Jondal seier ja til samanslåing.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det velta fleire brikker i spelet om det nye kommunekartet i Hordaland.

Ap, H og Krf nekta å innsjå nederlaget, og har i sommar jobba for å få saka teken opp att. Kritikken mot gruppeleiar Hammer og dei andre reformvennlege lokalpolitikarane i Jondal har difor hagla i sosiale medier etter at Jondal-ordførar Larsgard førre veke måtte innsjå nederlaget og kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte.

– Meiner du at de har følgt folket sin vilje?

– Me meiner me har forstått tala i folkerøystinga rett, når me seier at det var åtte personar som skilde ja og nei-sida, seier Hammer.

Jon Larsgard

SPLID: Senterparti-ordførar Jon Larsgard trur såra som kommunereforma har skapa vil vera opne hjå mange i Jondal i tida framover.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Burde ha vurdert ny folkerøysting

Larsgard deler ikkje vurderinga til Ap-gruppeleiaren, men innser at slaget er tapt.

– Dette var ikkje uventa. No blir det ein annan kvardag framover enn det eg har sett for meg dei siste månadene.

Ordføraren meiner fleirtalet burde ha vurdert å gjennomføra ei ny folkerøysting, denne gongen med berre to alternativ: ja eller nei.

– Kanskje blir såra i befolkninga litt djupare etter måten det no skjedde på, meiner Larsgrad.