Hopp til innhold

Stod på rulleskøyter i ny E39-tunnel

Natt til måndag stod uvedkomande på rulleskøyter i den nye Lyshorntunnelen som snart skal opna på nye E39 mellom Bergen og Os. Dette øydela ein såkalla «stilleperiode» med testar som må gjerast for å få vegen godkjent, skriv Vegvesenet i ei pressemelding. Dei skal blant anna testa forskjellige sensorar og det elektriske anlegget. Vegvesenet opplyser at opningsdatoen 21. oktober kan bli utsett viss dette skjer fleire gonger. Dei vurderer å politimelda hendinga.

Slik blir tunellen mellom Bergen og Os.

Sjå video: Milliardtunnelar halverer køyretida

Om ikkje lenge kan du køyra i 100 kilometer i timen på nye E39 mellom Bergen og Bjørnafjorden. Vegprosjektet er det dyraste som er bygd i Vestland.