Hopp til innhold

– Det er ikkje ein drope her. Eg har aldri opplevd noko slikt

Ekstrem tørke i vest gjer at husstandar med private vassverk er tomme for vatn. Elvar har tørka inn. – Situasjonen er svært alvorleg, seier klimaforskar.

Olav Skinlo ved tørr elv på Skinlo i Gloppen

FORTVILT: 74 år gamle Olav Skinlo er fortvilt over klimautviklinga. Han har aldri opplevd at elva som renn gjennom gardstunet er heilt tørr.

Foto: Bård Siem / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ikkje ein drope her. Eg har aldri opplevd noko slikt, seier Olav Skinlo og sukkar.

74-åringen står midt i elva, rett nedom det som vanlegvis er ein liten foss. Det som brukar å vere blautt elvegras er no hardt og tørt.

– Det er vel klimaendringane som slår inn, seier gardbrukaren. Han ser ut over bøane som er gulbrune.

På målestasjonen Skei i Jølster om lag 20 kilometer unna vart det i juli registrert 31,1 mm nedbør.

Dette er 72 prosent mindre enn normalt. Dei private brønnane på gardane i området er nesten tomme.

Tørre bua på Skinlo i Gloppen

TØRT: Bøane på Skinlo i Gloppen er brungule på grunn av lite nedbør. I juli kom det 72 prosent mindre nedbør enn normalt.

Foto: Bård Siem / NRK

Alt vatn til dyra på beite må hentast nokre kilometer unna.

Måndag kom det endeleg regn, men det er for lite til å gje særleg effekt. Skinlo fortel at andreslåtten er redusert med om lag 70 prosent i høve eit normalår.

– Tørken går ut over både dyr, avling og trivsel, seier han.

Nokre hundre meter unna bur Mona Sårheim. Der har brønnen vore tom i fleire veker.

– Vi får levert vatn i store dunkar. Utan det ville vi ikkje hatt noko, seier ho.

ss

TOM BRØNN: Mona Sårheim sin private brønn har vore tom i fleire veker. Ho får vatn frakta til seg i denne dunken.

Foto: ss / ss

– Går raskare enn frykta

Carlo Aall, klimaforskar og professor ved Vestlandsforsking, seier den lange tørkeperioden på Vestlandet er ein del av klimaendringane.

– Klimaendringane er her no. Dette er ikkje snakk om naturlege variasjonar, seier han. Aall viser til den nye rapport frå FN sitt klimapanel som vart lagt fram på måndag.

– No har vi endå sikrare kunnskap og klimaendringane går raskare enn vi frykta, seier han. Aall påpeikar at vi må bu oss på endå meir ekstremvêr, med enorme nedbørsmengder, sterkare heitebølgjer og langvarige tørkeperiodar.

– Situasjonen er svært dramatisk. Politikarane bør forstå alvoret, men dei fleste av dei gjer ikkje det, seier han.

Klimaforskar Carlo Aal

ÅTVARAR: Klimaforskar Carlo Aal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mange private vassverk

Ifølgje tal frå SSB er 83,5 prosent av innbyggjarane i Noreg knytt til kommunale vassverk. I Sogn og Fjordane er berre 62 prosent som er kopla på kommunale vassverk.

– Ein blir ofte meir sårbar når ein ikkje er knytt til offentlege vassverk, seier Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef ved statsforvaltaren i Vestland.

Dag Arne Eide, rådgjevar i Norsk landbruksrådgjeving Vest, fortel at tørken fører til reduserte grasavlingar.

– Gjenveksten på tredjeslåtten blir veldig dårleg utan skikkeleg regnvêr over tid, seier han. I går og i natt regna det, men det var veldig variabelt kor mykje som kom.

Eide fortel at bjørkeskogen enkelte stader er så gul at ein skulle tru det var oktober månad.

– Tørken er årsaka, seier han. Eide fortel at det i enkelte område også kan vere for lite drikkevatn for dyr i utmarka.

Sjekk klimaet der du borSøk etter din kommune