Hopp til innhold

Ti kommunar vil greie ut storkommune - men ikkje alle vil

Ti kommunar i Sogn og Sunnfjord vil greia ut ein eller fleire storkommunar i regionen.

Arve Helle

TRUR PÅ SAMARBEID: Fjaler-ordførar Arve Helle seier dei er nøydde til å ta debatten om samanslåing eller samarbeid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Askvoll, Fjaler og Hyllestad har allereie vedteke å finna ut om ei samanslåing av dei tre kommunane kan vera liv laga.

No vil også kommunane frå Flora til Balestrand få vurdert dette, fortel ordførar i Fjaler, Arve Helle.

– Eg tykkjer responsen er positiv, men eg hadde ærleg talt forventa det sidan vi er nøydde til å ta desse debattane, seier han.

Håper på betre økonomi og tenester

Fleire storkommunar kan vera på trappene i Sogn og Sunnfjord. Frå Flora og Solund i vest til Jølster og Balestrand i aust seier dei no ja til å få greidd ut samanslåing av kommunar.

Initiativet kjem frå Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Og ordføraren i Fjaler, Arve Helle, meiner større kommunar kan bety betre økonomi og betre tenester for innbyggjarane.

– Vi veit det er ting som vi kvar for oss er for små til å handtere. Det kan bli betre med ei samanslåing eller ved interkommunalt samarbeid.

– Må sjå på med opne auge

Fjaler har saman med Hyllestad og Askvoll allereie bestemt seg for å greia ut ei kommunesamanslåing, no når nye brua over Dalsfjorden kjem. Ein storkommune kan òg ha plass til fleire naboar, seier Helle.

– Det er heller ikkje så veldig langt til Gaular og Førde. Vi må sjå på dette med opne auge.

Men nokre seier nei

Håkon Myrvang

SEIER NEI: Ordførar Håkon Myrvang seier nei til utgreiinga no.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tre kommunar har sagt nei til ei utgreiing; Gulen, Bremanger og Naustdal. Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, forklarar kvifor.

– Vi valde å ikkje gå inn på dette no, både på grunn av ressursar og kapasitetsutfordringar.

Fjalerordførar Arve Helle tykkjer dette er litt merkeleg.

– Men eg må berre respektere det valet dei har gjort, meg eg tykkjer ikkje vi skal stoppe av den grunn.