Hopp til innhold

Tre personar miste livet i fossen – nye lenser skal hindre at det skjer igjen

Kraftselskapet Clemens Kraft er framleis under etterforsking etter dødsulukka for to år sidan. No har dei gjort tiltak for å sikre området.

Leitemannskap i ran over Tokagjelet i Kvam

HAMNA UTFOR: Store leitemannskap var med i søket etter dei tre personane som blei tatt i straumen i Tokagjelet i Kvam. Bildet er tatt 26. oktober 2021.

Foto: Cato Heldal Kristensen

Kvelden 24. oktober 2021 blei tre menneske og ein hund tatt av straumen i Tokagjelet i Hardanger då dei prøvde å krysse vatnet Longvotno i ein robåt. Alle miste livet.

I etterkant av dødsulukka blei det kjend at det mangla viktige sikringstiltak.

Politiet har sikta kraftselskapet Clemens Kraft AS for brot på vassressurslova. Selskapet var ansvarleg for å byggje ut eit nytt kraftverk i området.

Nye lenser

I juni i år har selskapet gjort ei rekke sikringstiltak. Det kjem fram av eit notat sendt frå Clemens Kraft til NVE. Mellom anna har det blitt:

  • Montert ei lense i nedre del av kraftverket. Den skal kunne «fange opp kajakkar, kanoar eller robåtar under dei fleste forhold». Den skal kraftselskapet «prøve å la ligge ute heile året.»
  • Sett opp ei førebels sperring på ein mur som skal leie vatn i elva rett inn mot vassinntaket.
  • Montert låsar på portar som skal hindre folk i å ta seg inn på området.
  • Sett i gang rutinar når det gjeld utplassering av lensene.

– Likevel er det viktig å presisere at øvre del av Tokagjelselva framleis vil vere eit risikofylt vassdrag å ferdast i på grunn av dei naturlege, store og plutselege endringane i vasstanden, skriv dagleg leiar Knud H. Nørve i ein e-post til NRK.

Vidare i notatet skriv Clemens Kraft at dei «kontinuerleg jobbar med analysar og tiltak» og at dei reknar med å presentere ei oppdatert risikoanalyse i september eller oktober.

Tokagjelet august 2023

Ei slik lense skal fange opp båtar dersom dei blir tekne av straumen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Likevel er det nokre atterhald. Det er ikkje montert ei tilsvarande lense i øvre del av kraftverket. Det blir grunngitt med at fleire brukar bekken som kjem inn i elva til å setje ut båtar.

Kraftselskapet meiner det er unødvendig å hindre båtane å ta seg inn til Longvotni. «Difor vil vi feste lensa like nedstraums bekken på nordsida,» står det mellom anna i notatet. Denne lensa vil kome på plass i løpet av innverande veke (v.35), skriv Nørve til NRK.

– Må ferdast med aktsemd

I ein e-post til skriv dagleg leiar Nørve i Clemens Kraft at «kvar og ein må ferdast med tilstrekkeleg aktsemd i og ved vassdrag som Tokagjelet, der det også er ein foss.»

– Er tiltaka de har gjort tilstrekkelege?

– Dei er i samsvar med den sist oppdaterte risikoanalysen og tiltaksplanen vurdert av NVE. Det er med det også NVE si vurdering at dette er dekkjande og tilstrekkelege tiltak, svarar Nørve.

Den endelege sperringa på muren som skal leie vatn kjem på plass i løpet av eit par veker.

– Den kjem til å bli nokså lik den førebelse, forskjellen er at det blir brukt ein type gjerde meint for permanent installasjon.

Les også Tre menneske mista livet i vassdraget: No er kraftselskap sikta etter ulukka

Tokagjelet

Etterforskinga held fram

Politiet la først vekk saka då dei ikkje fann straffbare forhold. Så blei ho gjenopna då dei etterlatne klaga og NVE kom med ny informasjon.

Saka har vore under etterforsking sidan september 2022. I mars i år blei det kjent at politiet sikta kraftselskapet for brot på vassressurslova.

Siktinga handlar ikkje om sjølve ulukka, men om sikringstiltaka i samband med utbygginga av kraftverket.

Tokagjelet august 2023

Fleire skilt åtvarar om straumen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Etterforskinga går føre seg enda og selskapet er framleis sikta, seier politiadvokat Cathrine Melau i Vest politidistrikt i dag.

Ho vil ikkje seie noko om når dei ventar ei utvikling i saka, kva som er gjort i etterforskinga eller kvifor etterforskinga tar lang tid.

Funne etter fleire dagar

Dei tre som miste livet i oktober 2021 hadde kryssa vatnet i båt fleire gonger tidlegare. Men akkurat denne kvelden var vassføringa ekstra høg.

Dei tre fall 15–20 meter ned i fossen. Ein fjerde person på land fekk med seg kva som skjedde og varsla naudetatane. Då starta ein omfattande redningsaksjon.

Først etter fleire dagar fann dei ein av dei omkomne. Den tredje blei først funnen 2. november, ni dagar etter ulukka.

Les også NVE har åpnet tilsynssak etter ulykken i Tokagjelet

Tre buketter og tre lys er lagt ned for de savnede etter ulykken i Kvam.