Nye miljøkrav gjer at forureinande båtar skal bort frå verdsarvfjordane frå 2026. Frp og Sp fremja i dag forslag i Stortinget om å utsetje kravet.
Partia foreslo å vente med nullutsleppskravet til 2030, og at dette burde gjelde all skipsfart i norske fjordar.
Stortinget stemde i dag mot forslaget. Det kan få store konsekvensar for cruiseturismen.
– Allereie no skal vi begynne å ta imot bestillingar frå cruise for 2026, og no er det ikkje eit einaste skip som har anledning å melde anløp her, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam i Flåm.
Sjøfartsdirektoratet har tidlegare peika på at teknologien ikkje vil vere på plass for å nå målet om nullutslepp om fem år.
2019: Slik såg det ut i Flåm for to år sidan.
Foto: Sondre Dalaker / NRK– Skuffa over forslaget
Dei startar alltid planlegginga av cruise-besøk tidleg, men no har dei dårleg tid.
– Eg er uroa for at vi har knapt med tid, men eg forstår den politiske ambisjonen, seier Tokvam.
Rita Berstad Maraak, dagleg leiar i Stranda Hamnevesen, er også kritisk til avgjerda.
– Vi er skuffa over vedtaket, og ventar at myndigheitene no sørgar for gode og lokale tiltak, særleg straum,
Ho seier dette får store konsekvensar.
– Dette betyr betydeleg mindre folk og omsetning. Det skal noko til å erstatte mengda folk som har vore her. Dessutan bidreg cruise til ein veldig lang sesong, seier ho, som dessutan meiner det ikkje er realistisk at båtane skal vere utsleppsfrie innan 2026.
– SKUFFA: Rita Berstad Maraak i Stranda Hamnevesen er alt anna enn positiv til avgjerda om nullutslepp innan 2026.
Foto: Baard Ole Grøtta / Baard Ole GrøttaSandra Diana Bratland, destinasjonsdirektør i cruiseselskapet Carnival Norway, seier nullutslepp gjer at dei blir nøydde til å skrote hamnene.
– Nullutslepp i 2026 er ikkje realistisk for våre skip, og vi kan verken segle eller opphalde oss i hamner med dette kravet. Eg synest dette er frykteleg synd for lokalsamfunna, for denne turismen kan ikkje bli erstatta, seier ho.
Må få hjelp til omstilling
Nestleiar i Verdensarvrådet, Eva Hove, seier at dei heile vegen har støtta vedtaket om å kutte utsleppa innan 2026.
Ho meiner det er viktig at dette ikkje blir utsett, men meiner samtidig at staten må sikre eit livskraftig reiseliv.
Sjølv om Stortinget sa nei til å utsetje kravet om nullutslepp, sa dei ja til å hjelpe hamnene å få ta imot besøk.
Stortinget ber regjeringa foreslå tiltak som sikrar verdsarvfjordane som anløpshamner for cruisebåtar også etter 2026, mellom anna ved at staten sikrar etablering av landstraum i Flåm innan 2022.
– Det er heilt naudsynt at slike tiltak kjem inn. Berekraft handlar ikkje berre om klimautslepp, men også om at bygder og lokalsamfunn skal vere levande, seier ho.
Femdoblar utsleppa
For bedrifta Gudvangen Stein betyr nullutsleppskravet at transporten må over frå sjø til veg.
– Skal vi halde fram med drifta er vi avhengige av å frakte steinen med båt. Dersom vi må over til transport på veg så blir både utsleppa femdobla men det blir også dyrt for oss, seier han.
HÅP: Frode Øvsthus i Gudvangen Stein satsar alt på eit dei slepp unna vedtaket om nullutslepp i verdsarvfjordane.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKDei sender store mengde av bergarten anortositt ut i verda. Frå gruva i Nærøydalen går det båtar til 16 fabrikkar i ti land.
Men, Nærøyfjorden i Sogn står på verdsarvlista. Ein million turistar besøkjer Aurland kommune i løpet av eit vanleg år. Svært mange av dei kjem med forureinande cruiseskip.
No satsar Øvsthus alt på eit unntak frå reglane om nullutslepp.
– Vi har fått signal om at det vil kome endringar som gjer at vi framleis kan skipe ut stein i fjorden, seier han.