Hopp til innhold

Varsla om kameraderi og korrupsjon i kommuneleiinga – ny rapport stemplar henne som ryktemakar

Advokatrapport slår fast at personalrådgjevaren i Jondal kom med grunnlause påstandar. Kommuneleiinga blir blankt frikjent. Men rapporten får sterk kritikk frå andre kommunetilsette.

Jon Larsgard, ordfører Jondal kommune

BELASTANDE: Jondal-ordførar Jon Larsgard (Sp) er ein av fem kommunetoppar som blei skulda for korrupsjon og «privatpraksis». – Eg er glad for at rapporten konkluderer såpass tydeleg.

Foto: Mette Anthun / NRK

Sidan 2015 har den vesle kommunen ved Hardangerfjorden handtert fleire varslarsaker. NRK omtala i fjor den eine av dei to sakene, der personalrådgjevaren i kommunen varsla Arbeidstilsynet om sin eigen sjef; rådmannen.

Saka resulterte i at rådmannen slutta i jobben to månader seinare.

Men bråket slutta ikkje der.

Den same varslaren leverte hausten 2016 eit nytt varsel, der ho skulda heile toppleiinga i kommunen for korrupsjon og «privatpraksis».

Varselet førte til at kommunen hyra inn advokatfirmaet Storeng, Beck & Due Lund (SBDL), som gjennomførte ei gransking.

Eit og eit halvt år etter at varselet blei sendt inn, frikjenner granskingsrapporten fem kommunetoppar for alle skuldingar.

Blant dei er ordførar Jon Larsgard (Sp).

– Eg er glad for at rapporten konkluderer såpass tydeleg. Det gir grunnlag for at me kan avslutta denne delen av saka og forhåpentlegvis gå vidare.

«Rykter og baksnakk»

Etter at Arbeidstilsynet var på tilsyn i kommunen sommaren 2016, utarbeida advokatselskapet ein granskingsrapport.

Den slo fast at Jondal kommune hadde brote arbeidsmiljølova og at det psykososiale arbeidsmiljøet var uforsvarleg.

Men kort tid etter fekk kommunen eit nytt varsel på bordet.

I eit brev sendt til kontrollutvalet, med tittelen «Korrupsjon og privatpraksis», retta den same personalrådgjevaren krass kritikk mot ordføraren, avgått rådmann og sentrale personar og leiarar i administrasjonen.

Blant påstandane, som var både konkrete døme og generelle betraktningar, var:

  • Samanblanding mellom politikk og administrasjon i kommunen.
  • Kameraderi og privatpraksis knytt til anbodspraksis og tilsetjingar og ulovlege innkjøp.
  • Manglande openheit, dokumentasjon og referatføring og tilbakehalding av informasjon frå administrasjon til politiske organ.
  • Hemmeleghald av viktig informasjon mellom leiarar i kommunen.
  • Lovstridig behandling i varslingssaker.

Ein internrevisjon avdekte fleire avvik, mellom i kommunen sine habilitet-, arkiv- og innkjøpsrutinar, og gav kvinna medhald i at kommunen mangla systemkontroll på fleire område.

Men fleire påstandar var for vanskelege å etterprøva. På nytt blei difor advokatfirmaet SBDL hyra inn for å gjera undersøkingar.

Konklusjonen i den 71 sider lange rapporten er at varslaren ikkje kan dokumentera påstandane sine. Varselet om økonomisk korrupsjon og kameraderi blir avfeia som ryktespreiing og usanningar.

I staden rettar advokatselskapet krass kritikk mot personalrådgjevaren som varsla:

«Våre undersøkingar viser at NNs påstandar om korrupsjon bygger på rykte og baksnakk i kommunen (...). Med dette som bakgrunn er vår vurdering at kommunen som arbeidsgivar må følge opp denne saka i forhold til NN".

I tillegg blir kommunen beden om å ta eit oppgjer med eigen kultur om baksnakking og ryktespreiing.

Jondal i Hardanger.

JONDAL: Kommunen med 1100 innbyggarar ligg idyllisk til ved Hardangerfjorden, men har slite med dårleg arbeidsmiljø i fleire år.

Foto: Gro Heidi Åsen / Jondal kommune

– Vanskeleg å dokumentera

Birthe Eriksen er advokat for varslaren. Ho har site i regjeringa sitt varslingsutval og har også skrive ein doktorgrad i varsling. Eriksen er sterkt kritisk til prosessen.

– Dette overgår mykje av det eg tidlegare har sett. Kommunen har fått eit varsel om alvorlege forhold, men granskinga blir i staden retta mot varslaren. Det snur heile prosessen på hovudet.

I eit brev til rådmannen skriv advokaten at klienten hennar også har varsla på vegner av andre i kommunen. Til NRK opplyser Eriksen at minst to eller tre andre personar i kommunen står bak, men dei torer ikkje stå fram.

– Min klient har forsøkt å vera ein bodbringar, men det har kosta henne dyrt. I sin posisjon som personalrådgjevar, har ho nærast hatt ei lojalitetsplikt for å bringa vidare informasjon som folk har kome til henne med. Ho har redegjort skriftleg for ei rekke kritikkverdige forhold ho har fått informasjon om, og som ho sjølv har observert. Deretter har ho varsla vidare internt.

– Rapporten trekkjer fram at det ikkje blir ført bevis for til dels sterke skuldingar. Varselet inneheld også påstandar av ulik grad, enkelte går langt tilbake i tid. Kor er dokumentasjonen?

– Mykje har vore vanskeleg å dokumentera, men både internrevisjonen og Arbeidstilsynet sitt tilsyn i 2016 peikar på fleire av dei same tinga som min klient tar opp. Ein arbeidstakar sin varslingsrett står sterkt, og sjølv om det skulle vera slik at ein varslar tar feil, er det ikkje slik at ein skal bli skulda for ryktespreiing, seier advokaten.

I brevet til rådmannen skriv Eriksen at rapporten bygger på feil og svakheiter og at den «i realiteten legitimerer den systematiske gjengjeldelsen» som klienten hennar har blitt utsett for som varslar.

Eriksen meiner det er sett av mykje plass i rapporten til dei det er varsla om, men hevdar sentrale punkt frå andre kjelder ikkje er teke med.

– Me kjenner oss ikkje igjen i rapporten. Den gir ikkje eit riktig bilete av dei forholda som har fått utspela seg i Jondal over lang tid.

Birthe Eriksen

ADVOKAT: Birthe Eriksen representerer den tidlegare personalrådgjevaren. Eriksen meiner kommunen ikkje har tatt vare på varslarvernet til klienten.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Svært belastande

Ordførar Jon Larsgard seier saka har vore utmattande for kommunen som organisasjon og belastande for dei som har vore skulda. Det gjekk nesten eit år før alle fekk fullt innsyn i kva dei var skulda for. Den lange ventetida har skapt unødvendige spekulasjonar, meiner Larsgard.

– Skuldingane mot oss har vore veldig generelle, utan tilvising til konkrete saker, og har i avgrensa grad gått inn på meg personleg.

I rapporten går advokatselskapet punktvis gjennom påstandane. Deretter får dei som er skulda kommentera det som vert påstått.

Gjennomgangsmelodien er at dei avviser eller ikkje kjenner seg att i det som blir skildra i varselet.

NRK har forsøkt å kontakta fleire av dei skulda kommunetoppane. Dei NRK har fått kontakt med, har ikkje ynskt å kommentera rapporten.

– Slike påstandar i eit lite samfunn som Jondal, er vonde for dei det gjeld. Det får store konsekvensar, og har også ei kostnadsside, seier Larsgard.

For saka har hatt stor innverknad på økonomien. SBDL har det siste halvtanna året fakturert Jondal kommune for 969.000 kroner.

– Det er store kostnader som ein sjølvsagt skulle ha vore forutan. Men når ein hamnar i slike situasjonar er tilrådinga å søka ekstern hjelp. Det har vore heilt naudsynt for oss.

Ordføraren ynskjer ikkje å kommentera kritikken mot rapporten frå advokat Eriksen.

– Rapporten har vore gjennom full kontradiksjon, og dei involverte har fått høve til å gje sin versjon. Deretter har dei fått lesa gjennom det som er blitt referert.

Men ikkje alle deler synet til ordføraren.

Tilsette kallar rapport for «bestillingsverk»

Morten Aasbø har vore tilsett i Jondal i over tjue år, i tre periodar som økonomisjef. Han slutta i jobben i 2016, men arbeider i dag som rådgjevar. Han har som eitt av ti vitne vorte intervjua av advokatselskapet.

Han er sterkt kritisk til konklusjonane i rapporten og kallar han eit bestillingsverk:

– Slik rapporten er forma ut vitnar han om å vera eit bestillingsverk. Det er ikkje verdi i rapporten når han er belyst så einsidig. Eg ser frå mine svar som er gjevne att at rapporten framstiller fakta på ein skeiv måte.

Aasbø støttar varslaren. Han meiner likevel ho har «kokt saman» litt for mykje i det ho har varsla om.

– Det er fleire småting i varselet som er vanskeleg å dokumentera og gå etter. Det gjer at varselet står fram som svakt. Men ho har rett i fleire av punkta, og i fleire tilfelle meiner eg det er godt dokumentert. Her blir alt avfeia som rykte. Det blir feil, seier Aasbø.

Som mangeårig økonomisjef meiner han det i lang tid har gått føre seg «korrupsjonsliknande handlingar».

– Har du vore vitne til korrupsjon, som rapporten i særleg grad har fokusert på?

– Korrupsjon er eit sterkt og alvorleg ord. Eg definerer korrupsjon som korrupte handlingar sett i system. Det har eg ikkje belegg for å meina. Men at det har førekome korrupte handlingar? Ja.

Jon Larsgard

SKULDA: Ordførar Jon Larsgard (Sp) var ein av fem i kommuneleiinga som blei skudal for korrupsjon.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Uverdig behandling

Cato Underhaug var hovudverneombod i kommunen då varslarsaka starta. Han signerte også varselet som var retta mot den tidlegare rådmannen i 2016.

Underhaug har jobba i kommunen i sju år. No snakkar han ut om det han meiner er ein ukultur.

– Eg har ikkje lese heile rapporten, men ut frå hovudtrekka konstaterer eg at det er som venta. Rapporten svertar henne som varslar, og frikjenner alle som blir skulda for noko. Det har fått utvikla seg ein ukultur over tid, som handlar om verdiane til dei som har leia kommunen. Det har vore ein manglande evne til å ta tak i problema som dukkar opp.

Også han omtalar rapporten som eit bestillingsverk.

– Varslaren har på ein grundig måte teke opp problem som fleire har diskutert og forsøkt løfta fram. Eg meiner ho har blitt behandla på ein uverdig måte.

NRK har vore i kontakt med partnar Nils Storeng i SBDL og lagt fram kritikken frå advokat Eriksen og kritikken mot rapporten.

Han tilbakeviser kritikken.

– At advokaten til varslaren, som ikkje har fått gjennomslag for sine påstandar, kritiserer rapporten, er som venta. Arbeidet frå vår side var grundig og det var aldri noko tvil om konklusjonen. Det fanst ingen dokumentasjon, seier Storeng til NRK.

Kommunehuset Jondal

KOMMUNEHUSET: Fleire tilsette har dei seinare åra varsla om kritikkverdige tilhøve i Jondal kommune.

Foto: Mette Anthun / NRK

Varslar vurderer søksmål

Personalrådgjevaren tok ut eitt års ulønt permisjon etter konflikten i samband med det første varselet. Denne månaden sa ho opp jobben.

No vurderer ho søksmål mot kommunen, opplyser Eriksen. Ho meiner seg utsett for gjengjelding frå rådmannen, og meiner Jondal kommune har gjort seg skuldig i brot på personvernlova.

Rådmann Reidar Isdal avviser skuldingane om gjengjelding.

– Eg stiller meg uforståande til det. Det var ei problemstilling eg var veldig obs på i samband med at ho returnerte.

Han er ikkje overraska over at ho valde å slutta i jobben. Samstundes vedgår han at kommunen burde ha handtert varselet på ein betre måte.

– Først og fremst burde dei som er skulda fått vita om påstandane tidlegare. For oss er det mykje lærdom å ta med seg vidare. Det er heller ikkje tvil om at saka har vore ei belastning også for varslaren.

Rådmannen er overraska og lei seg for at Aasbø og Underhaug ikkje festar lit til konklusjonane i rapporten. Han avviser óg kritikken frå Underhaug.

– Eg er heilt usamd i påstanden om at dette er eit bestillingsverk. Rapporten blei bestilt for å få ei god og uhilda undersøking. Om det er ting som burde ha vore med, men som ikkje kjem fram i rapporten, stiller eg meg undrande til at det ikkje har kome fram på eit tidlegare tidspunkt, seier Isdal.

Han vedgår at Jondal framleis har utfordringar knytt til arbeidsmiljøet. NRK veit at kommunen handterer ei ny varslingssak. I tillegg veit NRK at tilsette i andre einingar har kome med uromeldingar over ein lengre periode.

– Me slit med etterdønningane av varslingssakene. No blir det viktig å få avslutta desse sakene, læra av dei og koma oss vidare. Den saka som no er komen inn, vert behandla i tråd med varslarreglementet vårt.