Hopp til innhold

Tysklands største parti opnar for ny kjernekraft

«Atomsjokket» i 2011 gjorde at Tyskland vedtok å avvikle all atomkraft. Nå er det fleire som angrar.

Cll7Oc5qkQY

TYSKLAND: I 2011 vedtok Tyskland å avvikle all atomkraft innan 2022 etter «atomsjokket» i Fukushima. No er dei ikkje like sikre.

Foto: Reuters

Den tyske opposisjonsleiaren, Friedrich Merz frå kristendemokratiske CDU, seier i eit intervju med den svenske avisa Dagens Industri at vedtaket om å avvikle kjernekraft var ein blunder og eit feilsteg.

Arbeidet blei leidd av Merz' partikollega, tidlegare forbundskanslar Angela Merkel.

Vi prøver å rette opp igjen feilen, seier Merz til avisa.

Tilsvarande signal har komme frå fleire andre tyske parlamentarikarar.

I 2011 vedtok Tyskland å avvikle all atomkraft innan 2022 etter «atomsjokket» som følgde av ulykka i Fukushima.

Sluttdatoen har sidan blitt skove på, men større «innrømmingar» sit langt inne.

Bakgrunnen er at kampen mot atomkraft har vore ein symboltung del av den tyske miljørørsla og «ikonografien til forbundsrepublikken» heilt sidan 70-talet.

Sidan har den russiske fullskala-invasjonen av Ukraina ført til fornya debatt om energikjelder, og kasta om på etablerte frontar og vedtak.

Friedrich Merz

Den tyske opposisjonsleiaren, Friedrich Merz frå kristendemokratiske CDU, seier at det tyske vedtaket om å avvikle kjernekraft var ein blunder.

Foto: Fabian Sommer / AP

Kjernekraft er den perfekte motgifta

I desember sa Sverige ja til å bygge to store atomkraftverk innan 2035, og tidlegare i januar kom nyheita om den største kjernekraft-satsinga i Storbritannia på 70 år.

Kjernekraft er den perfekte motgifta mot energiutfordringane som Storbritannia står ovanfor. Kjernekraft er grøn, billigare i lengda, og kjem til sikre energiforsyninga vår, forklarte statsminister i Storbritannia, Rishi Sunak.

I Noreg vart tanken om straum frå kjernekraft skrinlagt av Stortinget i 1975, og har sidan vore eit ikkje-tema. Iallfall fram til no.

Noreg bør bidra til at utbygginga av kjernekraftverk i Sverige, skriv tidlegare statsråd Ola Borten Moe i ein Ytring.

Vennene våre i miljørørsla bør støtte heilhjarta opp om dette initiativet. Som dei så høveleg har påpeika, har vi ikkje berre ei klimakrise, men også ei naturkrise, skriv han.

I motsetning til den tyske atomdebatten har ikkje det norske ordskiftet om kjernekraft vore like tett kopla til spørsmål om identitet, men har historisk hatt sterke motkrefter blant naturvernarar og på venstresida.

JGEEuGD-KU4

Kampen mot atomkraft har vore ein symboltung del av den tyske miljørørsla og «ikonografien til forbundsrepublikken» heilt sidan 70-talet.

Foto: Ap

I dag er motstanden representert ved Norsk Industri, Fornybar Noreg og NHO, symbolisert ved ein omstridd rapport om nytta av Små Modulære Reaktorar (SMR) som blei lagd fram i november.

– Rystad Energys analyse viser at kjernekraft ikkje er svaret på kraftbehovet mange bedrifter har dei neste to tiåra. Vi ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt på lang sikt. Det får tida vise, sa viseadministrerande direktør i NHO, Anniken Hauglie, ved mottakinga.

Sidan førte ordskiftet om rapporten til at NTNU-rektoren måtte gå av.

– NHOs forsøk på å parkere debatten om kjernekraft har spora av i ei smørje med NTNU-rektor Anne Borg i hovudrolla, skriver Anders Bjartnes, som er redaktør i Energi og Klima.

Les også Anne Borg gjekk av etter sterk kritikk – Tor Grande er ny rektor ved NTNU

Anne Borg på ekstraordinært styremøte. Borg går av som rektor.

Fleire og fleire får opp auga

Mindre merksemd har det vore om den nye Fornybarplanen til Vestland fylkeskommune.

Planen presiserer at «det er ingen konkrete planar om kjernekraft i fylket», men legg til at små modulære reaktorar (SMR) er «svært trygge» og «konkurransedyktig på pris».

– Eg tolkar det som at fleire og fleire får opp auga for kor viktig kjernekraft er i energimiksen, seier medlem i fylkestinget, Frank Willy Djuvik (Frp) til NRK.

Frank Willy Djuvik

– Det er synd at det tok så lang tid, og at det måtte ei energikrise til før folk fekk opp auga for potensialet til kjernekraft, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Håvard Nyhus / NRK

I 2003 foreslo han at Noreg burde byggje kjernekraftverk, og at Gulen ytst i Sognefjorden kunne eigne seg for lagring av atomavfall.

Utspelet blei møtt med hovudristing og latterleggjering. No konstaterer han at det som var eit radikalt forslag «har vorte mainstream».

Energipolitisk talsperson for same parti, Marius A. Nilsen, skriv i ein kronikk hos Altinget at myndigheitene bør nytte «momentumet» for kjernekraft til å bygge opp den norske kompetansen på området.

Behovet for uhilda oppdatert kunnskap, gjerne i samarbeid med fagmiljø i våre naboland er presserande, og er noko som leiande aktørar i politikken og næringslivet burde ønske velkommen, i staden for å låse seg til utdaterte og feilaktige konklusjonar om kjernekraft, skriv han.

QdX8-D6IGNI

Tidlegare utanriksminister i Tyskland, Joschka Fischer, kallar gassrøyrleidninga til Russland for deira «største tabbe sidan andre verdskrig».

Foto: FILIP SINGER / Epa