Hopp til innhold

Trond er 0,87 prosent brannkonstabel

I Noreg er det 12.000 tilsette i brann- og redningsvesenet. Berre ein av tre har heiltidsstilling.

Trond Hansen

NØGD: – Om det er mogleg, slepp eg alt eg har i hendene og dreg til brannstasjonen, seier Trond Hansen.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

– Eg lever eigentleg eit heilt normalt liv. Fram til alarmen ringer, seier Trond Hansen.

Til vanleg jobbar han på Sandane lufthamn, men han har også 0,87 prosent stilling som brannkonstabel.

Han er ein av nesten 8000 brannkonstablar i Noreg som brukar fritida si på å rykke ut om noko skulle skje i nærområdet.

Han er dermed ein heilt sentral del av det norske brann- og redningsvesenet.

Alarmen kan gå når som helst. Når han er på jobb, på natta, på fritida. Og han veit aldri kor tid det skjer.

– Om det er mogleg, slepp eg alt eg har i hendene og dreg til brannstasjonen. Eg har rykt ut både på julaftan og i ferien.

Med utstyr trond hansen
gloppen brannvesen
Uten utstyr Trond Hansen
Gloppen brannvesen

Trond Hansen går frå sivil til røykdykkar med fullt utstyr

Anne Skifjeld

Fleire deltidstilsette

I Noreg er det nesten 12.000 tilsette i brann- og redningsvesenet. Berre 3975 av dei har ei heiltidsstilling.

– Men den desentraliserte busetnaden vi har i landet, er dette heilt avgjerande for brannberedskapen, seier Johan Marius Ly.

Han er avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Ein knusktørr sesong har ført til at brannfolk har hatt det travelt med å sløkkje brannar i sommar.

I Vestland har skogbrannfaren vore så høg at fleire kommunar har innført totalt eldforbod.

Likevel trassar mange forbodet. Torsdag oppstod det brann i Trivselsskogen på Sandane. Antakeleg på grunn av ein eingongsgrill.

– Det er vore ein litt spesiell sommar, dei siste fjorten dagane har eg vert ute på rykk fire gonger, seier Trond Hansen.

Laurdag kveld brann eit hagesenter ned til grunnen i Gloppen.

I same kommune er det 37 brannkonstablar med brøkstillingar. Berre to er tilsette på heiltid.

Brann gloppen 4

BRANN: Det har vore fleire små og store skogbrannar i Vestland, her frå brannen i Trivselsskogen i sommar.

Foto: Øyvind Huus

Større skogbrannfare

DSB antar at det kan bli dobbelt så mange dagar med svært stor skogbrannfare i 2030 som det var i 2011.

– Vegetasjonsbrannar er ein del av det naturlege kretsløpet, men forsking viser at det er aukande risiko for sterkare brannar ettersom kloden blir varmare, skriv Det Norske Videnskaps-Akademi.

FNs klimarapport, som kom i førre veke, slår fast at det vil bli meir tørke. Og lengre skogbrannsesongar.

Aftenposten-kommentator Joacim Lund skriv at «norsk brannberedskap er ein lek med elden.»

Handtering av skogbrannar er eit kommunalt ansvar. Kommunar med risiko for større skogbrannar skal ha eigne reservestyrkar for innsats ved slike brannar. Dette kjem i tillegg til den ordinære brannberedskapen.

Prisgitt ein velvillig arbeidsgjevar

– Dei som jobbar deltid har ein annan jobb også, og er prisgitt ein velvillig arbeidsgjevar, seier Trond Busterud.

Han er leiar for brannvernsforbundet i Delta.

Dei små kommunane har heller ikkje vaktordning, og Busterud meiner difor ein ikkje har garanti for at folk møter når alarmen går.

– Alternativet er å tilsette fleire heiltidsstillingar, det er eit kostnadsspørsmål, seier han.

Johan Marius Ly i DSB ynskjer å rose deltidstilsette i brann- og redningsvesenet.

– Alle som er tilsett i brannvesenet, bidrar kvar dag til å redde liv og verdiar. Dei gjer ein utruleg innsats over heile landet.

Gloppen brannvesen

SKRYT: Brannkonstablane Arne Mykland og Trond Hansen får skryt for innsatsen dei gjer.

Foto: Anne Skifjeld / NRK