SV: – Norge bør bruke ledig mottakskapasitet til å ta imot fleire kvoteflyktningar

Ikkje på 20 år har så få menneske søkt asyl Noreg. Men ute i verda er framleis 65 millionar menneske på flukt frå krig og konflikt.

Karin Andersen

SV: Karin Andersen er andre nestleiar i kommunal- og forvaltningskomitéen på Stortinget. Dei jobbar blant anna med innvandring og flyktningar. SV vil at Norge skal ta i mot fleire kvoteflyktningar, dei som har FN har bestemt har ekstra behov for beskyttelse.

Foto: Stig Weston / SV

Denne veka melde UDI at dei vil legge ned tre asylmottak, blant andre Jølster asylmottak med 150 plassar. På eitt år har UDI gått frå 39.000 plassar på asylmottak, til 13.000.

Grunnen til at færre kjem til Noreg forklarer Pål Nesse, som er seniorrådgivar i Flyktningehjelpen, er at EU og Tyrkia i 2016 gjorde ein avtale om at Tyrkia hindrar flyktningar å reise til Europa. Med mindre dei blir sende som kvoteflyktningar.

I tillegg er mange av grensene oppover i Europa stengde.

Også regjeringa sin politikk har gjort at færre menneske har søkt asyl i Norge, meiner han.

– Vi opplever litt krisa er litt er ute av syne, ute av sinn i landet. Men den globale flyktningkrisa er ikkje mindre. Derimot større.

Pål Nesse

FLYKTNINGEHJELPEN: Organisasjonen Pål Nesse er seniorrådgivar i, jobbar for det meste med flyktningar ute i felt. Han fortel at det er like mange på flukt no som i 2015, men at færre kjem seg opp til Norge på grunn av stengde grenser.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

Fleire kvoteflyktningar

– Vi må kunne bruke noko av kapasiteten som er ledig i dag til å hjelpe dei som er i nød, seier Karin Anderse frå SV.

Dei meiner Norge skal ta imot 2500 fleire kvoteflyktningar.

– Vi har foreslått at vi både aukar kvoten av FN-flyktningar i nærområda til konfliktane, men også dei som sit i flyktningleir i Hellas. Der veit vi at situasjonen er forferdeleg. Det er mangel på husrom, klede, medisin og mat. Det er ikkje slik at krisa er over, seier Karin Andersen.

Frp: – Viser kor fjernt frå røyndomen SV er

Mazyar Keshvari

FRP: Mazyar Keshvari og Frp seier det er uaktuelt å ta imot fleire kvoteflyktningar i Norge enn vi gjer i dag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Når det i 2015 kom 31 000 menneske på toppen av kvoteflyktningane og familiegjenforeiningane så var det nødvendig å ta grep for å stramme inn. At vi på nytt skal opne opp for at det skal komme tusenvis på tusenvis med flyktningar er heilt uansvarleg, seier Frp sin talsmann for innvandring, Mazyar Keshvari.

Frp vil heller bruke pengane som var berekna på mottaksplassar til å hjelpe flyktningane der dei er no.

– Pengane blir brukt på dei som har komme allereie, og ikkje minst på nærområda. Når det har komme færre asylsøkarar har vi gitt ein halv milliard meir til å hjelpe flyktningar i nærområda, seier Mazyar Keshvari.

Naboland tek imot flest

Europa under eitt har tatt i mot ein flyktning per 500 innbyggarar. Nabolanda til Syria har teke langt fleire.

– Eg er ganske sikker på at det norske folk hadde akseptert å ta imot fleire kvoteflyktningar i tillegg til å gi meir til dei som er i flyktningleirar, meiner Karin Vikane frå SV.

Er det vanskeleg å forstå flyktningkrisa? Leo Ajkic møter dei det gjeld i den prislønte serien «Flukt»:

Norsk dokumentarserie. Leo Ajkic reiser til Libanon, landet der hver fjerde innbygger er flyktning. Han treffer en syrisk flyktningfamilie og følger dem på den viktigste dagen i deres liv. De skal på intervju med norske myndigheter, som kan gi dem et nytt liv i Norge. Hva skal til for å komme igjennom nåløyet? Hvem bestemmer? Og vil familien lykkes? (1:5)