Hopp til innhold

Gledde seg over nyopna politikontor i Salangen – men få har besøkt det

Salangen politikontor har vore lite besøkt sidan dei opna dørene for publikum i slutten av april. Sp-politikarane meiner likevel det er rett å opne opp nedlagde politikontor.

Ei marsipankake med blomster og "Salangen politistasjon" påskrevet er i front av bildet. I bakgrunnen ser vi to politibetjenter ved skrivebordene sine.

Den offisielle opninga av Salangen politikontor blei feira med marsipankake. Kontoret har vore ope i vel ein månad, og til så lenge har det ikkje vore mange besøkande innom.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

– Vi har venta lenge på å få politiet til Sjøvegan. Vi ser verkeleg fram til å få auka nærværet av politiet i samfunnet, seier ordførar i Salangen, Simon Løvhaug (Sp).

Fredag var det offisiell opning av Salangen politikontor, eit kontor som blei nedlagt som eit resultat av politireforma av 2016. Da blei talet på politidistrikt meir enn halvert, og 125 tenestestader blei lagde ned.

Senterpartiet gjekk til val på å opne opp fleire av kontora, og nå er kontoret i Salangen eitt av 20 som opnar igjen i ei litt anna form.

Ordfører i Salangen, Simon Løvhaug, står foran en politibil med ordførerkjedet på seg.

Ordførar i Salangen, Simon Løvhaug (Sp) seier dei har venta lenge på å få politiet tilbake til Sjøvegan.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

Sandra Borch (Sp) sit i justiskomiteen på Stortinget og er sjølv frå nabokommunen Lavangen. Partiet hennar har lenge kjempa for å opne opp kontoret.

Ho seier det er fleire årsaker som gjer det viktig med politikontor i lokalmiljøa.

– Det handlar om at politiet skal vere nært folk. Det er viktig at innbyggarane kjenner ein har nærleik og kan komme hit. Men det er også viktig at politiet er ute blant folk, da trur eg også folk kjenner seg nærare politiet, seier Borch.

Åpning av Salangen

Det var god stemning da politikontoret hadde offisiell opning på fredag.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

Mykje blir gjort på nett

– Samfunnet endrar seg i eit stadig høgare tempo, og politiet må også ta innover seg samfunnsutviklinga. Så er vi opptatte av samfunnstilbodet til publikum og å gi like tenester, seier leiar for Midt-Troms politistasjonsdistrikt, John-Kåre Granheim.

Det er tilsett fem politibetjentar som betener kontoret to dagar i veka. Dei andre dagane skal dei vere ute på patruljar.

– Nå vil vi få eit større nærvær i Salangen, Lavangen og Ibestad, seier Granheim.

Politistasjonssjef i Midt-Troms, John-Kåre Granheim, står i døråpninga til Salangen politikontor. Ved siden av døra henger et svart skilt det står Politi på.

Politistasjonssjef i Midt-Troms, John-Kåre Granheim inne på Salangen politikontor.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

Sjølv om det var offisiell opning fredag, så har kontoret i Salangen vore ope for publikum sidan slutten av april. Ikkje mange har komme innom sidan da.

– Men det er noko vi ser overalt. Folk venner seg til andre måtar å kontakte politiet på, og behovet er ikkje like stort som det ein gong var for direktekontakt med publikum, seier Granheim.

Salangen politistasjon

Det nye politikontoret er lagt til kommunesenteret Sjøvegan.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

Statssekretær Sigve Bolstad (Sp) i Justis- og beredskapsdepartementet meiner likevel det er rett å få fleire politikontor tilbake i drift.

– Vi har opna opp 20 stader etter ønske frå ordførarar og kommunar, og det var langt fleire enn det som ønskte politikontor. Regjeringa har gått inn med friske pengar, så dette er eit tillegg til dei andre viktige oppgåvene som blir gjorde på ein god måte i Troms, seier Bolstad.

Sigve Bolstad

Statssekretær Sigve Bolstad (Sp) meiner det er rett å opne fleire politikontor i Noreg.

Foto: Kari Anne Skoglund / NRK

Salangen-ordførar Simon Løvhaug synest det er viktig at det er politi med arbeidsstad i kommunen deira.

– Det viktigaste er at politiet skal bygge lokalkunnskapen og ha kjennskap til lokalsamfunnet, og at ein veit kva som rører seg i Salangen så ein kan vere tidleg ute med førebyggande tiltak. Det er lettare å gjere det frå Sjøvegan enn frå Bardufoss eller Tromsø, meiner ordføraren.

Les også Nærpolitireformen: – De er ikke her for oss som bor ute ved kysten

Jeanethe Paulsen fra Mehamn har tatt loven i egne hender og bruker hårføneren for å skremme folk til å kjøre saktere.