Hopp til innhold

Amerikansk og kinesisk selskap rauk ut av havvindkonkurranse

Totalt sju aktørar ville bygge ut havvind i Sørlege Nordsjø II, men berre fem selskap går vidare i konkurransen.

Floating Wind Days

VINDKRAFT: Statsminister Jonas Gahr Støre på ein festival for for flytande havvind i fjor.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fem aktørar har kvalifisert seg for å delta i auksjonen om havvind i Sørlege Nordsjø II.

Auksjonen opnar måndag 18. mars, melder Energidepartementet.

Selskapa som går vidare i auksjonen er:

  • Aker Offshore Wind, BP og Statkraft
  • Equinor og RWE
  • Norseman Wind (Energie Baden-Württemberg AG)
  • Shell, Lyse og Eviny
  • Ventyr (Parkwind og Ingka)

Opphavleg var det sju selskap som ville vere med å bygge ut havvind i Sørlege Nordsjø II, som ligg ved havgrensa til Danmark.

Kart som viser to felt som er åpnet for havvindutbygging allerede, Sørlig Nordsjø II og Utsira Nord.

Sørlige Nordsjø II er den blå ruta nede ved danskegrensa. I oktober lanserte EU ein ny vindkraftpakke som blir beskriven som ei handsrekking til ein vindkraftindustri i krise.

Foto: NVE

– Eg ser fram til ein god auksjon, seier energiminister Terje Aasland.

Målet til regjeringa er at området skal sørge for 30.000 MW havvindproduksjon innan 2040.

Om nokon faktisk leggar inn bod i auksjonen, er likevel eit ope spørsmål.

Stortinget vil maksimalt subsidiere satsinga med 23 milliardar kroner over 15 år, noko som svarer til at kvar kilowattime blir sponsa med 22 øre ved normal produksjon.

Om det er tilstrekkeleg til å stimulere investeringslysta, er ikkje gitt.

Les også Havvind kan koste deg og meg «fleire titals milliardar»

Havvind til besvær

Kan koste 80 milliardar kroner

Statsråden har uttalt at både Equinor og Statkraft bør ha «musklar» til å gjennomføre utbygginga, men så seint som i januar uttalte Statkraft-sjefen at SN II er eit «marginalt prosjekt» som det var vanskeleg å finne lønnsemd i.

Under Oslo Energy Forum torsdag snudde konsernsjefane i Equinor og Statkraft seg og kikka bakover i salen da energiminister Terje Aasland peika dei ut som potensielle spydspissar i havvind-satsinga.

«Med ein viss humor signaliserte dei to at dei tilsynelatande lurte på kven Aasland snakka om», rapporterte Aftenposten.

Bakgrunnen var ein ny rapport frå svenske storbanken SEB som estimerer at Sørlige Nordsjø (SN II) kan krevje så mykje som 7 milliardar euro (nær 80 milliardar kroner) i investeringar.

Une Bastholm MDG
Frederik Ringnes / NTB

Une Bastholm, MDG

– Det er grunn til jubel når fem solide aktørar kan vere med i auksjonen for dette første havvindprosjektet i norsk historie. Nå blir det ein auksjon kor den som tilbyr lågast pris skal vinne, men eg vil oppfordre alle aktørane til også å tenke ambisiøst, innovativt og heilskapleg om natur og miljø frå start, slik Stortinget har ønskt. Sjølv om alle dei fem konsortia har bestått minstekrava til miljø i prekvalifiseringa, håpar eg dei gjer auksjonen også til ein konkurranse om å gjere Noreg leiande på naturpositiv energiutbygging. Det er ikkje alltid dyrare å hjelpe naturen, og det vil bli lagt merke til internasjonalt om ein klarer å finne løysingar som vernar sjøfugl, fiskebestandar og marint liv, og gjer prosjektet naturpositivt.

Jon Evang, bransjedirektør for havvind i Fornybar Noreg
NRK

Jon Evang, bransjedirektør for havvind i Fornybar Noreg

– Vi er glade for at fem sterke konsortium har prekvalifisert seg for å delta i auksjonen om å bygge Noregs første fullskala havvindanlegg på Sørlige Nordsjø II. Det er færre enn opphavleg føresett, men nok til å sikre eit aktørmangfald, og eit akseptabelt tal tatt i betraktning den krevjande fasen havvind er inne i. Nå blir det veldig spennande å sjå kor mange som deltar i auksjonen 18. mars. Vi håpar Sørlige Nordsjø II kan tildelast da, men det er slett ikkje gitt at det blir deltakarar i auksjonen.

Roger Pedersen, direktør havvind i Offshore Noreg
Offshore Norge

Roger Pedersen, direktør havvind i Offshore Noreg

– Det er gledeleg at fem søkarar har blitt kvalifiserte for å delta i auksjon om havvind i Sørlige Nordsjø II. Vi veit at vilkåra for å bygge ut Sørlige Nordsjø II er krevjande, så det blir derfor spennande å sjå korleis auksjonen vil gå føre seg. Den krevjande kostnadssituasjonen for havvind og vilkåra for Sørlige Nordsjø II var ei forklaring på kvifor fleire av konsortia som hadde planlagt å delta i prekvalifiseringa valde å trekke seg frå søknadsprosessen. Nå er fem konsortium kvalifiserte for å delta i auksjon, og det er gledeleg.

BKd3RMEKp2w
NTB

Terje Aasland, energiminister

– Me har bestemt at me gjennomfører auksjon, og den opnar 18. mars. Eg ser fram til ein god auksjon mellom desse selskapa. Dei fem som er prekvalifiserte meiner eg er veldig sterke konsortium, med store moglegheiter for å bygge ut Sørlige Nordsjø II på ein god måte

Ikkje aktuelt å usette auksjonen

Energiministeren har likevel presisert at det ikkje er aktuelt å usette auksjonen, slik Norske Shell, Eviny og Lyse har bede om.

Les også Borten Moe om klimakutt: – Det grønne skiftet er galskap satt i system

Vinnaren skal signere kontrakten seinast fire veker etter at auksjonen er avslutta. Om vinnaren trekker seg, ventar ei bot på 400 millionar kroner.

I tillegg kjem eit gebyr på 2 milliardar kroner om vinnaren stoppar utbygginga på eit seinare tidspunkt.

Energinettstaden Europower minner om at fleire aktørar, inkludert Equinor, har valt å ta større bøter enn dette for å kome seg ut av kostbare avtaler.

Arvid Nesse, leiar i Norwegian Offshore Wind, er likevel optimistisk:

Med denne auksjonen tar vi viktige steg framover i utviklinga av havvind i Noreg. Vi ønsker konsortia som deltar lykke til.

Les også Stor spenning rundt havvind-satsing: Desse sju søkte om å byggje ut

Illustrasjon av området Sørlige Nordsjø 2

Les også Usemje om havvind vil gje straum i Noreg innan 2030

Dudgeon offshore wind