Hopp til innhold

Svak krone skaper trøbbel for eksportbedrifter

Låg kronekurs betyr høgare inntekter for norske eksportbedrifter. Men no seier fleire at det kan bli for mykje av det gode.

Elin Tveit Sveen

BLIR ETEN OPP: Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk seier kronekursen gjer at ho får meir att for kvar laks, men at gevinsten blir eten opp av høgare kostnadar i den andre enden.

Foto: NRK

Det er ikkje gunstig slik det er no, seier Elin Tveit Sveen, som eig og driv Marø Havbruk på Svanøy utanfor Florø.

Ho får meir att for kvar laks, men forklarer at gevinsten blir eten opp av dyrare innkjøp i den andre enden, som utgifter til medisin og fiskefôr.

Det vi ønskjer er stabilitet. Ikkje desse svingingane, sjølv om dei nokre gonger slår heldig ut.

Det siste halvåret har norske bedrifter fått 12 prosent meir for varer dei eksporterer til kundar som handlar med euro.

Forklaringa er den svake krona, som gjer at bedriftene får fleire kroner for kvar euro dei vekslar inn.

Og meir lukrativt kan det bli. I Dagens Næringsliv blir det spekulert i at eurokursen kan komme opp i 14 og 15 kroner.

Men ingen tre veks inn i himmelen, og no rapporterer fleire eksportbedrifter at kronekursen har nådd eit nivå der dei helst ser at han snur.

Ikkje spesielt hyggjeleg

Forklaringane på at «det kan bli for mykje av det gode» er fleire:

  • Om bedriftene får 12 prosent meir for varene dei eksporterer, må dei også ut med 12 prosent meir for varene dei importerer frå same valutaområde.
  • Den såkalla frontfagsmodellen gjer at låg kronekurs skaper lønnsvekst som i sin tur aukar inflasjonen. Torsdag viste nye modellberekningar frå Finansdepartementet at konsumprisen kan auke med 1,25 prosent det neste året.
  • Låg kronekurs gjer det vanskelegare å rekruttere utanlandsk arbeidskraft (som får lønna si i norske kroner).
  • Store svingingar i valutamarknaden gjer det vanskelegare for bedriftene å planleggje langsiktig.
Midt-Norsk Havbruk

– Det er fleire negative effektar med svak kronekurs. Det beste er ein middelveg med ok prisar og jamn og god etterspurnad, seier Erlend Vassbotten i Steinvik fiskefarm.

Foto: Midt-Norsk Havbruk

Ingen av medlemmene eg har snakka med synest valutasituasjonen er spesielt hyggjeleg, seier Sigvald Sveinbjørnsson.

Han er dagleg leiar i Maritime Bergen, som jobbar med å vareta interessene til den maritime næringa i Vestland.

Vestland har 43 kommunar, alle med kystlinje, og er det største eksportfylket i landet med rundt 20 prosent av den totale fastlandseksporten.

Tilsvarande signal kjem Asle B. Strønen, som er dagleg leiar i Norske skipsverft, som organiserer fleire verft langs kysten.

Kronekursen er utfordrande, seier han.

Han viser til at innkjøp frå utlandet blir dyrare og at kronekursen går utover kjøpekrafta til gjestearbeidarane i bransjen, som i all hovudsak kjem frå Polen.

Om krona svekkjer seg meir mot polske zloty, blir det endå større utfordringar med å få tak i folk.

Les også Sentralbanksjefen svarte politikerne: – Krona kan svekke seg mer

Pressekonferanse om rentebeslutning i Norges Bank

Ny reform: Hele Noreg eksporterer

Førre veke lanserte fiskeriministeren og næringsministeren andre del av reforma Hele Norge eksporterer.

Den nye satsinga består av ti tiltak skal bidra til å auke norsk eksport med 50 prosent innan 2030 (olje og gass unnateke).

Næringsminister Jan Christian Vestre held ein presentasjon foran ein sal full av folk. På skjermen bak han kan ein lese orda "Hele Norge eksporterer".

– Vi må posisjonere oss i den globale marknaden. Lykkast vi dette tiåret, lykkast vi dei neste femti, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) då han la fram reforma Hele Noreg eksporterer.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kristine Kopperud Timberlid er leiar for Innovasjon Noreg Vestland, som er til for å «hjelpe alle norske bedrifter med eksportambisjonar».

Ho seier «kronepinen» slår ulikt ut, og deler medlemsbedriftene i tre kategoriar:

  • For den maritime industrien, som importerer skrog og andre store konstruksjonar, slår den svake krona negativt ut.
  • For oppdrettsnæringa, som ikkje importerer like mange innsatsfaktorar, er den svekte krona i utgangspunktet «ganske gunstig».
  • For bedrifter innan reiseliv, som også er ei eksportnæring, oppmuntrar kronekursen til at utanlandske og norske turistar vel Noreg som ferieland.

Timberlid legg til at næringslivet har vorte flinkare til å sikre seg mot valutakursendringar, og at dette «bidreg til å redusere uvissa noko».

Direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund, seier til NRK at dei ser ein tendens til at fleire bedriftskundar sikrar valutakursen.

– Kraftig kronesvekking gir utfordringar. Svak krone fører til inflasjon og auka kostnadar for heile næringslivet, også for dei som nyt godt av ei svakare krone i det korte biletet, seier han.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Noregs Bank greip inn i valutamarknaden

Under koronakrakket i mars 2020 kollapsa krona og svekte seg med tre kroner mot euroen på to veker.

Den «ekstraordinære situasjonen» gjorde at Noregs Bank byrja å kjøpe opp norske kroner for å styrkje kursen.

Det er einaste gong i nyare tid at Noregs Bank har gripe inn i valutamarknaden, og Ida Wolden Bache har presisert at liknande grep sit langt inne.

Den nye sentralbanksjefen måtte svare på fleire spørsmål om den svake norske krona då ho stilte til open høyring i finanskomiteen tysdag.

Midt-Norsk Havbruk

– No får eksportnæringa kombinasjonen av ein ekstremt ustabil kronekurs og ein stadig meir ustabil skattepolitikk. Det er svært uheldig, seier Alfred Bjørlo (V).

Foto: Midt-Norsk Havbruk AS

I den nye bedriftsundersøkinga frå NAV (publisert 9. mai) svarer 1 av 4 bedrifter at 2023 vil bli eit dårlegare år enn 2022. Det er særleg dei økonomiske forventingane som er låge.

– Du kan snakke med 100 eksportbedrifter, og få hundre ulike svar, seier Knut E. Sunde, som er direktør i Norsk Industri.

I Dagsnytt Atten 3. mai uttalte han at den låge kronekursen «har vorte eit problem».

Han viser til at enkelte bedrifter «får i pose og sekk» med dagens kronekurs, medan andre «loppar seg» på å handle dyre innsatsfaktorar i utlandet.

– Kva tenkjer du om dei meir ytterleggåande spådommane om ein eurokurs på 14 og 15 kroner?

– Heh, vel, det einaste som er sikkert er at vi som kallar oss valutaekspertar er forferdeleg dårleg til å spå.

Svenskane gler seg over rekordsvak norsk krone.