Hopp til innhold

Familien til Joshua (3) blir splitta: – Forstår ikkje at det kan vere til barnets beste

Sosialistisk Venstreparti reagerer sterkt på at familiar blir splitta når Arna mottak i Bergen blir lagt ned. No tek partiet saka til Stortinget.

Mor, far og to born frå Eritrea. Vi møter dei heime i leiligheita dei har på Arna mottak.

BLIR SPLITTA: Foreldra f.v. Merhawit Arafaine og Daniel Gebremish er bekymra for framtida og særleg for sonen Joshua.

Foto: Julianne Flølo

– Eg forstår ikkje kva slags barnefagleg vurdering som ligg bak at det er greitt å splitte familiar i Noreg, seier stortingsrepresentant Karin Andersen (SV).

NRK fortalde denne veka om at familien til treåringen blir delt når Arna mottak i Bergen leggast ned ved årsskiftet.

Mor blir sendt til Jæren og barna må bli med. Far jobbar turnus på eit omsorgssenter i Bergen og kan ikkje ha gutane hjå seg.

Han har opphaldsløyve, mens kona er papirlaus migrant og har fått avslag på opphald to gonger. Samstundes har ikkje Noreg returavtale med heimlandet hennar, Eritrea.

Eldstemann Joshua har venta eitt år på å bli undersøkt for autisme. No ventar truleg ein ny runde med kø når han må bytte adresse.

Byrådet i Bergen har sagt at dei gjerne vil tilby familien såkalla alternativ mottaksplass så dei kan bli i byen.

Men Utlendingsdirektoratet set foten ned for dette.

Totalt er det 143 personar som må flytte når mottaket blir lagt ned.

Merhawit Arfaine og Daniel Grebremish frå Eritrea

FRYKTAR FRAMTIDA: Han har opphald, ikkje Ho. No må Merhawit Arafaine flytte 250 kilometer unna ektemannen Daniel Gebremish.

Foto: Julianne Flølo

Vurderinga av barnets beste

SV tar no saka til Stortinget. Andersen har stilt skriftleg spørsmål til justisminister Monica Mæland (H) om det faglege grunnlaget for vurderinga av kva som er til barnets beste i denne saka.

– Barna har rett til å få vakse opp med begge foreldra. Her er det mogleg å få busetting i Bergen, kommunen har sagt ja. Så det er ingen gode grunner til å nekte dei det.

SV stortingsgruppe

TEK SAKA VIDARE: Karin Andersen, stortingsrepresentant for SV.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

UDI har sagt at deira vurdering av barnets beste har gått på kor vidt barnet kan bu saman med ein eller begge foreldre.

– Sidan barnet har høve til å bu med ein av foreldra, vurderer vi det slik at barnets beste er vareteke, sa Siv Kjelstrup, regiondirektør i UDI Indre Østland, tidlegare denne veka.

UDI seier dei har forståing for at det er ein vanskeleg situasjon for familien, men viser til at mor har fått avslag på søknad om opphald og at dei i utgangspunktet ikkje innvilgar alternativ mottaksplass til personar som har fått avslag.

Utfordrar regjeringa

SV-politikaren meiner innvandringsregulerande omsyn har blitt lagt meir vekt på enn omsynet til barnets beste i saka. Andersen vil difor stille spørsmål til barneminister Kjell Ingolf Ropstad om dette er tråd med KrFs familiepolitikk.

– Noreg bør gjere det vi kan for at dei skal vere trygge saman. Difor spør eg regjeringa om dei ikkje kan løyse ei så enkel sak slik at familien får bu saman, når også Bergen kommune seier ja.

– Dette vil ikkje endre internasjonal flyktningpolitikk, dette handlar om denne vesle familien, seier Andersen.

Kommunalpolitisk talsperson for KrF på Stortinget, Per Sverre Kvinlaug, seier det er vanskeleg å kommentere enkeltsaker fordi dei kan ha moment og juridiske vurderingar dei ikkje kjenner til.

– På generelt grunnlag er det viktig for meg å seie at KrF alltid er oppteken av at barnas beste skal bli vektlagt i møte med alle institusjonar. KrF set arbeidet mot å førebygge familiesplitting høgt på agendaen og vil halde fram med å løfte dette også i framtida, skriv Kvinlaug i ein e-post til NRK.

Far Daniel og sonen Joshua frå Eritrea.

MISTER HJELP: Far Daniel Gebremish er uroa for korleis det skal gå med barna.

Foto: Julianne Flølo

– Stor risiko

Far til Joshua har jobb i Bergen, der han jobbar turnus i ein omsorgsbustad. Det er difor ikkje mogleg for han å ta seg av barna aleine når mor må flytte frå Bergen.

Andersen meiner det ikkje er ei god løysing at han prøver å finne seg jobb i nærleiken av det nye mottaket.

– Det er å legge ein stor risiko på familien. Det er ikkje sikkert han får jobb der, og han har allereie ein jobb. Så kvifor dei ikkje skal få bu saman i Bergen, må regjeringa forklare.

Ho har difor sendt eit skriftleg spørsmål til justisminister Monica Mæland (H), som ikkje ynskjer ikkje å kommentere saka før ho har svart SV skriftleg.