Hopp til innhold

Anne Borg gjekk av etter sterk kritikk – Tor Grande er ny rektor ved NTNU

– Tvilen som har oppstått i denne saka kan eg ikkje leve med i rolla som rektor, sa Anne Borg i det ho gjekk av som rektor ved NTNU.

Anne Borg på ekstraordinært styremøte. Borg går av som rektor.

GÅR AV: Anne Borg gå av som rektor ved NTNU umiddelbart.

Foto: Skjermdump, styremøte NTNU

– Det har vore ein tøff dag for Anne, for NTNU og for meg personleg.

Det seier ny konstituert rektor ved NTNU, Tor Grande.

Konstituert rektor ved NTNU Tor Grande.

Konstituert rektor ved NTNU Tor Grande har vore prorektor for forsking og formidling ved NTNU. Han søkte på jobben som rektor ved NTNU i 2019 då Anne Borg fekk jobben.

Foto: Morten Andersen / NRK

Eg kjenner meg igjen i ein stoltheit over å vere tilsett ved NTNU, seier Grande.

Anne Borg fråtrer som rektor ved NTNU umiddelbart.

– For meg er det NTNU sitt beste som tel, seier Borg.

Ekstraordinært styremøte

Styret ved NTNU møttest for eit ekstraordinært styremøte for å diskutere Anne Borg si handtering av kjernekraftdebatten i norske medium.

Eg ser fram til å jobbe saman med Tor om korleis me skal styre NTNU vidare fram til ny rektor blir tilsett.

Det sa styreleiar ved NTNU Remi Eriksen om ny konstituert rektor.

Forskarane Jonas Kristian Nøland og Martin N. Hjelmeland blei offentleg kritisert av NTNU-rektor Anne Borg i eit lesarinnlegg ho skreiv i DN.

– Eg opplever det som ei dolking i ryggen.

Det sa Nøland til NRK tidlegare denne veka.

Ny konstituert rektor, Tor Grande, på rektorkontoret på NTNU.

Konstituert rektor ved NTNU, Tor Grande, på rektorkontoret. Skrivepulten til Anne Borg står tom.

Foto: Morten Andersen / NRK

NTNU har ein jobb å gjere

Lojalitet til arbeidsgjevar skal normalt ikkje kome i konflikt med ytringsfridom, seier Eriksen.

Styremedlem Ingrid Bouwer Utne seier det som har kome fram i saka er viktig å ta tak i.

Heile saka har også vore ein vekkar for viktigheita for akademisk ytringsfridom.

Ytringsfridom og band til næringslivet er noko Bouwer Utne meiner universitetet må jobbe vidare med.

– NTNU har ein jobb å gjere, legg ho til.

Også styremedlem Aksel Tjora påpeiker at saka er ein viktig vekkar for universitetet.

Eg håper merksemda rundt denne saka og konklusjonen det har fått kan hjelpe NTNU, seier Tjora.

Forsking- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (SP) meiner akademisk ytringsfridom er ein helt nødveldig føresetnad.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch.

Forsking- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (SP) takkar Anne Borg for veldig god innsats som rektor ved NTNU. Bilete er tatt då ministeren besøkte NTNU i august.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Eg har følgt denne saka tett, og forstår godt at ho har skapt reaksjonar. No har Anne Borg valt å trekka seg. Det var ei klok avgjersle, seier Borch.

Ministeren legg til at det er viktig at akademikarar kan tale fritt for at me kan stole på vitskapen.

– Derfor styrkjer me vern av den akademiske ytringsfridommen i forslaget til ny universitets- og høgskulelov, seier Borch.

No går styrer inn i eit lukka møte for å konstituere ny rektor ved NTNU.

– Eg ønsker ny rektor lukke til med arbeidet framover, seier Borg til slutt.

Pressen følger det ekstraordinære digitalt frå NTNU.

Det ekstraordinære styremøtet går føre seg digitalt. Pressa følger møtet frå eit møterom på NTNU.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kritiserte eigne tilsette i lesarinnlegg

Borg skreiv i lesarinnlegget sitt at forskarane Nøland og Hjelmeland har ein retorikk og diskusjonsform ho ikkje kunne stå inne for.

Dei hadde kalla ein rapport, laga for NHO, om kjernekraft for eit bestillingsverk og at det var «kjøpt og betalt». Rapporten konkluderte med at kjernekraft ikkje var eit godt alternativ i Noreg.

Forskarane ved NTNU meiner analysearbeidet ikkje står i forhold til konklusjonane i rapporten.

Nesten samtidig publiserte Nøland og Hjelmeland sin eigen rapport om kjernekraft, som er fagfellevurdert. Dei kom til motsett konklusjon.

Og så blei dei offentleg kritiserte av eigen rektor.

SMS mellom rektor ved NTNU, Anne Borg, og Anniken Hauglie i NHO.

Rektor ved NTNU, Anne Borg, sende ei tekstmelding til Anniken Hauglie i NHO dagen før ho sende lesarinnlegget til DN.

Foto: NTNU

I etterkant av sitt lesarinnlegg har Anne Borg blitt kritisert for å setje grenser for ytringsfridomen. Ho har også beklaga at ho kritiserte korleis hennar tilsette formulerte seg.

På styremøtet fredag 15. desember gjekk Anne Borg av som rektor ved NTNU.

Les også NTNU-ansatte fikk offentlig kritikk av rektor – føler seg dolka i ryggen

Jonas Kristiansen Nøland ved NTNU står i en beige t-skjorte.

Samarbeidsavtale mellom NTNU og NHO

20. november inngjekk NTNU og NHO ein samarbeidsavtale med varigheit på to år.

– Styret ber om at eksisterande relevante avtalar blir gjennomgått for å sikre akademisk fridom og NTNU sin uavhengigheit, seier styreleiar.

Samstundes vil ikkje Eriksen kommentere konkrete avtalar.

Eg har ikkje noko spesifikk kommentar til denne avtalen. Eg har ikkje sett meg inn i avtalen.

Heller ikkje konstituert rektor Grande vil kommentere avtalen med NHO.

– Det må eg kome tilbake til etter at styret har gått gjennom avtalen.

Intensjonsavtalen har som mål å bygge gode relasjonar og strukturar mellom universitetet og handelsorganisasjonen.

– NTNU har lange tradisjonar med sterkt samarbeid med næringslivet, seier Grande.

– Det er ein del av NTNU sitt DNA.

Han legg til at det er klokt av universitetet å ha slike avtalar som regulerer samarbeidet med næringslivet.

Hovedbygget ved NTNU Gløshaugen

Styret ved NTNU skal gå gjennom avtalar universitetet har med aktørar i næringslivet.

Foto: Morten Andersen / NRK

– No forventar eg at statsråden går grundig inn i dei avtalane som er inngått. Den som har kome fram no er ikkje roande på nokon måte.

Det seier utdanningspolitisk talsperson frå SV Grete Wold.

– Eg undrar meg over kva andre avtalar som truar truverdet ved forskingsmiljøa i Noreg.

– Me kan ikkje berre snakke om fri og uavhengig forsking, den må følgast opp i praksis, legg Wold til.

Avtalen mellom NTNU og NHO skal gje strategisk dialog om utdanning- og kunnskapspolitikk med vekt på livslang læring og arbeidslivsrelevans. Det er særleg vekt på kunstig intelligens.