Hopp til innhold

375 færre politifolk sidan i fjor: – Går utover beredskapen

Trass lovnader om å styrke politiet si bemanning, er det færre på jobb. Stillingar som blir haldne tomme uroar politifolk.

Politioverbetjent Vegard Andersen

OFTE ÅLEINE: Tenestestadsleiar Vegard Andersen har to tomme stillingar ved politistasjonen i Vik i Sogn. Det finst ikkje pengar til å tilsetje folk.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

På politistasjonen i Vik i Sogn er dei på papiret seks tilsette.

Men pengemangel gjer at dei ikkje får dekt inn når tilsette er ute i permisjonar og liknande. Det gjer at dei no i praksis berre er fire.

Det fører til at politistasjonen i periodar er ubemanna.

– Eigentleg skal det vere folk på jobb her no, men vi har hol i turnusen som gjer at ingen er på jobb, seier tenestestadsleiar Vegard Andersen.

Stillingane er med andre ord ikkje kutta, men dei blir ikkje erstatta.

Samtidig blir det færre og færre stillingar i politidistrikta, viser ferske tal frå politidirektoratet.

Politiforum har tidlegare skrive om dette.

Færre og færre politifolk

Sidan mars i fjor har det blitt 375 færre politifolk, viser tal frå politiet. I alt har 320 årsverk blitt kutta.

Berre sidan i fjor har 44 stillingar i Vest politidistrikt ikkje blitt erstatta. Desse kjem i tillegg til hola i turnusen som ikkje blir dekt inn. Det uroar Politiets Fellesforbund.

– Vi er spesielt uroa for auka åleinearbeid. Det går utover tryggleiken til den enkelte og det psykososiale. Det er viktig å vere ein del av eit kollegium, seier Olve Ekeli Nystuen i Politiets Fellesforbund.

Fellesforbundet seier det har vore vanskeleg å få oversikt over akkurat kor mange stillingar som står vakante som ikkje blir bemanna opp på dei ulike tenestestadane i Vest, men at det gjeld alle kontora.

Tomt på politistasjonen i Sogn

TOMT: Ingen er på jobb den dagen NRK besøker politistasjonen i Vik. Det er vanleg kost, seier tenestestadsleiaren.

Foto: Oda Flaten Lødemel

Andersen i Vik stadfestar at det blir travlare dagar for dei få som er på jobb - om det er nokon i det heile tatt.

Han får støtte av tenestestadsleiarar ved andre politistasjonar.

– Det blir større arbeidspress på den enkelte, samt tøffare prioriteringar, seier Kristoffer Jorddal Lønning i Høyanger,

Han legg til:

Men mest av alt går det utover beredskapen. Politiet skal vere for publikum, men det får vi dårlegare evne til med mindre politifolk.

Pengemangel

Ein stor del av dei totale kostnadane i politidistrikta går til lønsutgifter.

Politiets Fellesforbund kallar det eit paradoks at det er holete vaktplanar og færre politifolk i distriktet, samtidig som over 800 av dei som har gått ut av politihøgskulen dei siste åra, står utan jobb.

– Vi har ei stor økonomisk utfordring i Vest politidistrikt, som direkte går utover bemanning og talet på tilsette, seier Dag Fiske, politisjef i Sogn og Fjordane.

Dag Fiske foran kart av Sogn og Fjordane

Politisjef for Sogn og Fjordane, Dag Fiske, etterlyser meir pengar for å kunne bemanne opp.

Foto: Martin Værum Anda

Færre på jobb går utover beredskapen, og frå før av har dei problem med å nå responstidskrava.

Mangel på pengar, gjer at dei må halde stillingar ledige, og ikkje får tilsett i vikariat. Fiske meiner dei rett og slett har for låge budsjett.

Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, svarar at han «håpar ikkje dette går utover beredskapen totalt sett, men at det sikkert gjer det på marginen».

– Det er absolutt inga krise i Vest, men krevjande for oss fordi mannskapa må strekke seg litt ekstra, stå på litt meir og leve med noko lågare bemanning enn vi skal ha i ein periode, seier Songstad.

Han peikar likevel på at politiet, spesielt i 2023, har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon som har ført til at alle politidistrikt har bemanna ned.

Les også Fire av fem politistudenter får ikke fast jobb etter studiene

Aurora Simone Steinvik Rønning studerer ved politihøgskolen i Bodø.

Politiet skal prioriterast

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum svarar via kommunikasjonsrådgjevar i ein e-post at ei satsing på politiet har blitt tydeleg prioritert i revidert nasjonalbudsjett.

– Vi legg no opp til ei kraftfull styrking av politiet, ikkje minst fordi vi ønskjer å styrke innsatsen mot gjengkriminalitet.

Politiet får 1,6 milliardar kroner for å styrke grunnfinansieringa og auke innsatsen mot organisert kriminalitet og kriminelle gjengar.

– Pengane skal også gå til å kjempe mot narkotikakriminalitet slik at folk i heile landet skal føle seg trygge i sine nærmiljø, svarar Vedum.

Men akkurat korleis desse pengane vil hjelpe på bemanningssituasjonen, er uklart enno.

Hallvard Holm Brenna, fungerande avdelingsdirektør i Politidirektoratet, svarar at politiet har stått i ein krevjande økonomisk situasjon, og derfor må tilpasse talet på tilsette til budsjettramma.

– Desse utfordringane har regjeringa lytta til, når dei no tildelte politiet ekstra midlar i revidert nasjonalbudsjett. No går det føre seg ein prosess med å fordele og bruke desse pengane i politiet, seier Holm Brenna.

Les også Politistudenter møter stengte dører: – En tragedie for hele landet

Politipatrulje gående i Sandefjord

Hei!

Kjenner du deg utrygg fordi det blir færre politifolk, eller merker du lite til det? Har du tips eller innspel til denne saka, eller andre saker, så ta gjerne kontakt med meg.

Eg har tidlegare skrive om politet som måtte betale tilbake fartsbøter i ei ulovleg 40-sone på Stord.