Det er eit kappløp mot tida å rekka kravet til styresmaktene om nullutslepp i verdsarvfjordane om fire år.
Selskapet Northern Xplorer meiner å ha knekt koden. Dei planlegg 14 små cruiseskip, som skal gå utan utslepp i 36 timar på ei blanding av batteri og hydrogen. Det første skipet skal vera ferdig bygd i 2025.
Skipa tek berre 300 passasjerar. Det er ein knapp tidel av cruiseskipa som i dag går inn verdsarvfjordane til Geiranger og Flåm.
– Det er klart at dette kjem til å påverka talet på turistar i fjordane, men dette er framtida. Dei reisande blir meir medvitne og stilte til ansvar for klimaavtrykket sitt, seier Rolf A. Sandvik, som er administrerande direktør i Northern Xplorer.
AURLANDSFJORDEN: Cruiseskipa som går i norske fjordar i dag, tek opp mot 6.000 passasjerar. Fleire millionar har besøkt verdsarvfjordane opp gjennom åra.
Foto: Helge Sunde / SamfotoVil marknadsføra andre fjordbygder
Cruisereisene blir dermed dyrare, og turistbygdene Flåm og Geiranger får færre besøkande.
Reiarlag og cruiseselskap jobbar med løysingar som skal kutta utsleppa, men meiner det er heilt urealistisk at store cruiseskip skal vera utsleppsfrie innan 2026.
– Me har ambisjonar om at me skal kunna klara det seinast 2050, men håpar at me skal klara det tidlegare.
Det seier Sandra Diana Bratland, som er destinasjonsdirektør i cruiseselskapet Carnival Norway, som er del av Carnival Corporation. Til saman står dei for om lag 40 prosent av alle cruise-anløpa til Noreg.
Frå 2026 kan dei ikkje inkludera verdsarvfjordane i seglingsplanane, ogandre fjorddestinasjonar kjem til å bli marknadsført meir.
– Turistane kjenner til vakre norske fjell og fjordar, men det er ikkje slik at dei nødvendigvis veit at dei vil sjå Geirangerfjorden. Dessverre for Geiranger og Flåm, betyr nullutsleppsvedtaket at andre hamner får eit konkurransefortrinn framover.
Forureininga frå cruiseskip kan dermed berre bli flytta frå ein fjord til ein annan.
Les også:
VIL FLYTTA CRUISESTRAUMEN: – Seglingsplanane våre framover i tid vil ikkje innebera stopp i Flåm eller Geiranger, seier Sandra Diana Bratland i Carnival Norway.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Indrefileten i Noreg
Den grøne maritime klynga NCE Maritime CleanTech meiner på si side at Flåm og Geiranger er så viktige reisemål at krav om nullutslepp vil få fortgang i teknologiutviklinga i heile næringa.
– Verdsarvfjordane er heilt unike, og sjølve indrefileten av norske reiselivsprodukt, seier administrerande direktør Hege Økland.
– Samstundes er dei reisande meir opptekne av klima no. Dei som kan tilby produkt utan utslepp, vil få auka konkurransekraft.
Økland meiner tilgang til straum og andre grøne drivstoff vil koma på plass når fartøya etter kvart blir bygde.
KATALYSATOR: – Infrastruktur og teknologisprang kjem på plass når dei første utsleppsfrie fartøya blir bygde, meiner Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.
Foto: NCE Maritime CleanTech/Marius KnutsenI 2020 anbefalte Sjøfartsdirektoratet å utsetja kravet om utsleppsfrie verdsarvfjordar til 2030. I dag er tonen litt meir optimistisk.
– Tidsramma er knapp, men det kan vera oppnåeleg, seier avdelingsdirektør for fartøy og sjøfolk, Lars Alvestad.
Les også: