Hopp til innhold

Har funne ein omkomen person i elva i Tokagjelet

Under dronesøk vart ein person funnen omkomen i elva i Tokagjelet i Kvam laurdag. Politiet trur dei to andre sakna ligg øvst i elva.

blomster og lys, Tokagjelet

BLOMAR OG LYS: Øvst i Tokagjelet ligg det laurdag blomar og lys. Dei pårørande er varsla om den omkomne personen som er funne, opplyser politiet.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Då ei drone søkte over den øvste delen av elva i Tokagjelet i Kvam laurdag, vart det observert noko som kunne sjå ut som ein person.

Brannvesenet vart kalla til staden, og tok seg ned til personen.

– Vedkomande var då død, seier politiet sin innsatsleiar Svein Valland Laupsa.

Personen vart teken opp frå elva, og vil bli sendt til Bergen for obduksjon og sikker identifisering.

– Det er all grunn til å tru at den personen er ein av dei tre som er sakna, seier Laupsa.

Han vil ikkje opplysa kva kjønn personen den omkomne har. Det er ikkje gjort andre funn i dag.

Dei pårørande er varsla om funnet.

PRESSEBRIEF: Sjå politiet sin pressebrief om funnet av ein omkomen person i Kvam.

Søket held fram

Leitinga etter dei sakna har halde fram sidan dei vart sakna sundag kveld.

Laurdag har Norheimsund båtlag og Røde Kors søkt etter dei sakna, opplyser innsatsleiar Laupsa. Det har blitt søkt både i Movatnet nedst i vassdraget, og i fjorden i helga.

– Me vil fortsetja med søk i Tokagjelet, spesielt søk med drone. Det er ein sikker måte å søka på, seier Laupsa.

No er det er også mindre vatn i elva enn kva det har vore tidlegare i veka. Det gjer søket lettare, opplyser han.

– Hovudteorien vår er framleis at dei sakna ligg i øvste del av elva i Tokagjelet. Me har stor tru på at det er mogeleg å finna dei andre. Me jobbar iherdig for å klara å søka der oppe, seier Laupsa.

Politiet utelukkar likevel ikkje at dei sakna kan vera lenger nede i vassdraget eller i fjorden.

– Av den grunn søker me der og, seier Laupsa.

Søket er laurdag kveld avslutta, men held fram når det blir lyst att sundag.

Fossen i Tokagjelet på Kvamskogen

ØVST I GJELET: Politiet trur dei to andre sakna også kan liggja i elva øvst i Tokagjelet. Dette biletet av fossen øvst i gjelet er teke måndag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sakna i seks dagar

Seint sundag kveld sist veke kom dei fyrste meldingane om at tre personar hadde vore ute for ei ulukke i Tokagjelet i Kvam herad.

Ruth Wathne (68), Nils Johan Bårdsen (72) og Kjell Arne Pedersen (64) og hunden Leo skulle kryssa Longvotno, heilt aust på Kvamskogen, med båt etter å ha vore på ei hytte. Straumen skal ha ført båten utfor kanten av fossen øvst i Tokagjelet.

Fossen øvst i Tokagjelet har eit fall på kring 15 meter, før elva bratt renn vidare ned i Steinsdalen, og ut i Movatnet. Movatnet renn så ut i Hardangerfjorden i Norheimsund.

Store leitemannskap vart allereie sundag kveld sendt ut. I det ulendte terrenget har det mellom anna vorte søkt med dronar, dykkarar og med korg frå kranbil.

Leitemannskap i ran over Tokagjelet i Kvam

KORG: Mellom anna vart det søkt øvst i gjelet med korg frå kranbil tysdag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Måndag vart båten dei tre skal ha sete i funnen i elva i Tokagjelet. Det vart også funne klede som kan ha tilhøyrt dei sakna.

Måndag kveld gjekk leitinga i Kvam over frå å vera ein redningsaksjon til eit søk etter antatt omkomne personar.

Dykkarar i Movatnet

DYKKARAR: Måndag kveld søkte dykkarar etter dei sakna i Movatnet, nedst i vassdraget.

Foto: Valentina Baisotti / NRK