Ei kvinne og to menn blei meldt sakna frå Tokagjelet søndag 24. oktober. Dei tre skulle krysse Langvotnevatnet i båt, men blei tatt av straumen.
Laurdag blei éin person funnen død under den høgste fossen øvst i Tokagjelet, og søndag blei ein person til funnen død i Movatnet.
Tysdag ettermiddag kunne politiet stadfesta at dette var Ruth Wathne (68) og Kjell Arne Pedersen (64), og at dei hadde funne ein tredje omkomen person. På same pressekonferanse opplyste dei om at dette truleg er den siste av dei tre sakna.
SJÅ VIDEO: Tysdag ettermiddag vart delar av området rundt elva sprengt bort for å halde vatnet tilbake.
Søkte med drone
Innsatsleiar i Vest politidistrikt, Svein Valland Laupsa fortel at Bergen brannvesen tysdag formiddag på nytt søkte i Tokagjelet med dronar. Det var i den forbindelse at det blei gjort eit funn av ein død person.
– Personen blei henta opp av brannvesenet, og er frakta til Bergen for obduksjon og identifisering, fortelte Laupsa.
Politisjef Terje Sperrevik takka alle dei involverte i leiteaksjonen.
– Utan dette enorme engasjementet hadde vi ikkje lykkes med arbeidet vårt i dag, sa politisjefen.
Brukte nye metodar
Store styrker har vore sett inn i søket etter dei tre sakna.
Måndag tok politiet i bruk nye metodar. Ved å redusere vassføringa i elva betra dei søkeforholda, opplyste Laupsa, tidlegare tysdag.
– Det er snakk om eit mindre gravearbeid for å senke vasstanden i elva, slik at arbeidet blir lettare i ein liten periode, sa politistasjonssjef i Kvam, Samnanger og Tysnes, Terje Sperrevik.
Politiet understrekar at nødvendige løyver til utføring av tiltaket er innhenta frå offentlege instansar.
Arbeidet med gravinga starta måndag kveld og heldt fram utover dagen tysdag.
GRAVEMASSAR: Måndag kveld starta arbeidet med å grave ut Tokagjelselva for å redusere vasstanden.
Foto: Cato H. Kristensen / NRKSøkte med sonar
I tillegg til gravinga har politiet tysdag søkt i Movatnet. Ved dagslys tysdag morgon starta mannskapet søk med «sonar».
Sonar er ein teknikk som kan lokalisera objekt under vatn med hjelp av høgfrekvent lyd.
LES OGSÅ: Nytt funn av omkommen person langt nedanfor ulukkesstaden