NRK Meny
Normal

– Dette betyr 15 tapte årsverk

Ordførar Oddmund Klakegg seier nedlegginga av asylmottaket på Vassenden rører ved 14–15 årsverk. I tillegg kjem konsekvensar for det lokale næringslivet.

Oddmund Klakegg og Jølster Hotell

SLUTT: Asylmottaket på Vassenden blir trappa ned frå 1. mars og 1. juli står det gamle Jølster Hotell tomt. Ordførar Oddmund Klakegg meiner dette rører direkte ved 14–15 årsverk.

Foto: Ottar Starheim/Aleksander Åsnes / NRK

– Eg har sett litt på det. Det eine mottaket i Jølster skal leggast ned. Her jobbar sju heile årsverk, kanskje litt meir. Så har vi ei norskopplæring i Førde. Jølster betalte 5 millionar kroner til dette i fjor, som betyr cirka fem årsverk.

– Og så er det ei halv helsesøsterstilling knytt til mottaket, og det blir nytta ressursar både på Nav og på legekontoret – ei kommunal stilling til saman.

– I tillegg kjem undervisning i barnehage og skule. Samla sett blir 14–15 årsverk råka, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster.

Konsekvensar

I dag kom meldinga om at asylmottaket på Vassenden skal leggast ned. Aktiviteten skal trappast ned frå 1. mars, og 1. juli er det heilt slutt.

Alle mister jobben på asylmottaket, som skal vere det nest eldste i fylket og som har 130 plassar, 20 sikringsplassar og 30 opsjonsplassar. Plassane er desentralisert mellom Skei og Vassenden, og det gamle Jølster Hotell har 80 av dei.

Bakgrunnen er at regjeringa har bestemt at kapasiteten på asylmottak skal ned fordi den store flyktningstraumen har minska.

Konsekvensane blir store lokalt, ifølge ordførar Oddmund Klakegg.

Oddmund Klakegg

TAP: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster seier heile lokalsamfunnet taper, når mottaket legg ned.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Rotfesta i lokalmiljøet

Mottaket vart oppretta i 2010 og er blitt drive av Norsk Folkehjelp. Ordføraren seier mottaket er blitt rotfesta i lokalmiljøet.

– Det er ein innarbeidd aktivitet som har betydd noko for lokalmiljøet i Jølster. Det er trasig at blir nedbygd.

Han er kritisk til at Staten bygger ned mottakskapasitet.

– Det er ikkje sikkert at det blir like lett å få det på plass att ved neste krise. Flyktningpolitikken er skjør og avheng av at den tyrkiske presidenten held sine lovnader.

– Kva med det lokale næringslivet?

– Butikken på Vassenden er god og klarar seg godt. Men dei vil merke det. Og i neste omgang, kva skjer med hotellet på Vassenden? Det er ein sentral og viktig bygning som blir ståande tom og utan aktivitet.

– Vil kommunen arbeide for aktivitet i hotellet?

– Hotellet har eigarar. Men vi må vere opptekne av kva som skjer vidare med bruken av bygningen. Det er trasig om det skal stå tomt og ubrukt.

– Trist dag

Dagleg leiar Grete Apelseth seier dei har hatt ein trist dag på mottaket.

– Dette er frykteleg for dei tilsette og for dei som har budd hjå oss lenge. Nokre av dei er blitt flytta frå mottak til mottak fordi dei er blitt lagde ned.

Grete Apelseth

TRIST: Dagleg leiar Grete Apelseth ved Jølster asylmottak seier det har vore ein tung dag.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ni personar må no finne anna arbeid. Dette har vore ein god arbeidsplass for mange av oss i sju år. Det er mest lokale folk.

– Det har også vore mykje gråt blant bebuarane. Det er tyngst for dei som har vore her lengst, seier Apelseth.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.