Hopp til innhold
Replikk

Ja takk til cruisetrafikk

Cruisenæringa gjev store inntekter til norske turistkommunar. Då må vi løyse problema som finst, i staden for å fjerne næringa.

Flåm. Cruiseskip

Etter pandemien er cruisetrafikken på veg tilbake. Ikkje til skrekk og forarging, men til glede og nytte, skriv replikkforfattarane. Bildet er frå Flåm i Vestland fylke.

Foto: Shutterstock

Bengt Waldow kunne cruise inn i helga med ei kraftsalve mot norsk cruisenæring på NRK Ytring. Han burde bli sett av i første hamn.

I over 150 år har norske bygder og byar helsa cruiseskip og passasjerar velkommen. Velkommen til flotte opplevingar, velkommen til å leggje att pengar for å sikre verdiskaping og arbeidsplassar.

Å seie at cruisegjestane berre er til plage er ei grov fornærming både av gjestane og ikkje minst av alle dei som har cruisetrafikk som viktig del av inntektsgrunnlaget.

Grøn omstilling er nødvendig òg i cruisenæringa, og det er vi i gang med.

I dei beste sesongane har over 4 millionar passasjerar kunne gå i land i norske hamner. Då pandemien råka oss, såg vi kor mykje reiselivet, inkludert cruise, betyr. Folk sakna dei vakre skipa på fjordane, lengta etter å sjå dei tilbake med kjekke og kjøpesterke passasjerar om bord.

No er trafikken på veg tilbake. Ikkje til skrekk og forarging, men til glede og nytte. Trafikken kjem ikkje berre til tradisjonelle cruisedestinasjonar, men og til nye hamner som Nordfjordeid og Måløy. Over alt blir dei helsa velkomne.

Flåm er ei av dei store norske cruisehamnene, med årleg besøk av kring 150 skip. Dei legg att 250 millionar kroner, i form av kaiavgifter, handel og ikkje minst til lokale og regionale aktivitetar og attraksjonar.

Å avvikla ei heil næring er ikkje vegen å gå.

Cruisegjestene er her saman med dei mange andre turistane. Saman sikrar dei flotte opplevingstilbod, nyskaping og investeringar for framtida.

Grøn omstilling er nødvendig òg i cruisenæringa, og det er vi i gang med. Løysinga ligg i ny teknologi, strengare internasjonale krav og elektrifisering av hamnene. Her ligg Noreg i front.

For verdsarvfjordane har Stortinget mål om nullutslepp, men framleis cruiseaktivitet. I Flåm og fleire andre hamner er det innført differensierte miljøavgifter og avgrensing av dagleg trafikk.

Å seie at cruisegjestene berre er til plage er ei grov fornærming.

Planar for landstraum og full elektrifisering av hamna ligg klare. Dette er investeringar som sjølvsagt føreset at cruisetrafikken held fram, slik Stortinget har vedteke.

Ingen vil hevde at cruise er problemfritt.

Men å avvikla ei heil næring er slett ikkje vegen å gå.