Hopp til innhold

– Ferjefri kyststamveg trugar internasjonalt verdifull regnskog

Fylkesmannen i Hordaland slaktar planen om ferjefri E39 med motorveg og bruer sør for Bergen. – Det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid trugar sjeldne regnskogtypar av internasjonal verdi.

Lars Sponheim

KRITISK: Fylkesmann Lars Sponheim meiner fire felts motorveg over Tysnes er for dårleg planlagd og trugar vestnorsk regnskog som er unik i verdssamanheng.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

Hordfast er ein del av det største vegprosjektet i norgeshistoria – ferjefri kyststamveg frå Kristiansand via Stavanger, Bergen og Ålesund til Trondheim.

Statens vegvesen sitt forslag til statleg kommunedelplan for Hordfast har no vore på høyring. Fylkesmannen i Hordaland er blant dei aller tyngste høyringsinstansane, og kritiserer både planen og planarbeidet.

Dette prosjektet blir truleg det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid.

Fylkesmann Lars Sponheim

Ikkje visualisert godt nok

– Vi er mindre nøgd med korleis Vegvesenet har prøvd å visualisera dei omfattande landskapsinngrepa ein firefelts motorveg vil føra til i dei sårbare kystområda, skriv fylkesmann Lars Sponheim i sitt høyringssvar.

Totalt er det registrert 105 naturtypelokalitetar innanfor planområdet i kommunane Stord, Tysnes og Os. 76 av desse er heilt nye og vart funne under utgreiingsarbeidet til konsekvensutgreiinga. I 2015 vart det også dokumentert førekomst av den freda augestikkaren stor torvlibelle ved Buavågtjørna sør for Bårdsundet.

Flytebru over Bjørnafjorden, E39

FERJEAVLØYSING: Bru over Bjørnefjorden mellom Tysnes og Os er den viktigaste delen av Hordfast som skal erstatte tre ferjer i Sunnhordland.

Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

Sjeldan regnskog på Tysnes

– Reksteren-Nese på Tysnes er i ei særstilling. Området har ein sjeldan høg konsentrasjon av boreonemoral regnskog (ei sjeldan blanding av bar- og edellauvskog) i tillegg til kystmyr og sumpskogar som begge er truga naturtypar.

Denne regnskogen er ein type temperert kystfuruskog som er sterkt truga ifølge den nasjonale raudlista for naturtypar.

– Reksteren-Nese utgjer kjerneområdet for denne regnskogtypen i Noreg og verda. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å forvalta både den og kystmyr, skriv Sponheim.

Er det verkeleg gjort det som er mogleg for å unngå å øydelegge svært viktig naturmangfald?

Fylkesmann Lars Sponheim

Trasévalet for Hordfast som Statens vegvesen tilrår (alternativ B) vil på Tysnes råka heile 40 viktige naturtypar av nasjonal og internasjonal verdi som vi har eit særleg forvaltningsansvar for, skriv Fylkesmannen.

– Sterkt uheldig

Ti av naturtypane er truga regnskogar, tolv er kystmyrar og to er sumpskogar. Regnskogane på Tysnes er som regel svært små område, og typisk lokalisert oppunder nordvende berghamrar med lite sol og fuktig luft.

– Det er sterkt uheldig. Er det verkeleg gjort det som er mogleg for å unngå å øydelegga svært viktig naturmangfald? I somme parti kan det sjå ut som om vegen berre er planlagt ut frå tekniske rammer åleine, ifølge Sponheim.

Hordfast, alternativ F: Søreidstjørnkrysset på Tysnes

– IKKJE GODT NOK: Fylkesmannen i Hordaland meiner den føreslegne traséen ikkje tar godt nok omsyn til naturverdiane.

Foto: Ill: Henrik Bekkewold/Statens Vegvesen

– Utan at ein gjer tilpassingar av trasé, tunnelløysingar og kryss vil konsekvensane på naturmangfald bli massive. Prosjektet står førebels i sterk kontrast til dei nasjonale måla om å redusera den negative utviklinga på truga artar og naturtypar.

Fryktar utbyggingspress

Fylkesmannen meiner også at ny veg i denne delen av Tysnes vil føra til eit sterkt utbyggingspress på attverande naturområde, og ei ytterlegare nedbygging og fragmentering av svært viktig natur.

Vi er mindre nøgd med korleis vegvesenet har prøvd å visualisera dei omfattande landskapsinngrepa ein firefelts motorveg vil føra til.

Fylkesmann Lars Sponheim

– Det vil derfor vera nødvendig å etablera økologiske kompensasjonsområde i form av fleire nye naturreservat på grunn av ny firefelts E39.

Statens vegvesen har planlagd fleire kryss på strekninga Ådland-Gjøvåg. Fylkesmannen understrekar at vegkryss i motorvegsamband gjev særs store inngrep og legg beslag på store areal i sårbare småskala kystområde.

Om lag null samfunnsnytte

Ifølge fylkesmannen går det fram av plandokumenta at Hordfastprosjektet er rekna å ha ein netto nytte tilnærma lik 0, sjølv om ein har lagt til grunn ein særs kraftig trafikkauke ved nytt samband – om lag ei femdobling frå dagens ferjetrafikk.

Fylkesmannen meiner vegvesenet sine prognosar om forventa trafikkvekst er misvisande.

Han viser til at Tysnes-Os har eit mykje lågare trafikkpotensial enn andre samband Vegvesenet har samanlikna med, at det meste av trafikken mellom Stord og Bergen er fritidstrafikk, ikkje pendling- og arbeidsreiser, og at trafikken over ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg har flata ut og i seinare tid gått ned.

– Særleg er vi kritisk til at ein ikkje har rekna effekt av bompengar som vil kunne få stor avvisingseffekt. Bompengesatsane vil bli særs høge. Vi meiner at prognosane for trafikk bør reviderast.

Vegvesenet sine prognosar om forventa trafikkvekst er misvisande

Fylkesmann Lars Sponheim

Fylkesmannen konkluderer at kommunedelplanen gjev ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag til å detaljregulera endeleg vegsystem, og krev ei meir skånsam løysing med utgangspunkt i B-alternativet.