Hopp til innhold

Tar vegval utan å spørre miljørørsla

Miljøorganisasjonar er ikkje invitert inn i utvalet som prioriterer framtidige vegprosjekt.

Hordfast-illustrasjon ny

KLIMAFIENDTLEG? Nye Hordfast kjem til å auke klimautsleppa, fryktar miljøorganisasjonar.

Foto: Illustrasjon / Statens Vegvesen

Medan fleire av dei største vegprosjekta i noregshistoria er under planlegging på Vestlandet, er ingen klimaorganisasjonar med i utvalet som seier kva prosjekt som bør prioriterast.

– Utbygging av nye vegar er ikkje primært ei sak for arbeidslivet. Det er primært ei stor utfordring for vår felles klode. Då tenker eg det er naturleg at miljøorganisasjonar tar del i arbeidet, seier Marthe Hammer (SV), nestleiar i miljø- og samferdsleutvalet i Hordaland.

– Tar ikkje inn over seg klimautfordringa

Både EU og Noreg har eit mål om å kutta utsleppa av klimagassar med minst 40 prosent frå 1990-nivå innan 2030. Blant klimagassverstingane er den norske transportsektoren.

Hammer meiner miljørørsla blir forbigått når politikarar og lobbyistar teiknar Noregs framtidige vegkart.

Det gigantiske Hordfast-prosjektet er berre eitt av mange vegprosjekt som er under planlegging i Hordaland.

Marthe Hammer SV

GLØYMD: Nestleiar i miljø- og samferdsleutvalet i Hordaland, Marthe Hammer meiner miljørørsla blir forbigått.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Difor har Hordaland fylkeskommune etablert eit utval saman med Bergen kommune og Bergen næringsråd. I partssamarbeidet sit også LO og NHO. Målet er å gi Stortinget innspel til korleis dei skal prioritera prosjekta i Nasjonal transportplan (NTP), ein plan som går over tolv år.

Men i utvalet som skal prioritera dei viktigaste samferdsleprosjekta for Hordaland, er ingen miljøorganisasjonar med.

Mellom anna har Fylkesmannen kome med krass kritikk mot planane.

Hammer meiner LO og NHO sitt engasjement for bruene og motorvegen i Hordfast-utbygginga viser det motsette av miljømedvit.

– Dei tar ikkje nok inn over seg klimautfordringa.

– Kjenner ikkje til kva LO jobbar med

Distriktssekretær Roger Pilskog i LO Hordaland avviser kritikken.

– Ein slik kritikk må vera reist på bakgrunn av at dei kjenner lite til kva LO arbeider med. LO har eit tydeleg arbeid for å nå klimamåla, seier Pilskog.

Roger Pilskog, distriktssekretær LO Hordaland

DISTRIKTSSEKRETÆR: Roger Pilskog i LO Hordaland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han viser til at mange ureine dieselferjer blir erstatta, og at bilparken i framtida vil bli monaleg mindre avhengig av fossilt drivstoff.

Hammer meiner på si side at prioriteringa av Hordfast er i strid med internasjonale og lokale klimamål (ekstern lenke).

– Den påstanden er basert på ein føresetnad om at alle bilar i all framtid skal halda fram å bruka fossilt drivstoff. Slik er det ikkje, seier Pilskog.

Regiondirektør i NHO Hordaland, Tom Knudsen, skriv i ein e-post til NRK at han ikkje vil blanda seg inn i kven fylkesordføraren inviterer med seg inn i utvalet.

Han poengterer at medlemsbedriftene i NHO er svært opptekne av klimautfordringane.

Øyvind Halleraker og Anne Gine Hestetun etter frukostmøte med Bergen Næringsråd

BRUBYGGJARAR: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun og dagleg leiar i Hordfast AS Øyvind Halleraker (t.v.).

Foto: Christian Lura / NRK

– Utfordrande å finna riktig representant

Fredag arrangerer fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) eit ope heildagsmøte, der målet er å hausta innspel til korleis Hordaland kan påverka arbeidet inn mot neste NTP.

Om eitt år skal nemleg fagetatane legga fram nytt forslag til NTP.

Hestetun meiner innspelet frå nestleiaren i samferdsleutvalet er interessant.

– Men kva for miljøorganisasjonar skal med? Kven kan representera alle interesser? Det er utfordringa, men det er ingen tvil om at klima er viktig i diskusjonar om transportbransjen.

Meiner du omsynet til klimautfordringa burde ha vorte diskutert i ei slik gruppe, sett i lys av klimamåla FN og Noreg har sett seg?

– Miljørørsla si deltaking i samarbeidet blei så vidt eg hugsar ikkje diskutert førre gong. Men at dei får vera med, er ei løysing som kan verka fornuftig, seier Hestetun.