Hopp til innhold

Kraftselskap meiner utbygging ikkje var årsaka til dødsulukka i Tokagjelet

Kraftselskapet meiner nytt kraftverk i Tokagjelet ikkje aukar vassfarten i elva. Fossen kravde tre liv førre haust.

kran over tokagjelet

Fossen i Tokagjelet på Kvamskogen der eit ektepar og ein hund falt utfor med båt.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Ein regntung dag i oktober i 2021 forsøkte tre personar og ein hund å kryssa elva eit par hundre meter frå elvemunningen i Tokagjelet.

Dei vart tekne av straumen, og datt utfor ein 15–20 meter høg foss på Kvamskogen.

I tida etter vart det stilt spørsmål om terskelen som vart bygd i enden av elva kan ha hatt ein effekt på vassføringa.

Paret hadde kryssa elva til hytta i mange år.

Etter ulukka opna Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilsyn mot utbygginga. Det er Tokagjelet As, eid av Clemens kraft, som står bak utbygginga.

I eit tilsvar meiner selskapet at det ikkje er samanheng mellom ulukka og bygginga av småkraftverket.

Les også Bygger kraftverk i Tokagjelet – sikringstiltak er ikke på plass

Stadfester uendra situasjon

Spørsmålet før tilsynet var om terskelen, som stod ferdig i 2020, hadde gjort straumen sterkare i elvemunningen.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) visste ikkje om denne terskelen har endra vassføringa og straumforholda. Dei bad då om dokumentasjon for å vurdera forholda i området.

Det er Bystøl AS som har jobba fram rapporten, med Clemens kraft som oppdragsgjevar.

Hovudsakleg er det sett på korleis den nemnde terskelen i enden av elva påverkar straumen.

Tokagjelet

Dette er toppen av utbygginga til kraftverket i Tokagjelet og ved terskelen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I følgje rapporten frå Bystøl var vassføringa uendra, i forhold til korleis straumen var før utbygginga starta.

Mellom anna nemner dei at vasstanden er auka i området etter terskelen er bygd. Høg vasstand medfører redusert vassfart, ifølgje rapporten.

Det er heller ikkje grave eller sprengt i nærleiken av område der dei tre personane kryssa elva.

Longvotnovatnet der tre personer ble tatt av strømmen og havnet i fossen i Tokagjelet

Ekteparet kryssa elva i samband med ein hyttetur.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bystøl AS konkluderer då med at strøymingsmønsteret ikkje er endra som fylgje av inntakskonstruksjonane ved kraftverket.

NVE bad om fleire analysar etter rapporten vart sendt, for å vurdere om det er grunnlag for lovbrotsgebyr, pålegg om retting eller politimelding.

Styreleiar Knud Nørve ynskjer ikkje å kommentere saka så lenge tilsynet er opent.

Ingen i NVE kan kommentere tilsynet på dette tidspunktet på grunn av sommarferie.

Ekteparet kryssa ved den raude streken.

Mangla sikring

Området rundt kraftverket var ikkje merka med fareskilt og ekstra gjerde før ulukka.

NVE godkjente både detaljplan for miljø og landskap, og tekniske planar som handlar om tryggleik.

Men det er utbyggaren som er ansvarleg for skilting og annan sikring av vasskraftverk, ifølgje NVE.

Les også Hyttenaboar forskrekka etter ulukka i Tokagjelet: – Blitt åtvara mot fossen i alle år

Hyttenaboer Britt-Helen Wilhelmsen og Håkon Wilhelmsen ved Tokagjelet på Kvamskogen

– Utbyggjaren har ansvaret for tryggleiken både under bygging og i drift. Utbyggjaren må gjera ei risikoanalyse og gjera tiltak i tråd med analysen for å sikre folk flest, sa seksjonssjef Mari Hegg Gundersen til NRK i fjor.

I desember etter ulukka vart nye skilt sett opp etter at NVE konkluderte med at det «ikkje er etablert tilstrekkelege sikringstiltak med omsyn til allmennhetens forventede aktivitet i området ved inntaket».

Likevel meiner kraftselskapet at sikringstiltak ikkje ville forhindra ulukka, ifølgje svaret deira til NVE.

Fareskilt Tokagjelet

Dette fareskiltet kom opp like ved terskelen i desember 2021.

Foto: Lidvard Sandven / NRK