Hopp til innhold

Tre menneske mista livet i vassdraget: No er kraftselskap sikta etter ulukka

Bygde ut kraftverk i elva kort tid før tre personar forsvann og mista livet i Tokagjelet.

Tokagjelet

KRAFTVERK: Dette kraftverket vart bygd rett før dødsulukka der tre menneske mista livet. Dei tre som døydde forsvann over kanten og ned i elva.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

På kvelden 24. oktober 2021 sette tre personar seg i ein liten båt for å kryssa vatnet like ovanfor Tokagjelet på Kvamskogen i Vestland.

Det hadde dei gjort fleire gongar tidlegare, men denne kvelden var vassføringa høg og båten vart tatt av straumen.

Dei tre personane fall 15–20 meter ned ein foss og mista livet.

Politiet etterforska saka, men la ho bort då dei ikkje fann teikn på noko straffbart. I ettertid kravde dei etterlatne at politiet skulle undersøka saka nærare.

Rett før ulukka hadde eit kraftselskap starta utbygging av eit nytt kraftverk i området.

No stadfestar påtaleansvarleg Cathrine Melau i Vest politidistrikt at dei har sikta kraftselskapet.

– Me har tatt ut sikting for mogleg brot på vannressurslova, seier ho til NRK.

Fossen i Tokagjelet på Kvamskogen

Fossen øvst i Tokagjelet på Kvamskogen kravde tre liv oktober 2021.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kraftselskap bygde ut i området

Det er kraftselskapet Clemens kraft som dreiv utbygging i området før ulukka skjedde.

Politiet understrekar at dei ikkje er direkte sikta for ulukka, men for arbeidet med kraftverket.

Melau seier til NRK at siktinga handlar om sikringstiltak i samband med utbygginga.

Politiet vil no undersøka om selskapet gjorde ein god nok jobb med å avdekka og lokalisera farar ved anlegget, seier ho.

Dei vil også undersøka om selskapet gjorde nok for å sikra desse eventuelle farane.

Siktinga blei tatt ut i desember, men ho har ikkje vore kjent før no.

Sjå forskjellen på området før og etter utbygginga av kraftverket:

Tokagjelet 2020
Tokagjelet 2017

Flytfoto fra norgeibilder.no

La først vekk saka

I februar 2022 la politiet vekk saka fordi dei ikkje kunne finna noko straffbart bak ulukka.

Seinare same år vart saka opna igjen. Årsaka var klager frå dei etterlatne og informasjon frå Noregs- vassdrags og energidirektorat (NVE).

NVE oppretta tilsyn etter ulukka og konkluderte med at det ikkje var etablert tilstrekkelege sikringstiltak i utbygginga av kraftverket.

No har politiet etterforska ulukka sidan september 2022.

Minnemarkering ved staden for båtulukka på Kvamskogen

Ruth Wathne (68), Nils Johan Bårdsen (72) og Kjell Arne Pedersen (64) mista livet i Tokagjelet.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Vil avhøyra tilsette

Selskapet er sikta for brot på vannressurslova. Lova går ut på å sikra samfunnsmessig forsvarleg bruk og forvaltning av vassdrag og grunnvatn i Noreg.

– Selskapet er sikta for at me skal kunne innhenta informasjon me treng i etterforskinga, forklarar Melau.

Politiet jobbar no med å avhøyra noverande og tidlegare tilsette, i tillegg til å innhenta informasjon frå Kvam herad.

– Mistenker politiet at selskapet kan ha skuld i ulukka?

– Siktinga er ikkje nødvendigvis kopla opp mot ulukka. Den ligg som eit bakteppe og er årsaka til at politiet og NVE undersøker det nærare, seier Melau.

– Er det aktuelt å utvida siktinga?

Me utelukkar ingenting, seier Melau.

Redningsfolk Tokagjelet

Etter at dei tre personane forsvann ned fossen vart det sett i gang ein omfattande redningsaksjon.

Foto: Oddgeir Øystese

Ynskjer ikkje å kommentera

Direktør i Clemens kraft, Knud Nørve seier dei er kjent med siktinga og har tatt det til etterretning.

– Eg ynskjer ikkje å kommentera saka ytterlegare så lenge ho er under etterforsking.

Selskapet har tidlegare uttalt til NRK at utbygging ikkje var årsaka til dødsulukka i Tokagjelet.

Etter ulukka oppretta også Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) eit nytt tilsyn.

Dei ville også undersøka om forholda i elva vart påverka av utbygginga av det nye kraftverket.

NVE opplyser at de har følgt opp kraftverket uavhengig av politiet si etterforsking.

Kraftselskapet har komne med nye analysar og fleire tiltak de har gjennomført, blant anna skilting og inngjerding, seier seksjonssjef for tilsyn Lars Grøttå i NVE til NRK.

I tillegg er det ifølge NVE planar om å legga ut lenser i elva deler av året.

Slike sikringstiltak er ikkje noko vi berre gjer éin gang. Vi vurderer heile tida om bruken av vassdraget endrar seg, og om behova for sikring også gjer det.

Les også Tomas om de savnede foreldrene i Tokagjelet: «Dere var helt fantastiske»

Tomas Wathne Bårdsen, sammen med foreldrene, på en fjelltopp

Se når brannvesenet rykker ut til den dramatiske ulykken i NRK-serien «100»:

Brannfolkene rykker ut til en dramatisk båtulykke der tre personer er savnet. Det blir en krevende og langvarig aksjon.

Brannfolkene rykker ut til en dramatisk båtulykke der tre personer er savnet. Det blir en krevende og langvarig aksjon.