Hopp til innhold

Hagesenter var overtent i Gloppen – fleire drivhus brann ned til grunnen

Eit hagesenter stod i full fyr i Gloppen i Nordfjord. Brannvesenet frykta at brannen skulle spreia seg til fleire nabohus, men klarte å slå ned flammane.

To drivhus brann ned på Rebakken hagesenter i Gloppen

SKAL: Berre skalet står att etter at ein kraftig brann slukte to drivhus på eit hagesenter i Gloppen kommune.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

20.41 laurdag fekk brannvesenet melding om ein kraftig brann i eit gartneri på Reed i Gloppen i Vestland.

Bygget var fullstendig overtent.

Frykta spreiing til fleire hus

– Det er fare for spreiing til to eller tre andre hus. Meir veit me ikkje no, sa vaktkommandør Helge Lund i 110 Vest til NRK klokka 20.45

Klokka 21.04 melde brannvesenet at dei hadde spreiingsfaren under kontroll.

– Brannen er dempa ned, ikkje lenger fare for spreiing, meldte 110 Vest på Twitter.

Klokka 21.19 blei brannen meld sløkt. Ettersløkking haldt fram utover kvelden.

Geir Elling Nyland, augevitne til brannen på Reed i Gloppen

FØRST TIL STADEN: Geir Elling Nyland var blant dei første til brannstaden. Han vurderte å starta sløkking, men skjønte det var for seint. – Det vart så fort overtent, at det var ikkje tema.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Skryter over brannvesenet

– Først såg det ut som at det var eit bål, eigentleg. Men det var litt for svart røyk, og eg tenkte at det ikkje er nokon som brenn bål når det er så turt, sa augevitne Geir Elling Nyland.

Han var blant dei første på staden, og vurderte først å sløkka brannen.

– Men det vart så fort overtent, at det var ikkje tema, seier Nyland, som i staden sprang gjennom dei næraste hus for å sjekka for folk.

Han var sikker på at minst eitt av husa i nærleiken kom til å ryka med.

– Det var god temperatur i vindauget på det næraste huset. Det var slik varme at ... ære vera brannvesenet for at dette gjekk bra, altså. Dei kom ufatteleg fort, seier Nyland.

– Det er nesten som eg lurar på om dei sit med drakta på heime i sofaen. Utan dei hadde det sett annleis ut i sentrum no, poengterer augevitnet.

Joar Flølo i Gloppen brann og redning

VAKTHAVANDE: Brannbefal Joar Flølo seier dei såg røyken frå brannstasjonen på Byrkjelo. – Det har vore enorm røykutvikling, seier han.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Enorm røykutvikling

– Det har vore enorm røykutvikling og fare for spreiing til husa rundt. Me fekk dempa det ganske kjapt då me kom til plassen, seier Joar Flølo, vakthavande brannbefal i Gloppen brann og redning.

Brannen sto lenge i fare for å smitta over på ein nærliggande låve og andre trehus like ved.

Klokka 21.20 melde NRK sin reporter på staden at brannvesenet har lukkast i å slå ned flammane.

Flølo seier dei såg røyken godt frå brannstasjonen på Byrkjelo. Det er så lengt berre to drivhus som har brunne.

– Det er ikkje så mykje brennbart materiale på eit slikt drivhus, så det brenn fort opp, seier Flølo.

Brann i gartneri på Reed i Gloppen

KRAFTIG BRANN: Det var fare for spreiing, men brannvesenet slo raskt ned flammane.

Foto: Kristian Reed

Knusktørt i terrenget

Det er ikkje opplysingar om personskade eller at det skal ha vore personar inne på området, melder politiet.

Bilistar måtte venta til brannvesenet hadde fått sløkt brannen før dei fekk køyra E39 forbi hagesenteret. .

Det er knusktørt i terrenget og moderat skogbrannfare på heile Vestlandet.

Drivhus på Rebakken hagesenter har brunne ned

BRANN TIL GRUNNEN: Det var ikkje mykje igjen av drivhusa som laurdag kveld brann ned på Rebakken hagesenter.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK