Hopp til innhold

Gir 300 millionar kroner til sikrare ferdsle mellom Voss og Bergen

Regjeringa set av pengar i statsbudsjettet for 2024 til fellesprosjektet Arna-Stanghelle, slik at det kan gjerast klart til oppstart. – Magiske ord, seier ordføraren i Voss.

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum

GIR PENGAR: Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum kom med pengane i Arna i dag.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Det var mange smil og uvanleg god stemning då eit titals politikarar møtte opp ved jernbanestasjonen i Arna i dag. Å få oppgradert denne strekninga har vore etterlengta hos mange i årevis.

Prosjektet som er kalla K5 består av ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss. Strekninga Arna-Stanghelle har vore planlagt som første byggetrinn.

– Ikkje lenger diskusjon

– Det aller viktigaste som kom i dag er dei magiske orda at Arna-Stanghelle skal byggast. Det har statsminister og finansminister no stadfesta. Dette er veldig bra, seier ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøb (Ap) i Voss.

– Er du heilt sikker?

– Eg er heilt sikker. Ein kjem ikkje utanom det. Vegen og jernbanen held ikkje mål, og vi kan ikkje ha det sånn. Vi må bygga nytt. Punktum.

– Kor havnar denne dagen i historiebøkene?

– Det blir den dagen det ikkje lenger var nokon diskusjon knytta til ny veg og bane mellom Bergen og Voss, seier ordføraren.

Ringkjøb gir seg snart som ordførar, og seier at han har tenkt på denne saka kvar einaste dag i dei tolv åra han har hatt vervet.

– Det er utruleg godt å få vera med på å setja punktum.

– Stort behov

– Denne strekninga er viktig for heile Sør-Noreg. I dag er den prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar og skredutsette område, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Regjeringspartia Ap og Sp seier dei prioriterer strekninga mellom Bergen og Voss fordi dagens veg og toglinje gir ein lite effektiv og framkommeleg reiseveg, og at det er mange ulykker på strekninga.

– Difor prioriterer vi pengar i statsbudsjettet for neste år. Det er eit tydeleg signal om vår ambisjon om å gjennomføre Arna-Stanghelle, seier han.

Pressekonferanse om K5-prosjektet

Det var kakefest og svært god stemning i lokala til Bane Nor i Arna sundag ettermiddag.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Full framdrift

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at det er viktig at desse pengane kjem.

– Det betyr full framdrift og at det no skal skje noko. Alle ser kor dårleg denne strekninga er, og ho er også eit viktig nasjonalt prosjekt for sikker transport aust-vest, seier han.

Gjennom prosjektet ønskjer Statens vegvesen og Bane Nor å utarbeide ei ny løysing for veg og bane som er tryggare, raskare og meir føreseieleg.

Den statlege reguleringsplanen vart godkjent i vår. No pågår ein ny runde med kvalitetssikring av prosjektet. Det er skissert ein mogleg byggestart i slutten av 2024.

Hans-Erik Ringkjøb

Ordførar i Voss Hans-Erik Ringkjøb var i strålande humør og feira med eit stykke K5-kake på sundagens pressekonferanse.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Skepsis i SV

Når jubelen har lagt seg etter pressekonferansen, kjem SV i Vestland og Vaksdal med ein litt kjøligare reaksjon.

I ei pressemelding seier partiet at dette ikkje er godt nok eller forpliktande nok.

Skal ein sikre oppstart av prosjektet i høve dei planar som no er utarbeidd, må det kome eit investeringsvedtak i statsbudsjettet hausten 2023, seier fylkesordførarkandidat Marthe Hammer og ordførarkandidat i Vaksdal Kjartan Haugsnes.

Dei skriv vidare at regjeringa legg over ansvaret for realisering av K5 til SV.

No vert det opp til SV å forhandle på plass 300 millionar kroner ekstra i 2024 og gjere vedtak om oppstart i høve vedteken NTP. Dette minner mest om oppstart av budsjettforhandlingar meir enn oppstart av K5, seier dei.

Også Høgre sin ordførarkandidat i Bergen, Marit Warncke, meiner det burde ha kome meir enn 300 millionar kroner.

– Vi treng det dobbelte for å få til oppstart i 2024, seier ho til Bergens Tidende.

Les også: : Statsbudsjettet: Pengar til «Noregs verste veg»

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle blir Norges største tunnelprosjekt. Foto: Red Ant/Statens vegvesen

Ny E16 og ny jernbane mellom Arna og Stanghelle skal gjera vegen sikrare mot ras, og korta ned reisetida.

Illustrasjon: Red Ant / Statens vegvesen