Hopp til innhold

Turistane står i ladekø – Peter veit ikkje når han får bygge

Først om eit halvt år får Peter Piel i Stryn svar på om han får bygge nye ladestasjonar eller ikkje. I mellomtida må turistane rundt han stå i lange ladekøar.

Peter Piel, dagleg leiar YX-bensinstasjon i Stryn

KLART: Peter Piel har allereie kjøpt hurtigladarane og trafoen, han manglar berre eit grønt lys frå kommunen.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

– Eg synest det er litt tungrodd av kommunen å ikkje gi løyve til å bygge når vi treng fleire hurtigladarar og her er ladekø over alt, seier dagleg leiar for YX- bensinstasjon i Stryn, Peter Piel.

Han vil utvide og bygge ladestasjonar ved sidan av den lokale bensinstasjonen.

Bygda på Vestlandet har vore ein populær stad for ferierande nordmenn i år.

Dei tre hurtigladarane har vore i bruk 12 timar kvar dag så langt i juli.

– Eg har jobba i eit år med å få hurtigladarane klar før sommaren, seier Piel.

Det skjedde ikkje.

Alt er klart og Piel kan få opp hurtigladarane i løpet av ei veke, men Stryn kommune har ikkje gitt grønt lys enno.

Lang tid med saksbehandling

I dag finst det 3680 hurtigladarar i Noreg. Ifølge Elbilforeningen vil det i 2025 vere behov for det tredobbelte.

– Vi ser at hovudutfordringa med å bygge ladestasjon lokalt er at det tek for lang tid med kommunal saksbehandling, seier kommunikasjonsansvarleg Unni Berge.

Unni Berge, Norsk elbilforening

ENKLAST: Unni Berge i Elbilforeningen etterlyser raskare utbygging av ladestasjonar.

Foto: Norsk elbilforening

Om fire år vil det vere meir enn ein million elbilar på norske vegar, ifølge berekningar dei har utført.

– For å møte dette treng Noreg ti tusen hurtigladarar, og då må det byggast 1300 ladarar i året, seier Berge.

NRK har tidlegare i sommar skrive om frustrerte turistar som opplever ladekaos ulike stadar i landet.

Også i Stryn gir bilistar uttrykk for liknande problem. Jan Tore Helvig og familien frå Sandnes er på sin første langtur med elbilen.

– Eg er nummer tre i køen. Det er faktisk første gong eg står i ladekø, seier han.

 Jan Tore Helvig frå Sandnes på ferie i Stryn med elbil.

LADEKØ: Jan Tore Helvig er på sommarferie i Stryn og må stå fleire timar i ladekø sidan han er nummer tre i rekka.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Skal regulere området

Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) er einig i at Stryn treng fleire ladestasjonar, men seier at kommunen planlegg ein større reguleringsplan i sentrumsområdet. Og at bensinstasjonen ikkje kan få dispensasjon frå den no i sommar.

Delar av utbygginga skal etter planen skje på eit grønområde.

– Skal det vere eit poeng å ha reguleringsplanar, må vi prøve å følgje dei prosedyrane slik at folk flest får høve til å uttale seg om saka, seier Kjøllesdal.

Eit spørsmål om tid og pengar

Dagleg leiar for hurtigladar-produsenten Mer, Ole Henrik Hannisdahl, seier utfordringa med ladekø er eit faktum på sommarstid.

Då vel mange å reise til stadar der det til vanleg ikkje bur mykje folk, som til dømes Stryn eller Lofoten.

Kø for å lade elbil i Stryn.

STOR PÅGANG: Ladestasjonane er alltid fulle i Stryn denne sommaren.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Ei løysing er å bygge ut ladenettverket, men han meiner utbyggarane bør tenke gjennom kor mykje som faktisk skal byggast ut.

– Det vil ikkje lønne seg å bygge ut mange ladestasjonar der det til vanleg er lite trafikk.

Difor trur han løysinga på ladekøane er ein kombinasjon av litt utbygging og at forbrukarane planlegg ladinga, slik at ein ikkje kjem til små stadar med tomt batteri.