Hopp til innhold

Ukraina-krigen skaper rekordhøg cruisetrafikk til Noreg

Cruiseskip som skulle til Baltikum vert omdirigert. Det gjer at talet på cruise-anløp i Noreg aldri har vore høgare.

Cruiseskipet MS Iona i morgensol mellom Randaberg og Kvitsøy på vei til Stavanger. Det er 344,5 meter langt og har plass til 5206 passasjerer og et mannskap på 1762.

EIN AV MANGE: Det har aldri vore så mange cruiseanløp i Noreg som i år, men ikkje alle cruiseskipa har vore fulle.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Nordfjordeid i Vestland legg eit cruiseskip til kai.

AIDAnova, som skipet heiter, er eit av 2935 cruise-anløp i Noreg så langt i år.

Etter at cruisetrafikken kollapsa under pandemien, har trafikken tatt seg raskt opp og blitt større enn nokosinne.

– Krigen i Ukraina har gjort at skip som skulle til St. Petersburg og baltiske hamner må finne nye hamner, seier Inge Tangerås, som er dagleg leiar i Cruise Norway.

I praksis betyr det rekordåret 2019 er passert, allereie før sesongen er over.

– Du går faktisk i eksos

Cruiseturismen har lenge vore omstridd, heilt inn i Kongehuset.

«Du går faktisk i eksos», sa Dronning Sonja då ho skildra ein fjelltur i «cruise-hovudstaden» Geiranger i fjor.

Hos NRK Ytring skriv jurist Bengt Waldow at cruiseturistar er som «senile sauer» og «berre til plage».

– Det er på høy tid at Noreg tar et oppgjer med denne aller mest parasittiske og miljøfiendtlege forma for turisme, skriv han.

Cruiseskipet AIDAnova på Nordjfordeid.

Med sine 337 meter og plass til over 6000 personar om bord er «AIDA Nova» blant dei største cruiseskipa. Her til kai på Nordfjordeid sist veke.

Foto: Seline Larsen / NRK

Han fekk svar på tiltale frå stortingsrepresentant Olve Grotle (H) som hevda at cruisetrafikken ikkje var til «skrekk og forarging, men til glede og nytte.»

– Då pandemien råka oss, såg vi kor mykje cruisenæringa betyr. Folk sakna dei vakre skipa på fjordane, lengta etter å sjå dei tilbake med kjekke og kjøpesterke passasjerar om bord, skrev han.

Tal frå Innovasjon Noreg viser at ein gjennomsnittleg cruiseturist i snitt legger att 970 kroner i Noreg per dag.

Til samanlikning bruker ein «vanleg», utanlandsk feriereisande 1715 kroner kvar dag. Talet inkluderer overnattingskostnadar, som cruiseturistane «slepper».

Dronning Sonja på Skageflå, Geiranger

SVEVESTØV: «Du går faktisk i eksos», sa Dronning Sonja då ho skildra ein fjelltur i Geiranger i fjor. Her frå ein Geiranger-tur i 2006.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Sel mest julejuler

Harald Fagerstrand driv butikken Monrad Johnsens på Nordfjordeid.

Han gleder seg over kvar einaste cruiseturist som kjem innom for å handle julekuler, vikingar og kjøleskapsmagnetar.

– Julekuler. Det er det eg sel mest av, seier han.

Harald Fagerstrand

Fagerstrand noterer kvar gong ein cruiseturist kjem inn og kor mykje pengar dei bruker. – Om nokon brukar 200 kroner, er det 200 kroner eg ikkje hadde fått.

Foto: Seline Larsen / NRK

I 2018 vedtok Stortinget at cruiseskip må vere heilt utsleppsfrie før dei får segle i inn verdsarvfjordane Geirangerfjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Kravet gjeld frå 2026. For dei andre fjordane er lova ikkje like streng.

Kravet kom etter at Sjøfartsdirektoratet i 2017 slo fast at utsleppa i Geiranger og Flåm skapte «helsefarlege mengder svevestøv».

I Bergen svarte dei med å ta i bruk Environmental Port Index (EPI) «til å presse eldre skip ut» (sjå faktaboks).

Eksempelvis vil eit cruiseskip som kjem til Bergen betale mellom 80.000 og 250.000 kroner i avgifter, avhengig av kor flinke dei er til å redusere utsleppa sine.

– Vi ser ein positiv trend som heng saman med at vi har færre eldre skip, men luftforureining er like fullt ei utfordring, sa hamnesjef i Bergen, Even Husby, til NRK tidlegare i år.

Til no i år har Noreg tatt imot 3.840.000 cruiseturistar, eit tal som er venta til å stige til 4 millionar i løpet av året.

– Prisane på båten er veldig høge

Neste år er det venta fleire.

– Det er heilt topp, seier Fagerstrand.

Jessica og Florian Alberding frå Tyskland på besøk på Nordjordeid.

– Ser vi noko vi likar så kjøpar vi det, seier Jessica og Florian Alberding frå Tyskland.

Foto: Seline Larsen / NRK

Inga Rossow frå Hamburg har vore innom butikkar i Haugesund, Ålesund og på Nordfjordeid.

– Vi kjøper suvenir til familien, elles brukar vi mest pengar på forskjellig mat og drikke på daglegvarebutikkane. Prisane på båten er veldig høge på snacks, seier ho.